For studentar som har bestått resultat
Studentar som ynskjer å forbetre eit eksamensresultat, kan melde seg til eksamen det semesteret emnet vert undervist.
Ein melder seg til vurdering i Studentweb innan oppmeldingsfristen for inneverande semester, 1. september / 1 februar.
I Studentweb kan studentane enten melde seg opp ved å bruke søkefeltet under fana «Aktive emne», og søke opp emnekoden, eller ved å trykke på knappen «Ta emnet på nytt» under resultatfana.
MERK! BED5 og SOL4 vil følgje gamal gjentaksordning hausten 2026, der gjentakseksamenen vert gjennomført i veke 45/46.
Sjå også emneomtalen for kvart emne for detaljar.
For studentar utan bestått resultat
Dersom ein har vore meldt til eksamen på eksamenstidspunktet utan å ha oppnådd gyldig resultat (ikkje-møtt, legeattest, trekk under eksamen/avbrot og stryk), kan ein også melde seg til gjentakseksamen i det undervisningsfrie semesteret.
Gjentakseksamen i undervisningsfritt semester vert gjennomført i starten av semesteret (tidleg i august/januar). Meir informasjon om kva emne dette gjeld, finn ein i emneomtalen til det aktuelle emne.
Oppmeldingsfrist og dato for eksamen står i eksamensplanen, og oppmelding skjer i Studentweb. Vi opnar opp for oppmelding rundt slutten av desember/juni.
I Studentweb kan studentane enten melde seg opp ved å bruke søkefeltet under fana «Aktive emne», og søke opp emnekoden, eller ved å trykke på knappen «Ta emnet på nytt» under resultatfana.
NB! Er du registrert med «ikkje møtt» til eksamen, må du ta kontakt på eksamen@nhh.no for oppmelding.
MERK! BED5 og SOL4 vil følgje gamal gjentaksordning hausten 2026, der gjentakseksamenen vert gjennomført i veke 45/46.
Ved gjentak vil ny eksamen følgje innhald, pensum, vurderingsform og obligatoriske arbeidskrav etter gjeldande emneomtale. Emneomtalen vil også vise til kva semester emne vert undervist i.
Sjå også emneomtalen for kvart emne for detaljar.