Må NHH-tilsette kunne norsk?

Arbeidsgruppa som har vurdert NHHs språkpolitikk. Professor Trine Dahl (leiar), professor Jarle Møen, professor Gernot Doppelhofer, utvalssekretær Irene Velle Waraas, Seniorrådgivar, Jorun Gunnerud, Studieadministrativ avdeling Kommunikasjonsrådgivar Astri Kamsvåg, masterstudent og fagpolitisk ansvarleg i NHHS, Ingelin Uthaug og førsteamanuensis Aksel Mjøs. Foto: Hallvard Lyssand
Arbeidsgruppa som har vurdert NHHs språkpolitikk. Frå venstre: Professor Trine Dahl (leiar), professor Jarle Møen, professor Gernot Doppelhofer, utvalssekretær Irene Velle Waraas, seniorrådgivar Jorun Gunnerud, kommunikasjonsrådgivar Astri Kamsvåg, masterstudent og fagpolitisk ansvarleg i NHHS, Ingelin Uthaug og førsteamanuensis Aksel Mjøs. Foto: Hallvard Lyssand
NHH Av Astri Inga Kamsvåg

25. januar 2019 10:55

Må NHH-tilsette kunne norsk?

NHH skal revidere dei språkpolitiske retningslinjene sine. No skal desse på høyring internt, og i april tar styret stilling til bruk av engelsk og norsk på NHH.

– Hovudpunkta i NHHs gjeldande retningslinjer frå 2010 er vidareført. I tillegg har arbeidsgruppa tatt inn eit par nye retningslinjer, medan andre er tekne ut eller tona ned. Vi har òg erstatta ein del ‘bør’-formuleringar med det meir forpliktande ‘skal’, fortel professor Trine Dahl, som har leia arbeidet.

Avskrekkande

Eit av dei viktigaste spørsmåla er om tilsette i fast vitskapleg stilling skal kunne norsk. Og vil eit krav til norskkompetanse kunne gjere det vanskeleg for NHH å rekruttere gode forskarar frå utlandet?

– Vi fryktar at eit slikt krav kan verke avskrekkande på internasjonale kandidatar. Erfaringa vår er at dei fleste fast tilsette lærer seg norsk på eige initiativ etter kvart.

Førsteamanuensis Aksel Mjøs

– Vi fryktar at eit slikt krav kan verke avskrekkande på internasjonale kandidatar. Erfaringa vår er at dei fleste fast tilsette lærer seg norsk på eige initiativ etter kvart, seier finansforskar Aksel Mjøs på vegne av mindretalet i arbeidsgruppa.

Tilsette ved NHH bidrar aktivt i den norske samfunnsdebatten med forskingsbasert kunnskap gjennom formidling og som fagekspertar, i media og offentlege utval.

– Det er hovudsakleg det norske samfunnet vi har ansvar for å bidra i. Då treng NHH tilsette som kan norsk og som har ekspertkunnskap om norske tilhøve, seier Trine Dahl.

Skal hovudspråket på masterstudiet i økonomi og administrasjon vere engelsk, eller skal både norsk og engelsk vere viktig på dette studiet også i framtida?

Eit mindretal i arbeidsgruppa vil ha engelsk som hovudspråk på masterstudiet. 

Pensum på norsk

Arbeidsgruppa føreslår at pensumlitteraturen i dei obligatoriske kursa på bachelorstudiet skal vere på norsk, vel og merke dersom det finst gode norske lærebøker. For korleis skal NHH-studentane elles kunne lære seg dei norske fagtermane? Mesteparten av pensum er allereie på norsk, men arbeidsgruppa oppmodar førelesarane om å vere medvitne i val av litteratur.

- For NHH er det viktig at dei norske studentane kan snakke om faget på sitt eige morsmål, og ikkje berre på engelsk. Difor må dei norske fagtermane på plass tidleg i studieløpet.

Professor Trine Dahl

– For NHH er det viktig at dei norske studentane kan snakke om faget på sitt eige morsmål, og ikkje berre på engelsk. Difor må dei norske fagtermane på plass tidleg i studieløpet. På masterstudiet blir det meir engelsk, og på ph.d-studiet er det engelsk som gjeld, understrekar Trine Dahl.

NHH og dei andre universiteta og høgskulane i Noreg er pålagt ved lov å utvikle norsk fagspråk innanfor fagfelta sine.

Dei aller fleste norske studentane som er utdanna ved NHH, arbeider i Noreg.

– At vi ønskjer eit arbeidsliv som bruker norske fagtermar, er det ingen tvil om, seier Dahl.

Styrke kommunikasjonskompetansen

Arbeidsgruppa føreslår òg at studentane i alle studieprogramma skal ha tilbod om opplæring i kommunikasjonsprinsipp og akademisk skriving for å sikre utvikling av språk-, tekst- og sjangerkompetanse.

– Arbeidsgivarar treng tilsette som har god generell kommunikasjonskompetanse både munnleg og skriftleg. For å gjere studentane våre endå meir attraktive på arbeidsmarknaden, ønskjer vi å styrke denne kompetansen ytterlegare, seier Trine Dahl.

Arbeidsgruppas rapport Nasjonal forankring – internasjonale ambisjoner (PDF 1,2 mb)

Forslag til nye språkpolitiske retningslinjer NHH (PDF 263 kb)

NHH sine gjeldande språkpolitiske retningslinjer 

Saka er skrive av Astri Kamsvåg, som er medlem av arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa

  • Professor Trine Dahl, Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (leiar)
  • Professor Gernot Doppelhofer, Institutt for samfunnsøkonomi
  • Seniorrådgivar, Jorun Gunnerud, Studieadministrativ avdeling
  • Kommunikasjonsrådgivar Astri Kamsvåg, Kommunikasjons- og marknadsavdelinga
  • Førsteamanuensis Aksel Mjøs, Institutt for finans
  • Professor Jarle Møen, Institutt for foretaksøkonomi
  • Masterstudent, Ingelin Uthaug, fagpolitisk ansvarleg i Norges Handelshøyskoles Studentforening