«Når Pelé sprang, skar han gjennom motstandaren som ein kniv»

pele, wikimedia
For brasilianarane er Pelé kongen av fotball. For alle oss andre er han, saman med Diego Armando Maradona og Alfredo Di Stéfano, den største fotballspelaren i det 20. hundreåret.
Kronikk

5. januar 2023 12:39

«Når Pelé sprang, skar han gjennom motstandaren som ein kniv»

Han hadde ein makelaus teknikk, grasiøse rørsler, lure finter, brå variasjonar og eksplosjonar.

For brasilianarane er Pelé kongen av fotball. For alle oss andre er han, saman med Diego Armando Maradona og Alfredo Di Stéfano, den største fotballspelaren i det 20. hundreåret.

«Når Pelé sprang, skar han gjennom motstandaren som ein kniv ... Når han hoppa, løfta han seg opp i lufta som om lufta var ei trapp». Slik omtala den uruguayanske forfattaren Eduardo Galeano Pelé.

Det blir sagt at Pelé i sin pure ungdom viste slike naturlege anlegg for fotball, at han blei plassert i mål – for at ikkje laget hans skulle ha altfor store fordelar. Som målmann blei han kalla Bile, etter ein keeper som hadde spelt mot faren, også han ein habil fotballspelar.

Med nokre forvanskingar av kallenamnet ‒ ikkje uvanleg i språklege prosessar ‒ blei Bile til Pelé. Slik skal Edson Arantes do Nascimento ha blitt til Pelé, jamvel om mannen sjølv alltid hevda han ikkje visste korleis kallenamnet oppstod.

Guten vaks opp i fattigdom, og måtte alt frå sju‒åtte års alder vera med og livnæra familien som skopussar. Det var ikkje alltid like enkelt. Stort sett måtte han komma seg inn på dei rike sine område og prøva å pussa sko som alt var grundig pussa frå før. Alternativet var å livnæra seg som skopussar i nærmiljøet, der mest alle gjekk berrføtte.

Pelé leika og spelte fotball i gata – og var ikkje framand for at den gode teknikken hans kan ha kome frå at han trena seg opp under ikkje heilt ideelle tilhøve. Det var fotballen som dreiv guten. Folkeskulen gjekk han
ut or to år etter stipulert tid.

Når ein les om Pelé, finn ein snart ut at han vaks opp i ei anna tid. Når fotball skulle spelast på grunnplanet, hadde ein stort sett ikkje kjøpte ballar, slik som i våre dagar. Ein fotball blei gjerne sett saman av filler, papir og utbrukte strømper. Og når ein kom så langt at ein fekk spela på eit lag, så var fotballskoa tunge som bly.

Argentinske flagg, publicdomainpiqtures.net

Maktas ansikt

Høgresida i Argentina nyttar skitne metodar i rettsvesenet og massemedia for å svekka venstresida, skriv Johannes Nymark i Klassekampen.

Men Pelé var alt som ung ei målmaskin. Som gutespelar laga han ein gong 148 mål på 33 kampar i ei turnering. Til slutt kunne han visa til 1282 mål i offisielle kampar. Pelé hadde for så vidt litt å slekta på: Faren scora ein gong fem mål i ein kamp, alle med hovudet!

Pelé nytta treningsmetodar som for si tid var nokså uortodokse. For å trena opp spenst i headingar, hengde han ein ball nokså høgt opp i ei snor. Så var det om å gjera å komma bort i ballen med skallen. Med sine 173 cm på strømpeleisten blei Pelé med tida ein frykta motstandar også i hovudduellar. Karatetrening lærte korleis han kunne falla og hoppa. Og med konstante judoøvingar klarte han å trena opp god balanse og smidige rørsler. Det blir ofte poengtert at når Pelé dribla seg forbi spelarar, hendte det svært sjeldan at han fall.

I tillegg var han kjent for å ta dei rette avgjerslene på hundredels sekund.

«O jogo bonito» (det vakre spelet) sa Pelé då han ein gong blei beden om å definera fotballen. Og uttrykket er blitt hengande ved Brasil sin fotball og kan henda spesielt Pelé.

Mange er dei som meiner at den vakraste fotballen, den spelte Brasil då dei slo Italia 4‒1 i VM-finalen i 1970: Det offensive Brasil slo det defensive Italia, improvisasjonen triumferte over den gjerrige fotballen. Pelé er tvillaust den spelaren ein mest assosierer med den brasilianske spelestilen: ein makelaus teknikk, grasiøse rørsler, lure finter, brå variasjonar og eksplosjonar.

At jogo bonito blir sett pris på i Brasil, vitnar følgjande historie om: Mot Guarani frå Campinas lobba Pelé ballen over to forsvararar, dribla ein tredje og skaut i tverrliggaren.

fotball, stadion, pxhere.com

Fotball-VM som teikn i tida

Har vi sove i timen når vi blir fortørna over alt grumset som kjem fram i samband med fotball-VM i Qatar, spør Johannes Nymark i BT.

Ballen datt ned på bakken og spratt ut att. Dommaren João Etzel Filho dømte mål og sa lakonisk: «Veit du kva, det var så fint spel at eg dømmer mål anten ballen var inne eller ikkje. Det var eit mål til ære for Pelé. Ferdig med det!»

Pelé var med på å vinne tre VM for Brasil: 1958, 1962 og 1970. Det kunne ha blitt fire på rappen, men VM i 1966 enda i totalt kaos for Brasil. Trenarstaben skifta ut spelarar heile tida, noko som førte til splid og usemje i laget. Ein klarte rett og slett ikkje å spela inn noko slagkraftig lag. Europa var dessutan ikkje noka udelt positiv røynsle for dei brasilianske spelarane. Mottiltaka mot Pelé sin tekniske briljans var stadig styggare og hardare taklingar. Og så var det taktikken med frimerke for å nøytralisera dei beste spelarane.

Pelé fortalde ein gong om eit frimerke som var så godt klistra på han at han tilmed blei ståande ein halv meter unna og sjå på at Brasil si svarte perle stod og knytte skolissene.

Pelé sitt lag Santos var på turnear i Afrika og Europa. Nelson Mandela hevda at Pelé ikkje berre var enorm som fotballspelar, men også ein inspirator for dei svarte sine fridomskampar i Afrika. Han viste at det går an for dei svarte å konkurrera på like vilkår med det kvite, og tilmed vinna. Såleis spelte han ei rolle noko a la den som Marokko hadde for arabiske og muslimske land i det seinaste fotball-VM.

I motsetnad til Maradona var Pelé ingen opprørar. Saman med Henry Kissinger støtta han aktivt João Havelange sitt kandidatur til FIFA-boss (1974-1998). Havelange var mellom dei Maradona klaga for korrupsjon og maktmisbruk. Og når Pelé hamna på kant med den brasilianske fotballpresidenten Ricardo Teixeira og med Havelange, gjorde han alltid merksam på at han ikkje ville dei vondt, noko som ville vera heilt utenkeleg for Maradona.

Pelé nådde då også opp i det sosiale og politiske hierarkiet i Brasil. I åra 1995‒1998 var han sportsminister under den sosialdemokratiske presidenten Fernando Henrique Cardoso.

Og Pelé gløymde aldri kor han kom frå: Då han scora mål nr. 1000, på straffe mot Vasco da Gama 19. november 1969, dediserte han målet til barna i Brasil.

Hovudkjelde: «Pelé – Min historie» (2006), N.W. Damm.

Kronikken var først publisert i Bergens Tidende 30. desember 2022.