Poststudierett

Poststudierett

NHH opnar for poststudierett for studentar som avsluttar masterstudia våren 2021.

Koronapandemien har medført at arbeidsmarknaden for nyutdanna brått er endra, og mange verksemder har utsett rekruttering og oppstart for nytilsette. Sjølv om kandidatar frå NHH normalt er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden, er situasjonen utfordrande også for dei

Som ein del av NHHs bidrag til å betra situasjonen, vil vi tilby studentar som fullfører MØA eller MRR våren 2021 ein poststudierett som kan brukast til å ta enkeltemne i høgskulens portefølje. Poststudieretten vil tildelast for eitt semester om gangen i inntil eitt år, og gjeld berre for dei nemnde gruppene.

Dette vil til dømes gje studentar som har fullført MØA mogelegheit til ta ein 1-årig MRR-grad, eller utforska ytterlegere fagområde for å auka kompetansen sin.

Dersom du ønsker å ta ein eittårig MRR-grad med tanke på å søke autorisasjon som statsautorisert revisor, må du hugse at det er krav om karakteren c eller betre på alle dei 120 studiepoenga i graden. Det vil seie både dei 60 studiepoenga du tek på poststudierett og dei 60 studiepoenga som vert innpassa frå MØA (30 studiepoeng kurs og 30 studiepoeng masteroppgåve ). Dersom du har fullført MRR utdanning tidlegare er det ei eiga ordning for poststudierett for MRR.

Det vil ikkje vera mogeleg å ta tilgangsavgrensa emne med poststudierett, og det vil heller ikkje vera mogeleg å ta opp igjen emne som allereie er bestått. Melder du deg til gjentak av allereie beståtte emner vil eksamensmeldinga di bli sletta etter oppmeldingsfristen.

Søk poststudierett i søknadsweb frå 18. juni 2021.

Sakhandssamingstida er omlag ei veke. Undervisninga startar i siste halvdel av august. Vi tilrår derfor å søka så snart som råd, men siste frist 1. september 2021.

Poststudieretten fordrar at søkarane fullfører MØA eller MRR ved NHH våren 2021.

Kontakt

E-post
student@nhh.no