To suksesshistorier

skjermdump_Brann.no
Det kan sjå ut til at kvinnefotballen har hatt hardare kår for å bli godtatt enn andre idrettsgreiner, noko som heilt klart skuldast det dominerande manns- og macho-elementet både mellom spelarar, leiarar og fotballsupporterar, skriv Johannes Nymark i BA. Foto: Skjermdump Brann.no
Innlegg

20. mars 2024 13:09

To suksesshistorier

Det er mykje som borgar for at det kan bli ein fin og interessant kamp mellom Brann og Barça 20. mars, skriv Johannes A. Nymark.

«Denne første røynsla med kvinner i den virile fotballen tilfredsstilte oss ikkje. Ikkje berre på grunn av at det var så lite sportsleg, men også fordi mor Eva sine etterkommarar blir tvinga til lite passande og uestetiske stillingar, som eliminerer all kvinneleg ynde».

Dette var del av eit avisreferat frå ein kvinnekamp i Barcelona i 1914.

Fotball for kvinner kom først på 1970-talet inn i meir organiserte former. Men alt i dei siste tiåra på 1800-talet hadde ein på Dei britiske øyane prøvd seg med initiativ i kvinnefotball. Det kan sjå ut til at kvinnefotballen har hatt hardare kår for å bli godtatt enn andre idrettsgreiner, noko som heilt klart skuldast det dominerande manns- og macho-elementet både mellom spelarar, leiarar og fotballsupporterar.

pele, wikimedia

«Når Pelé sprang, skar han gjennom motstandaren som ein kniv»

Han hadde ein makelaus teknikk, grasiøse rørsler, lure finter, brå variasjonar og eksplosjonar.

Det skulle dryga heilt til 1970 før Det internasjonale fotballforbundet (FIFA) offisielt godtok fotball for kvinner. Somme meiner at Norway Cup hadde ein del å seia for kvinnefotball her til lands, etter at denne turneringa tok til i 1972 med jentelag på programmet.

I Barcelona var det annleis. Der prøvde – fånyttes – ei initiativrik dame, Ana María Martínez Sagi (1907–2000) alt på 1930-talet å få i gang kvinnefotball i den klubben ho var styremedlem i, FC Barcelona. La Sagi, som ho blei kalla, var «pioner i nesten alt»: Ho var poet, fagforeiningsaktivist, aktiv feminist, journalist og deltakar i idrettsgreiner som spydkast, tennis og ski.

Dette var i ei tid då idrettsrørsla i Europa var delt i to: arbeidaridrett og borgaridrett.

I Barcelona førebudde ein i 1936 ein alternativ olympiade til nazi-olympiaden i Berlin. I Barcelona ønskte ein òg kvinner hjarteleg velkomne, i motsetnad til i Berlin, der den olympiske komiteen, med dei moderne olympiadars far, Charles Pierre de Frédy, baron de Coubertin i spissen, var sterkt imot kvinneleg deltaking. Berre Catalonia hadde meldt på 200 kvinner til Barcelona-OL. Folkeolympiaden i Barcelona blei det ikkje noko av, den spanske borgarkrigen tok til 18. juli 1936, dagen før arrangementet skulle starta.

Noreg sendte 35 mann til det planlagde Barcelona-OL, ingen kvinner.

Generelt var kvinnekampen kommen langt i vårt land, men ikkje på det sportslege planet. «Gode feministar driv ikkje idrett», skal norske feministar ha hevda så seint som rundt 1970. Eit slikt syn låg milevis unna det ein hadde mange stader i arbeidaridrettsrørsla på 1930-talet. Her blei idrett sett inn i rammene til folkehelsa, også for kvinner. Føremålet med sport skulle vera å forbetra folk sin livskvalitet.

På starten av 1970-talet det blei tatt visse initiativ for kvinnefotball i Spania, mest i løynd i denne siste tida av diktaturet til Francisco Franco (1939–1975). I 1980 godkjende Det kongelege spanske fotballforbundet (RFEF) kvinnefotball, og i 1988 såg den kvinnelege ligaen dagens lys i Spania.

I vårt eige land var 1987 året då ein landsomfattande serie for kvinnefotball tok til. Då samla ein dei regionale seriane, som hadde eksistert i nokre år rundt om i landet. Organiseringa av kvinnefotball gjekk såleis mykje godt føre seg samstundes i dei to landa.

Den organiserte kvinnefotballen i FC Barcelona går attende til 1988, då Club Femení Barcelona blei skipa. Klubben er no ein del av FC Barcelona under namnet FC Barcelona Femení, og er det spanske laget med desidert størst suksess i kvinnefotball: åtte ligatitlar, ni cuptrofé, fire supercupar og ti sigrar i Copa Catalunya. I 2021 og 2023 vann Barça sitt kvinnelag Champions League.

Argentinske flagg, publicdomainpiqtures.net

Maktas ansikt

Høgresida i Argentina nyttar skitne metodar i rettsvesenet og massemedia for å svekka venstresida, skriv Johannes Nymark i Klassekampen.

SK Brann sitt kvinnelag blei formelt skipa etter at IL Sandviken i november 2021 avgjorde at dette Toppserie-laget skulle vera ein del av Brann si satsing på kvinnefotball. Brann tok over Sandviken sin plass i Toppserien og vann denne i 2022, etter at nettopp Sandviken hadde vunne året før. 2022 blei eit stort år for Brann-kvinnene, då laget også vann cupen etter å ha slått Stabæk 3–1 i finalen.

Og 20. mars i år skal dei altså møta sjølvaste FC Barcelona i den første av to kampar i Champions League.

Det kunne sjå ut som det blei panikk i Brann då laget trekte Barça som motstandar i kvartfinalen. Det kunne det for så vidt vera grunn til. Men jamvel om det skal godt gjerast at Brann slår ut det katalanske laget over to kampar, er det slett ikkje alltid at eit stort lag slår ein antatt dårlegare rival. Brann klarte 2–2 heime mot «overmakta» Lyon, som rett nok vann 3–1 på si heimebane.

Kvinnelaget til Barça har lagt seg på same linje som herrelaget, med vekt på vakker, publikumsvennleg fotball. Ikkje rart då at Noregs mest finslipte teknikar mellom damene, Caroline Graham Hansen, har funne seg godt til rette i klubben, der ho spelar saman med landsvenninna Ingrid Syrstad Engen.

fotball, stadion, pxhere.com

Fotball-VM som teikn i tida

Har vi sove i timen når vi blir fortørna over alt grumset som kjem fram i samband med fotball-VM i Qatar, spør Johannes Nymark i BT.

Det er forresten godt å sjå at også kvinnelaget til Brann spelar teknisk god fotball, der spesielt 18 år gamle Signe Gaupset briljerer og fort kan forsvinna til ein større, utanlandsk klubb.

Det er mykje som borgar for at det kan bli ein fin og interessant kamp mellom Brann og Barça 20. mars.

Innlegget var først publisert i BA 19. mars 2024.