Fotball-VM som teikn i tida

fotball, stadion, pxhere.com
Fotball blei ei av dei viktigaste næringsgreinene i verda, og det lenge før ørkenstaten Qatar rundt 2010 gjorde sin entré i næringa, skriver Johannes Nymark i BT. Foto: pxhere.com
Innlegg

29. november 2022 08:21

Fotball-VM som teikn i tida

Har vi sove i timen når vi blir fortørna over alt grumset som kjem fram i samband med fotball-VM i Qatar, spør Johannes Nymark i BT.

Alt i 1998 sa Pierre Brochand, byråsjef i det franske utanriksdepartementet: «Gjennom fotballen blir dei klassane som ikkje er leiande i samfunnet, reelt sett vande til den villaste forma for kapitalisme.»

Byråsjefen har berre fått meir rett med åra. Fotball blei ei av dei viktigaste næringsgreinene i verda, og det lenge før ørkenstaten Qatar rundt 2010 gjorde sin entré i næringa.

Utviklinga er nær knytt til endringar i det kapitalistiske systemet. Den marknadsliberalistiske epoken ein har sett frå rundt 1980 og fram til i dag, speglar seg av i idrett generelt og fotball spesielt.

I kampen for omstilling, produktivitet og vekst har store multinasjonale selskap og mangemilliardærar fått kontroll over dei største fotballklubbane og dei viktigaste fotballhendingane.

Samstundes er individualisme, egoisme og karrierejag blitt formande for nye generasjonar. I Spania gav Javi Poves opp proffkarrieren sin for å via liva sitt til kamp mot det korrupte og falske fotballsystemet som berre tener maktapparatet, som han uttrykker det.

Så pervertert meiner Poves fotballen er blitt at dei som drøymer om å bli ein ny Messi eller Cristiano Ronaldo, gjer det meir for dei materielle rikdommane enn for prestasjonane deira på fotballbana.

Der finst saktens fotballspelarar med i alle fall eit sosialt medvit, men dei verkar å vera i mindretal. Eller kva skal ein seia om alle dei pinlege og reint ut sagt patetiske svara ein får når ein spør spelarar om makttilhøva i fotballen?

Som då Erling Braut Haaland på ein pressekonferanse fekk spørsmål om kva han meinte om eigarane i klubben sin, Manchester City. Eller som då Barcelona sin noverande trenar Xavi Hernández fekk seg til å seia at Qatar ikkje er eit demokrati, men at landet fungerer betre enn Spania.

Vel er det mykje å utsetja på det spanske demokratiet, men å plassera det bak det totalt menneskefiendtlege Qatar er noko drygt.

Det er uhorveleg mykje pengar i fotballen, pengar som det ikkje alltid er lett å spora opphavet til. Og dagens fotball er så desidert ikkje berekraftig. Ein skal leita lenge og vel før ein finn ein næringsveg der ressursar og inntekter er så ulikt fordelte som i fotballen.

Kan henda verst av alt: Fotballen er i hendene på folk som er interesserte først og fremst i pengar, mykje meir enn i sjølve fotballspelet. Tru i alle fall ikkje at det berre er arabiske oljesjeikar eller russiske oligarkar som styrer fotballen i våre dagar.

Også eit lite betydeleg fotball-land som USA er sterkt inne i biletet gjennom finanskapitalen, og i England kontrollerer dei allereie klubbar som Arsenal, Aston Villa, Chelsea, Crystal Palace, Liverpool og Manchester United.

Tilfellet Chelsea er symptomatisk. Det var først då Russland gjekk inn i Ukraina, at Vesten reagerte mot at Roman Abramovitsj åtte den engelske klubben.

Før det var alt i orden, sjølv om ein nok hadde ei aning om at dette var korrupsjonspengar frå privatiseringane etter at gamle Sovjet hamna på skraphaugen.

Då den russiske oligarken blei tvungen til å kvitta seg med klubben, bladde amerikanaren Todd Boehley opp tilsvarande fem milliardar euro for å slå kloa i Chelsea. Dette er så langt den høgaste summen i historia for eit idrettslag.

Om fire år skal USA avvikla fotball-VM, saman med Mexico og Canada. I samband med årets VM kunne det vera naturleg å peika på at USA berre 32 km frå Qatar sin hovudstad Doha har ein militærbase med 11.000 soldatar som dei har nytta til å bomba land som Afghanistan, Irak og Syria.

Vår eigen avhengigheit av onkel Sam gjer nok at vi ikkje bryr oss så mykje om dette. Det er ikkje lett å halda sin svinesti rein. Og som det er sagt: Ingen ting er så kynisk som internasjonal politikk.

Korrupsjonen er komen stadig lenger inn i fotballens og FIFAs gemakk. 16 av dei 22 styremedlemmene i FIFA som stemte for Qatar-VM, blei seinare suspenderte eller sikta for korrupsjon.

Men ein ting ein ikkje har fått med seg i Noreg, er at forretningsmannen Mauricio Macri i 2020 blei handplukka til å styra FIFA Foundation, ein organisasjon med hovudmålet å utvikla den sosiale dimensjonen ved fotball.

Ein meir ueigna person skal ein leita lenge etter. Macri er ein argentinsk Berlusconi. Han var president i fotballklubben Boca Juniors og ordførar i Buenos Aires før han blei president i Argentina (2015‒2019) og førte ein ekstrem nyliberalistisk politikk som gjekk verst ut over dei svakaste i samfunnet.

Skribenten Rocco Carbone (2019) har i bokform synt at Macri nytta mafia-metodar for å kontrollera og undertrykka i Argentina.

Lat oss protestera mot korrupsjonen og gigantomanien og få fotballen tilbake til oss som elskar spelet.

Kronikken var først publisert i Bergens Tidende 27. november 2022.