Dyrt å utsetje klimatiltak

Av Sigrid Folkestad

22. juni 2012 18:14

(oppdatert: 1. mars 2016 18:18)

Dyrt å utsetje klimatiltak

Evna naturen har til å ta opp CO2, er lågare enn tidlegare analysar har komme fram til. Tre NHH-forskarar har utvikla ein modell som bereknar kor store CO2-utslepp naturen toler. Jo seinare vi set inn klimatiltak, dess dyrare blir det.

Det kan koste dyrt å utsetje tiltak i klimapolitikken. Ein omfattande studie som tre forskarar ved NHH er i ferd med å avslutte, talfester kva det vil koste verda dersom vi ikkje finn fram til ei global løysing med karbonskatt for å minske skadeverknadene av den globale oppvarminga.

Uendelege kostnader

Rapporten A stitch in time saves nine. The costs of postponing action in climate policy er skriven av professorane Stein Ivar Steinshamn og Leif K. Sandal i tillegg til postdoktor Sturla F. Kvamsdal - alle ved institutt for føretaksøkonomi, NHH.

I dette arbeidet har forskarane gjort berekningar som viser kor mykje klimaet toler av CO2-utslepp, og kva det vil koste i framtida dersom vi ikkje innfører tiltak. Skattenivået må aukast kraftig for kvart år implementeringa blir utsett, dersom vi skal klare å vende tilbake til ein tilnærma normal situasjon.

Som den engelske tittelen og ordtaket antydar: Ein kan like gjerne hoppe i det som krype i det.

Opptaksevna til naturen

Det mest oppsiktsvekkjande med SNF-rapporten er arbeidet forskarane har lagt ned for å rekne ut kva evne naturen har til å tole meir CO2-utslepp.

- Det er eit av dei viktigaste poenga i forskinga vår, seier Steinshamn.

- Vi nyttar ei ny tilnærming og kan berekne evna naturen har til å ta opp i seg og reinse CO2. Ei rekkje analysar reknar med at den såkalla reinseevna, eller opptaksevna, aukar proporsjonalt med konsentrasjonsnivået. Vi finn teikn på at opptaksevna flatar ut, og at ein dermed får mindre hjelp frå naturen til CO2-reinsing.

Forskarane kjem altså fram til at reinseevna er nokså låg i forhold til kva som er komme fram i fleire analysar, til dømes frå klimapanelet til FN.

- I denne delen av forskinga bruker vi kjende dataseriar som er publiserte av mellom anna NASA, og vi nyttar sofistikerte metodar, slik at det er ein del av modellen som vi føler oss trygge på. Desse estimata er pålitelege, seier professor Steinshamn ved institutt for føretaksøkonomi.

Den andre delen av analysen er skadefunksjonen, og forskarane meiner at den er meir spekulativ, fordi det uråd å vurdere skadeomfanget utan eit samanlikningsunivers somikkje har skadar.

Stern-rapporten

Stern-rapporten, som økonomen Nicholas Stern skreiv på oppdrag frå den engelske regjeringa i 2006, seier at det vil koste om lag 1 prosent av verdas BNP over fleire tiår dersom vi skal unngå farleg global oppvarming. I dag meiner han, og mange forskarar med han, at det kjem til å koste dobbelt så mykje å unngå ei temperaturstiging som utset folk for direkte fare.

- I dag ligg vi kanskje på rundt 1 prosent, og dei neste hundre åra vil talet stige til 2 prosent. Det er basisscenarioet vårt. Så det er ut ifrå dette overslaget at skatten må auke med 3 prosent i året dersom han blir utsett, for å hindre ei dramatisk global oppvarming, seier Steinshamn.

Dersom vi innfører ein optimal skatt, vil han føre til ein stabil situasjon på lang sikt. Kva situasjon det er, kjem an på scenarioet, men i dei fleste scenario vil det seie ein viss auke i konsentrasjonsnivået frå i dag.