No er årets nyord kåra

Bilde av Erna Solberg og flere statsråder på pressekonferanse
ÅRETS NYORD: – I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Språkrådet om årets nyord «koronaen». Biletet er frå pressekonferanse i 2020 om koronasituasjonen. Foto: Flickr v. Arvid Samland/Statsministerens kontor
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

11. desember 2020 09:33

No er årets nyord kåra

Koronapandemien har prega 2020, også i språkbruken. Språkrådet og NHH-professor Gisle Andersen har kåra «koronaen» til årets ord.

– Når historikarane skal sjå attende på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bunden form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

På lista over dei ti nyorda som har prega 2020, er fleire i tilknyting til koronapandemien. Både «halde meteren», «flata ut kurva», «sprite» og «kohort» er ord og uttrykk som har festa seg i språket vårt i 2020, skriv Språkrådet i ei pressemelding.

Les også:

NHH-ere har bidratt til årets nyord

Språkrådet har kåret «Klimabrøl» som årets nyord i 2019. – Ordet oppsummerer styrken som særlig ungdom har vist dette året.

Meir inkluderande språk

Språkrådet framhevar at det likevel er fleire interessante ord å merke seg, som ikkje omhandlar pandemien. Orda «statsforvaltar» og «melaninrik» gir uttrykk for at folk ønsker eit meir moderne og inkluderande språk. 

– Statsforvaltar skal erstatte fylkesmann, noko som er vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ledd i arbeidet for å fjerne kjønnsmarkerte stillingstitlar. På den andre sida er melaninrik eit ord som er skapt gjennom språkaktivisme for å erstatte meir gamaldagse ord om menneske med mørk hudfarge. Her ser vi at nokre ord kan bli innførte frå øvste hald, og at andre kan gro fram frå grasrota, seier NHH-professor Gisle Andersen

Les heile pressemeldinga til Språkrådet

Les også:

Termportalen får ekstra midlar til å utvikle norsk fagspråk

Nasjonal termportal tildelast fire millionar i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. – Svært gledeleg. NHH-leiinga har vore ein pådrivar frå starten av for å sikre utviklinga av norsk fagterminologi, seier Gisle Andersen.