Vil tilby oversetter-autorisasjon i ukrainsk

Instituttleiar Beate Sandvei. Foto: Hallvard Lyssand
- NHH har det nasjonale ansvaret for å uteksaminera autoriserte translatørar. Grunna krigen i Ukraina og den påfølgjande flykntingstraumen vil høgskulen for første gong tilby autorisasjonsprøve i Ukrainsk hausten 2022, seier Beate Sandvei frå Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.
Av Hallvard Lyssand

23. mars 2022 13:30

Vil tilby oversetter-autorisasjon i ukrainsk

Grunna den ekstraordinære situasjonen krigen i Ukraina har skapt, vil NHH for første gong tilby autorisasjonsprøve i oversetting for ukrainsk i haust.

– Det er første gong vi gjev tilbod om eksamen i ukrainsk, og det finst derfor ikkje autoriserte oversettarar for dette språket i Noreg.

Det seier instituttleiar Beate Sandvei ved NHHs Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

Russlands invasjon av Ukraina har utløyst ein flyktningstraum som så langt er på om lag tre millionar menneske. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) bad siste veke norske kommunar ta imot 35000 flyktningar, men regjeringa planlegg for at det kan koma endå fleire, ifølgje Kommunal rapport.

Samstundes sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe alt tidleg i mars at søknadsfristar og godkjenning av utdanning vil kunne lempast på for flyktningar frå Ukraina som vil ta utdanning eller jobbe i Noreg.

– Denne situasjonen utløyser store behov for kompetanse og ressursar på ei rekkje område, mellom anna språkleg. Vi vil bidra ved å tilby eksamen for å få autoriserte oversettarar i ukrainsk alt i haust, seier Beate Sandvei.

Nasjonalt ansvar

Instituttet har det nasjonale ansvaret for Autorisasjonsprøven i oversettelse. Bestått eksamen er ein føresetnad for å få bevilling som statsautorisert translatør mellom norsk og ulike framandspråk.

Translatørar gjer skriftlege oversettingsoppdrag, og skil seg såleis frå tolkar, som arbeider munnleg.

Statsautoriserte translatørar utfører offentleg godkjende oversettingar av dokument som m.a. vert krevd av ei rekkje offentlege instansar og styresmakter i mangel land. Dei dekker også behovet for oversatte fagtekstar av høg kvalitet elles i samfunnet og for næringslivet.

– Translatørstempelet er altså ein garanti for ei riktig og offentleg godkjend oversetting, seier Sandvei.

Første gong

For språka engelsk, spansk, fransk og tysk, der instituttet har eigen kompetanse, er det tilbod om autorisasjonsprøve kvart år, medan andre språk vert tilbode etter eit rulleringsprinsipp.

– Talet på flyktningar skil seg frå alt anna vi har sett i Europa på svært lenge, og sjølv om Noreg ikkje tek den tyngste børa her, kjem det jo alt no mange ukrainarar hit også. Vi reknar derfor med at behovet for kvalifiserte oversettingstenester vil auka, seier koordinator for autorisasjonsprøven, Bjørnulf Hinderaker.

– Som for alle andre språk vi tilbyr, er vi avhengige av å ha ein kvalifisert kommisjon som kan sensurera eksamen, og dette arbeider vi no med å få på plass, legg han til.

På lista over andre språk som vert tilbydde til hausten står også russisk.

Les meir om autorisasjonsprøven i oversettelse