Engage for vitskapleg tilsette
Vitskapleg tilsette kan delta i Engage.EU ved å dra på Staff Mobility, delta i Think Tank eller prosjekt, eller samarbeida med kollegaar på kryss og tvers av Europa.
Think Tank
Gjennom arbeidet i Engage.EU Think Tank, kan vitskapleg tilsette utveksla idear og forsking med nye forskingsgrupper og læra frå leiande ekspertar innan akademia. Forumet tillèt forskarar å fokusera heilt og fullt på forskingsprosjekt utan å måtte ta hensyn til kvardagssaker.
Think Tanken er Engage sitt "Advanced Study Centre", eit forum der akademikarar og forskarar kan møtast for tverrfagleg akademisk utveksling. Saman kan dei forska på kritiske sosiale utfordringane i vår tid, der grensene for forsking og innovasjon vert utfordra, der samarbeid av høg kvalitet vert mogleg og der nytenking er norma. I haust 2022 er temaet i Think Tank "The Role of Digitalisation for Sustainable Development and its Impact on European Business, Economics and Societies".
Aller helst skal prosjekta handla om SN-måla for berekraftig utvikling. Til dømes kan eit forskingsprosjekt utforska korleis digitalisering kan forandra arbeid- og livsforhold, sikra berekraftige økonomisk vekst, eller gje hjelp til å unngå ulikskapar i samfunnet.
Grant Desk
Grant Desk er eit virtuelt senter av kunnskap og ekspertise som knyt støttegrupper saman med Engage-universiteta. Målet er å optimisera alliansen si nytte og bruk av ekstern finansiering. Hovudmåla inkluderer å kopla og styrka støttegruppene til alliansen ved å kommunisera høve for ekstern finansieringsordningar.
Staff Mobility
Vitskapleg tilsette kan dra på Staff Mobility til eit av Engage-universiteta. Dette er eit ypperleg høve til å læra meir om Engage, internasjonalisering og utveksling frå nye perspektiv.
Mobiliteten må vera relevant for fagfeltet til den tilsette og gje meirverdi i form av kunnskap og/eller kompetanse. Døme på type Staff Mobility kan vera organisert opplæring, workshops, jobbskygging, treningskurs, seminarar eller språkkurs. Den tilsette kan få Erasmus+ støtte for opphaldet.
Engage Young scholars conference
Unge NHH forskarar på postdoc- eller PhD-nivå kan no delta på årets Engage Young Scholars Conference i Sofia, Bulgaria i juni 2022. Målet med konferansen er å auka kommunikasjonen og framtidig samarbeid mellom Engage-partnarane. Deltakarar vil få høve til å møta både fysisk og online og presentera forskingsprosjekta sine, og diskutera spanande tema som t.d. fornybar energi, innovasjon, handel, europeisk integrasjon og tryggleik. Fristen for å søkja er 29. april. Det vil vera mogleg å få delar av konferansen dekkja av NHH. Du kan lesa meir om konferansen i brosjyren.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 95 93
- E-post
- Linda.Rutledal@nhh.no
Staff Mobility
Vitskapleg tilsette kan søkja om å dra på utveksling til eit av Engage-universiteta for å læra meir om nettverket og fordjupa seg fagleg.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 99 33
- E-post
- Merete.Anes@nhh.no
Young Scholars Conference
Unge NHH forskarar på postdoc- eller PhD-nivå kan søkja om å delta på årets Engage Young Scholars Conference i Sofia, Bulgaria i juni 2022.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 91 52
- E-post
- Malin.Arve@nhh.no