Gründerar med gode siktemål

Tina Saebi
Sosialt entreprenørskap er framleis eit uklart og omstridt omgrep som handlar om fleire nivå og trinn. Førsteamanuensis Tina Saebi meiner det er store hull i tidligare studiar. Foto: Helge Skodvin
Av Sigrid Folkestad

22. august 2018 12:46

Gründerar med gode siktemål

Mange kallar seg for sosiale entreprenørar, men få veit kva det eigentlig betyr. NHH-forskar Tina Saebi har granska 395 artiklar på feltet og er no publisert i Journal of Management.

Tina Saebi fekk nyleg publisert artikkelen «Social Entrepreneurship Research: Past Achievements and Future Promises» i prestisjetidsskriftet Journal of Management (se fakta).

Sosiale problem

Tina Saebi er førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing og forskar ved Center for Service Innovation (NHH). Ho publiserer artikkelen saman med tidlegare NHH-professor Nicolai Foss og Stefan Linder .

Sosialt entreprenørskap handlar om å utvikle nye løysningar på sosiale og samfunnsmessige problem. Fenomenet er ikkje nytt i Norge, men som forskingsfelt stiller det seg litt annleis. Omgrepet har vore brukt sidan 1950-åra, men det er berre det siste tiåret at forskarar frå ulike fagfelt har gjort studiar på sosialt entreprenørskap.

Åpnet kolonial for grønn fremtid

Tidligere NHH-student Anita Bui åpnet i høst zero waste-kolonialen Råvarene i Bergen. − De tester ut en ny forretningsmodell, sier Lars Jacob Tynes Pedersen.

Mellom anna har studiar vist at sosialt entreprenørskap kan redusere fattigdom og myndiggjere kvinner.

Uklart om kva det er

Difor, skriv forskarane, er ein gjennomgang og ei oversikt over resultat og manglar i tidlegare forsking nyttig for vidare studiar. Dei har studert 395 artiklar frå akademiske tidsskrift i toppsjiktet og konkluderer med følgjande:

Journal of management

Journal of Management er eit såkalla ABS-rangert journal på nivå 4*. Det er eit høgt rangert tidsskrift, som ligg på Financial Times´ liste over dei beste akademiske tidsskrifta innan forsking frå verdas handelshøgskular.

Sosialt entreprenørskap er framleis eit uklart og omstridt omgrep som handlar om fleire nivå og trinn. Det har vore granska på ulike analysenivå, men ikkje i ein eksplisitt setting. Forskarane meiner det er tre store hol i tidligare studiar.

For det første er forståinga av sosialt entreprenørskap uklar. Dette hindrar ikkje berre evna til å fremje vår innsikt i fenomenet, men også å etablere SE som eit distinkt konsept og dermed også legitimiteten til feltet.

Sosial og økonomisk verdiskaping

For vidare forsking, argumenterer dei for å sjå på SE som ei hybrid form der både sosial og økonomisk verdiskaping er viktige kriteriar for å avgrense sosialt entreprenørskap frå andre, relaterte fenomen.

For det andre, meiner Saebi og Foss, har det vore mangel på empiriske stordata, noko som har hindra evalueringa av reelle effektane av SE på samfunnsnivå.

Vidare skriv dei i konklusjonen at analyser på berre eitt nivå kan gi ei feil framstilling av fenomenet, og vi risikerer å gå glipp av ny kunnskap.

Høyere formål lønner seg

– Selskaper som genuint og effektivt satser på bærekraft og samfunnsansvar tar ut langsiktige gevinster, sier Ioannis Ioannou. På FIBE 2017 forteller han hvordan det bør gjøres. Ioannou og Idar Kreutzer er hovedtalere på FIBE.