Konkurranseforskarar hankar inn midlar

arve søreide
Professor Tina Søreide og førsteamanuensis Malin Arve er to av NHH-forskarane som får finansiert nye prosjekt med midlar frå Konkurransetilsynet. Professor Hans Jarle Kind fekk også stønad til å gjennomføre nye studiar.
Av Sigrid Folkestad

29. januar 2019 10:28

Konkurranseforskarar hankar inn midlar

Malin Arve og Tina Søreide er to av NHH-forskarane som no får forskingsmidlar frå Konkurransetilsynet. Forskingsprosjekta er lagt til SNF.

Det er totalt fem prosjekt innan konkurranserett og konkurranseøkonomi som får stønad. Konkurransetilsynet tildeler til saman 4,8 MNOK i forskingsmidlar fra det alminnelige prisreguleringsfond til fem prosjekter innen konkurranserett og konkurranseøkonomi.

– Vi har motteke ei rekke gode søknader frå anerkjente forskingsmiljø. Forskingsmidlane som vil bidra til auka kunnskap på fagområda og styrke dei forskingsmiljøa som gjer vurderingar av konkurransemessige problemstillingar, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i ei pressemelding.

Saman med  mellom anna sjeføkonom Kurt Brekke, har ho vurdert søknadane. Dei tre prosjekta som går til NHH-forskarar, er lagt til Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) ved NHH.

  • SNF ved førsteamanuensis Malin Arve ved Institutt for føretaksøkonomi og Centre for Business Economics og førsteamanuensis Ronny Gjendemsjø (Universitetet i Bergen) får 550.000 kr for 2019 og 850.000 kr for 2020, totalt 1.400.000 kr til prosjektet «Between predation and bid rigging: Competition issues in procurement markets» .

Arve og Gjendemsjø vil analysere unormalt lave bod samt anbudssamarbeid i offentlege og private innkjøpsmarknader, og vil kombinere økonomisk og juridisk teori og økonometrisk analyse.

  • SNF ved professor Tina Søreide, Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap, Centre for Business Economics og skattesenteret ved NHH og UiB-professor Erling Hjelmeng (professor II ved NHH). Dei får 718.500 kr for 2019 og 718.500 kr for 2020, totalt 1.437.000 kroner til prosjekt «Skyldkravet i konkurranseretten og alternative håndhevelsesformer». 

Prosjektet handlar om prinsipp for føretaksansvar i konkurransesaker, med betyding også for annan økonomisk kriminalitet.

  • SNF ved professor Hans Jarle Kind, Institutt for samfunnsøkonomi og Centre for Business Economics ved NHH får 600.000 kr for 2019 og 630.000 kr for 2020, totalt 1.230.000 kr til prosjektet «Price discrimination in the input market: efficiency enhancing or anti-competitive?»  Kind vil studere kva faktorar som gir opphav til prisdiskriminering mellom detaljister, og særleg sjå på tydinga av storleik.

Dei to neste tildelingane:

NORCE ved Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund tildeles 246.000 kr for 2019 til prosjektet Handheving av kartell i EU konkurranseretten. Prosjektet vil mellom anna sjå nærare på samspel mellom lemping og kriminialisering av kartell, og mellom lemping og erstatningskrav.

BECCLE – Bergen Center for Competition Law and Economics tildeles 485.000 kr for 2019 til gjennomføring av åpne seminarer innen konkurranserett og konkurranseøkonomi, tildeling av masterstipender innen konkurranserett og konkurranseøkonomi, samt til gjennomføring av BECCLE konferansen 2019 i konkurranserett og konkurranseøkonomi.