Karrieretenester for bedrifter

Karrieretenester for bedrifter

Ønsker du å tilsetje ein NHH-student eller nyleg uteksaminert NHH-kandidat til å jobbe for deg utanfor Norge? Eller å tilsetje ein internasjonal NHH-student til å jobbe i Norge? Internasjonalt karrieresenter (ICC) kan hjelpe deg i prosessen.

Vi samarbeider med bedrifter og organisasjonar om å rekruttere NHH-studentar til jobbar i utlandet, og om jobbmogelegheiter for internasjonale NHH-studentar i Norge.

Vi samarbeider tett med studentforeininga NHHS og andre studentorganisasjonar som AIESEC om karrieretenester. Dette gjev oss eit godt utgangspunkt for å skreddarsy våre tenester for å dekke behova til både partnerbedrifter og studentar.

Sidan ein stor andel NHH-studentar får jobb før dei er ferdige med å studere, gir on-campus aktivitetar ein fin mogelegheit til å markedsføre di bedrift og finne din ideelle kandidat.

Internasjonal karrieredag 

Studentforeningen NHHS og ICC arrangerer fleire karriereaktivitetar. Den største og viktigste er Karrieredagen som finn stad i september kvart år. Er du interessert i å presentere internasjonale karrieremogelegheiter i di bedrift, ta gjerne kontakt med oss.

MEET and Greet

Ønsker du å tilsetje ein internasjonal NHH-masterstudent som intern? Kvar haust søkjer studentar på internship hos norske bedrifter som samarbeider med NHH. Vi tek oss av søknadsprosess og de vel ut nokon til å speed-intervjue på campus. Meld di interesse til icc@nhh.no

NHH internship abroad programme

NHH Internship Abroad Programme er eit samarbeid mellom NHH og bedrifter som gjev tilbod om internships av høg kvalitet i utlandet. Bedriftspartnarane er DNB i London, FAO/FN i Roma og konsulentselskapet OC&C i London.

Ta gjerne kontakt med oss dersom NHH Internship Abroad-programmet er interessant for din bedrift.

Internasjonale karrieretenester ved NHH er i stadig utvikling. Nye forslag og idear til samarbeid mottas med takk.