Vi treng analyserbare data om konkursar

Bilde av Aksel Mjøs og et kontorlandskap
Kanskje ein framleis skal skilja mellom kva som er offentleg tilgjengeleg og som er tilgjengeleg for forsking på vilkår av at det vert halde konfidensielt, men det viktigaste er å få samla inn data, skriv Aksel Mjøs. Foto: Helge Skodvin / Pexels v. Startup Stock Photos
Kronikk

29. april 2020 13:51

Vi treng analyserbare data om konkursar

Konkursregisteret bør utvidast til å også ta inn opning og avslutning av rekonstruksjonar, skriv Aksel Mjøs i Dagens Næringsliv.

Stortinget handsamar no innstillinga om ny rekonstruksjonslov (Innst. 244 L (2019-220)). Det er imponerande at styresmaktene har kjapp framdrift på det som verkar som god lovgjeving på dette feltet. Den nye lova vil gjera det langt lettare å berga gode verksemder som er i finansielle problem.

Godt Svar på tilrådinga 

Lova er og eit svært godt svar på tilrådinga frå Kapitaltilgangsutvalet i 2018. Det er likevel ein del av tilrådinga som ikkje er med, nemleg å sikra strukturerte og analyserbare data på rekonstruksjonar og konkursar.

Konkursregisteret inneheld i dag ein del data om konkursbu, men ingenting om årsaker og kravshavarar. Slik informasjon finn ein i beste fall ved å lesa scanna burapportar, men også dei er oftast lite informative, og slett ikkje råd å analysera digitalt og samla. Analysar av verksemder i problem er viktige, til dømes for betre kredittvurderingar og for å vurdera offentlege støtteordningar.

Les også: 

Hvordan sikrer vi nytt liv for gode konkursbedrifter?

Vi trenger revidert lovgivning på konkursområdet, slik at både samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske kostnader ved konkurs minimeres, skriver Aksel Mjøs og Karin S. Thorburn.

Forbetra rapportering

Eg vil difor oppfordra til at vi og får forbetra rapportering slik at desse viktige dataene kan verta tilgjengelege. Kanskje ein framleis skal skilja mellom kva som er offentleg tilgjengeleg og som er tilgjengeleg for forsking på vilkår av at det vert halde konfidensielt, men det viktigaste er å få samla inn data.

Konkret bør Konkursregisteret utvidast til å også ta inn opning og avslutning av rekonstruksjonar. Dessutan bør ein tilretteleggja for mest mogleg strukturert innrapportering av data rundt rekonstruksjonar og konkursar. Dette gjeld data som allereie er i andre register, og i alle fall data rundt årsakene til problema, om dei som har krav, kva dei mottek i oppgjer, sjølve rekonstruksjonen, varigheten av prosessen, og kostnadane med prosessen.

Eg tenkjer at om lova tek inn krav til dette i andre votering i Stortinget, så kan detaljane utformast som forskrift.

Kronikken ble publisert i Dagens Næringsliv 28. april 2020. 

Les også:

Derfor trues mange bedrifter av konkurs

To forhold avgjør deres evne til å komme seg gjennom koronakrisen, skriver NHH-professor Lasse B. Lien.