Landbruksoppgåve vinnar av Lehmkuhlstipendet

Masterstudentane Aleksander Erstad og Hans Kristian Engmark
Masterstudentane Aleksander Erstad og Hans Kristian Engmark er årets vinnarar av Lehmkuhlstipendet på ein verdi av 25 000 kr. I grunngjevinga frå juryen blei det vektlagt at beslutningsstøttesystemet som studentane har laga bidrar til nyskapning og innovasjon i landsbruksnæringa. Foto: Helge Skodvin
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

27. september 2019 09:15

Landbruksoppgåve vinnar av Lehmkuhlstipendet

Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad er vinnarar av Lehmkuhlstipendet for masteroppgåve om korleis bønder kan bruke programmering til å planlegge produksjonen.

Lehmkuhlstipendet

  • Lehmkuhlstipendet blei oppretta 1. mai 1920.
  • Fondet deler ut stipend til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som viser særlege evner som kan fremme norsk næringsliv innan fagområda innovasjon og entreprenørskap.
  • Masteroppgåva skal enten være knyta til nye produkt/tenester eller til nye forretningsmodellar.

Masterstudentane Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad får 25 000 kr i stipend for masteroppgåva «Decision Making in Norwegian Dairy Farming Using Mathematical Programming - Maximising Farmer’s Gross Margin Under Subsidy Regulations».

Lehmkuhlstipendet delast ut årleg til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som har utmerka seg og som har satsa på innovasjon og/eller entreprenørskap. Stipendet blei delt ut etter Lehmkuhlførelesinga med seriegründer Henrik Lie-Nilsen.

Vinnarane har master i økonomi og administrasjon med spesialisering innan «Business Analytics». Rettleiarar for oppgåva var Mario Guajardo og Julio Cesar Góez frå Institutt for foretaksøkonomi. 

Komplekst reguleringsregime

Masteroppgåva til Engmark og Erstad handlar om landbruksnæringa, ei næring som er i sterk endring, med stadig konsolidering av produksjon og økt produktivitet.

Samtidig er næringa underlagt eit svært komplekst reguleringsregime, med utgangspunkt i ulike mål som effektivitet, forsyningssikkerhet, distriktspolitiske omsyn og bærekraft.

­ – Vinnaroppgåva har gjennom avanserte metodar frå matematisk programmering laga eit  beslutningsstøttesystem som gjer det enklare for bønder å planlegge produksjonen, sa Geir Mikalsen frå Bergen Næringsråd, som leste opp grunngjevinga på vegne av juryen i Kristofer Lehmkuhls fond.

Juryen bestod av Therese Sverdrup, Geir Mikalsen, Endre Bjørndal, Aksel Mjøs og Bram Timmermans.

Aktuell for landbruksnæringa: – Dei presenterer tekniske løysingar for å implementere eit beslutningsstøttesystem som kan bli gjort tilgjengelig for heile næringa, sa Geir Mikalesen (t.v.) frå Bergen Næringsråd, som leste opp grunngjevinga på vegne av juryen. Her saman med vinnarane av stipendet og jurymedlem og professor Endre Bjørndal. Foto: Helge Skodvin

Kan bli tatt i bruk av næringa

Vidare i grunngjevinga blei det framheva at vinnarane demonstrerer god innsikt, både om tidlegere forsking og praktiske forhold i næringa og dei viser at dei kan bruke avanserte modellverktøy.

– Ved hjelp av konkrete case viser dei korleis resultat frå planleggingsmodellane kan brukast i praksis og dei presenterer tekniske løysingar for å implementere eit beslutningsstøttesystem som kan bli gjort tilgjengelig for heile næringa, sa Mikalsen.

Juryen avslutta grunngjevinga med at oppgåva fremmer innovasjon: 

– Oppgåva bidrar til nyskapning og innovasjon i næringa og er i seg sjølv ein god forretningsidé, sa Mikalsen.

Les også: 

– Det har vore litt av eit år

Christian Braathen har jobba uhørt mykje. Gründeren har levert masteroppgåve og lansert arbeidsplanen.no. No påskjønner NHH han med Lehmkuhlstipendet.