Termportalen får ekstra midlar til å utvikle norsk fagspråk

Bilde av Gisle Andersen og bilde av to personer som jobber på nettbrett. Foto: Marit Hommedal / Pexels v. bongkarn thanyakij
Termportalen er ein fritt tilgjengeleg ressurs til norsk terminologi. Portalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs handelshøgskole, Universitetet i Bergen og Språkrådet. Foto: Marit Hommedal / Pexels v. bongkarn thanyakij
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

9. oktober 2020 15:09

Termportalen får ekstra midlar til å utvikle norsk fagspråk

Nasjonal termportal tildelast fire millionar i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. – Svært gledeleg. NHH-leiinga har vore ein pådrivar frå starten av for å sikre utviklinga av norsk fagterminologi, seier Gisle Andersen.

Våren 2020 la regjeringa fram forslag til ei heilskapleg språklov. Regjeringa følgjer no opp med ei satsing med 11,5 millionar kroner meir til språk. Termportalen får i forslaget fire millionar kroner av denne summen. 

– Svært gledeleg at vi får denne tildelinga. NHH-leiinga har vore ein pådrivar frå starten av for å sikre utviklinga av norsk fagterminologi. Høgskulen har eit særskilt ansvar for å utvikle norsk økonomisk-administrativ fagterminologi, og dette arbeidet gleder vi oss til å ta fatt på, seier professor Gisle Andersen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Andersen er prosjektleder for forprosjekt i Termportalen og ansvarlig for utvikling av teknisk infrastruktur.

Les også:

NHH-ere har bidratt til årets nyord

Språkrådet har kåret «Klimabrøl» som årets nyord i 2019. – Ordet oppsummerer styrken som særlig ungdom har vist dette året.

Følgjer opp lovpålagt ansvar

Termportalen er ein fritt tilgjengeleg ressurs til norsk terminologi innanfor fleire fagområde, der det er mogleg å søkja på tvers av termbasar og fag. Den langsiktige ambisjonen er at portalen skal romme innhald frå alle fagområde i universitets- og høgskulesektoren.

Portalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs handelshøgskole, Universitetet i Bergen og Språkrådet. Termportalen ble oppretta av partane for å ta sin del av det lovpålagte ansvaret som universitet og høgskular har for å utvikle og vareta norsk fagspråk.

Les også:

Equinor vektlegger muligheter i klimarapport

Oljeselskaper snakker om klimaendringer ulikt, viser ny studie. Equinor knytter klimaendringer til innovasjon, men legger vekt på at omstillingen vil ta tid.

– Fremste kulturberaren vi har

Språkpolitikken til regjeringa har som mål å sikre norsk som fellesspråk og samfunnsberande språk i Noreg. Språksatsinga i 2021 inneber blant anna ei styrking av Språkrådet og av arbeidet med norsk terminologi.

– Språket er den fremste kulturberaren vi har. Med språket kan vi diskutere og argumentere, men òg samlast og bygge verdifellesskap uavhengig av kven vi er, kor vi kjem frå og kor vi bur i landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

Språksatsinga frå 2020 på 9,3 millionar kroner blir i tillegg vidareført i budsjettet for 2021.

Les også:

Må NHH-tilsette kunne norsk?

NHH skal revidere dei språkpolitiske retningslinjene sine. No skal desse på høyring internt, og i april tar styret stilling til bruk av engelsk og norsk på NHH.