Erobrarane ved fjorden

Highsoft-tilsette
Frå Vik ved Sognefjorden har teknologibedrifta Highsoft gjort internasjonal suksess, men dei jaktar heile tida på nye mogelegheiter, og då er videreutdanning sentralt.
Av Ove Sjøstrøm

19. mai 2023 09:50

Erobrarane ved fjorden

Er det mogleg å erobre verda frå ei lita bygd på Vestlandet og bli ei av dei mest lønnsame bedriftene i landet?

I løpet av 13 år har Highsoft levert eit overskot på over 200 millionar kroner. Det gjer teknologibedrifta til ei av landets mest lønnsame. Og kanskje det mest oppsiktsvekkjande for dei uinnvigde, hovudkontoret ligg ikkje i Silicon Valley i USA, men i den vesle bygda Vik ved Sognefjorden.

– Halvparten av kundane våre er i USA, og nesten heile omsetninga vår stammar frå utlandet, men Highsoft har aldri vurdert å flytte frå vakre Vik, seier Henrik Holmberg, Head of Business Development i Highsoft.

– I ei digitalisert verd kan ein nå kven som helst, frå kvar som helst. Det opnar for store moglegheiter viss du skapar noko marknaden set pris på.

Og det er akkurat det gjengen frå Vik har klart å skape. Produktet heiter Highcharts, eit verktøy for dynamiske og interaktive grafar og diagram til bruk på nettet. Det har skaffa selskapet ein jamn straum av inntekter sidan oppstarten i 2009. På kundelista står mellom anna Twitter og Facebook.

Tok vidareutdanning

Henrik Holmberg
Henrik Holmberg er Head of Business Development i Highsoft, og jaktar nye forretningmoglegheiter for selskapet. Han valde Brytningstid frå NHH Executive då han skulle ta vidareutdanning.

Men selskap som driv med IT og programmering, kan ha kort levetid, understrekar Holmberg.

– For oss gjeld å ha ein venstrearm som utforskar andre forretningsmodellar og moglegheiter som sikrar oss mot endringar som vil komme i bransjen vår, seier han og legg til:

– Vi fokuserer på den daglege drifta og det vi tener pengar på no, men samtidig er vi også på aktiv leiting etter nye inntektsstraumar og nye forretningsmodellar.

I 2020 valde Holmberg å ta vidareutdanning hos NHH Executive.

– Eg kjenner NHH godt sidan eg har siviløkonomutdanninga mi derfrå. Då vart det naturleg for meg også å ta vidareutdanninga der.

Valet fall på Omstilling og Innovasjonsleiing – Brytningstid, eit studieprogram på masternivå som gir 30 studiepoeng.

Vestlandet i ei brytningstid

Programmet skal gjere bedrifter og verksemder i privat og offentleg sektor i stand til å handtere omstillingsutfordringar i møte med turbulente omgivnader, nye forretningsmodellar og grøn omstilling.

– Omstillingsarbeid krev endringskapasitet, djervskap og mot hos eigarar, leiarar og medarbeidarar, seier NHH-professor Helge Thorbjørnsen som er programleiar for Brytningstid.

– Studiet gir deltakarane gode verktøy for omstilling, og er basert på gruppearbeid og forelesingar med det siste innan omstilling og innovasjonsleiing på pensum.

Sparebanken Vest delfinansierer studiet gjennom samfunnsnyttige midlar for å styrkje omstillingsevna til bedrifter på heile Vestlandet. 

– Vestlendingen er full i skapartrong

Highsoft vart grunnlagd av Torstein Hønsi i 2009. Han eig 95 prosent av selskapet. Teknologieventyret i den vesle bygda ved Sognefjorden byrja med kartlegging av snø.

– Torstein er ein fødd skapar. Gründerar liker å lage nye ting, seier Holmberg, som fortel at Hønsi samla inn data om snømengda på Vikafjellet.

– Han laga ei open løysing som ikkje trong ein plug-in for å lage grafar på nett, i motsetning til Flash og Java. Dette vart byrjinga på IT-suksessen i Vik. Dette er eit godt døme på at vestlendingen er full i skapartrong.

– Kvifor valde du Brytningstid som vidareutdanning?

– Fordi Brytningstid-programmet går rett i kjernen på dei problema vi må løyse skal vi overleve som teknologibedrift i framtida, seier han og slår fast:

– Det var givande å gi den nye daglege leiaren i Highsoft, Atle Sivertsen, ein analyse av selskapet i form av oppgåva eg hadde jobba med på Brytningstid.

Sivertsen såg med ein gong potensialet i analysen til Holmberg. Toppsjefen har også teke vidareutdanning hos NHH Executive og har både Fintech-programmet og Design thinkink i bagasjen. Sivertsen veit kor vanskeleg det kan vere å endre etablerte strukturar i ei bedrift.

– Då eg hadde lese oppgåva til Henrik, var vi raskt i gang med å etablere ein tohendig organisasjonsmodell med mål om å utforske framtidige forretningsmoglegheiter for Highsoft. Dette er eit direkte resultat av vidareutdanninga til Henrik.

– Svært  anvendeleg

Videreutdanning må aldri undervurderast som innsatsfaktor i ei bedrift, understrekar Holmberg.

– Mykje av studiet har vore relevant når det gjeld å kunne tenkje tohendig for å utforske nye produkt og inntektskjelder, seier han.

– Kan du tilrå programmet til andre bedrifter på Vestlandet?

– Ja, fordi dette programmet er ei fantastisk gåve frå Sparebanken Vest og NHH til bedriftene på heile Vestlandet. Det er vanskeleg å måle verdien av dette programmet akkurat no, men eg er 100 prosent sikker på at dette vil vise ei kraftig oppside om nokre år, seier Holmberg,

– Alle bedrifter som skal overleve omstillingstakten som vi opplever no, bør vite kva tohendighet er. Her er Brytningstid eit fantastisk bra studium.

– Korleis vil du samanfatte Brytningstid?

– Den eine er det faglege innhaldet med gode forelesar og oppdatert kunnskap som er svært anvendeleg i eiga bedrift. Det andre er medstudentane. Eg hamna i ei fantastisk gruppe, med folk frå sjømatnæringa, helsevesenet og advokatnæringa. Alle reflekterte på ulikt vis rundt same problemstillingar som vi må løyse for å vere relevante i framtida.

Omstilling og Innovasjonsleiing – Brytningstid