Søknad om siviløkonom som sidetittel

Søknad om siviløkonom som sidetittel

Siviløkonomtittelen er ein beskytta tittel. Dersom du har utanlandsk mastergrad, kan du søke NHH om å få bruke siviløkonomtittelen som sidetittel. Har du norsk utdanning og lurer på om du kvalifiserer for sidetittelen, må du i staden kontakte den norske lærestaden din.

Krav til bachelorgrad

Bachelorgraden din må tilsvare 3 års fulltidsstudiar (180 studiepoeng) og fylle fagkrava til ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon. For detaljert informasjon om fagkrava, sjå Plan for bachelor i økonomi og administrasjon (726 KB). Både formelle krav og krav til innhald må fyllast.

Krav til mastergrad

Mastergraden din må tilsvare 2 års fulltidsstudiar (120 studiepoeng) og innehalde ei masteroppgåve på tilsvarande 30 studiepoeng (1 semesters fulltidsstudiar). For detaljert informasjon om krav til innhald, sjå Plan for toårig masterstudium i økonomi og administrasjon (659 KB). Både formelle krav og krav til innhald må fyllast. 

Krav til dokumentasjon

Merk at ukomplette søknadar ikkje vert behandla. For at søknaden din skal vere komplett, må du legge ved:

  1. Ditt offisielle bachelorvitnemål. Ta med alle sider på vitnemålet på den skanna kopien. Dersom bachelorgraden din er norsk, logg inn i Vitnemålsportalen og last ned ein digitalt signert PDF: https://www.vitnemalsportalen.no/(ekstern lenke). Du kontrollerer at den digitale signaturen er riktig slik: https://www.vitnemalsportalen.no/sikkerhet/verifisering-digital-signatur.html (ekstern lenke).
  2. Ditt offisielle mastervitnemål. Ta med alle sider på vitnemålet på den skanna kopien.
  3. Diploma Supplement (DS) for bachelor- og mastergraden. Eit Diploma Supplement er eit vitnemålstillegg som gir ei utfyllande skildring av graden du har oppnådd. Les meir om DS på NOKUT sine nettsider (ekstern lenke).
  4. Offisielle emneomtalar for kvart enkelt emne som inngår i bachelor- og mastergraden. Emneomtalen bør fortrinnsvis vere frå det semesteret du tok emnet. Emneomtalane kan vere PDF-filer som du legg ved søknaden, eller direkte linkar til emneomtalen på lærestaden si nettside. 
  5. Autorisert omsetjing av vitnemål som er på eit anna språk enn engelsk eller eit skandinavisk språk.

Dersom du har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå ein norsk lærestad, treng du berre legge ved dokumentasjonen etterspurt i punkt 1 for denne graden.

Slik søkjer du

Kontakt seksjon for opptak på opptak@nhh.no og fortell kva utdanningsbakgrunn du ønskjer å søke på grunnlag av, så gir vi deg tilgang til søkeportalen. 

Svar på søknaden

Vi sakshandsamar søknadar om siviløkonom som sidetittel og sender ut svar to gongar i året:

  • januar/februar
  • august/september

Svaret på søknaden vert sendt til di digitale postkasse. Om du ikkje har ei digital postkasse, vert svaret sendt i posten. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no