Karrieretenester for bedrifter

Karrieretenester for bedrifter

Ønsker du å tilsetje ein NHH-student eller nyleg uteksaminert NHH-kandidat til å jobbe for deg utanfor Norge? Eller å tilsetje ein internasjonal NHH-student til å jobbe i Norge? Karrieresenter kan hjelpe deg i prosessen.

Vi samarbeider med bedrifter og organisasjonar om å rekruttere NHH-studentar til jobbar i utlandet, og om jobbmogelegheiter for internasjonale NHH-studentar i Norge.

Vi samarbeider tett med studentforeininga NHHS og andre studentorganisasjonar som AIESEC om karrieretenester. Dette gjev oss eit godt utgangspunkt for å skreddarsy våre tenester for å dekke behova til både partnerbedrifter og studentar.

kunngjering av internships og stillingar

Ønskjer du å kunngjere internships og/eller stillingar i utlandet, eller ønskjer du å tilsetje ein internasjonal NHH-student i Norge? Registrer di bedrift på Karrieresenterets jobbportal JobTeaser ved å trykke her:

Job teaser logo

 

Internasjonal karrieredag 

Studentforeningen NHHS og Karrieresenter arrangerer fleire karriereaktivitetar. Den største og viktigste er Karrieredagen som finn stad i september kvart år. Er du interessert i å presentere internasjonale karrieremogelegheiter i di bedrift, ta gjerne kontakt med oss.

MEET and Greet

Ønsker du å tilsetje ein internasjonal NHH-masterstudent som intern? Kvar haust søkjer studentar på internship hos norske bedrifter som samarbeider med NHH. Vi tek oss av søknadsprosess og de vel ut kven de vil intervjue. Meld di interesse til icc@nhh.no

NHH internship abroad programme

NHH Internship Abroad Programme er eit samarbeid mellom NHH og bedrifter som gjev tilbod om internships av høg kvalitet i utlandet. Våre faste bedriftspartnarar er DNB i London, OECD i Paris og Innovasjon Norge.

Ta gjerne kontakt med oss dersom NHH Internship Abroad-programmet er interessant for din bedrift.