Kvalitetsområde

Kvalitetsområde

For å kunne jobbe systematisk med kvalitetsarbeidet, har vi delt omgrepet utdanningskvalitet inn i fem område: inntakskvalitet, rammekvalitet, programkvalitet, undervisningskvalitet og kandidatkvalitet. Innanfor kvart av områda skal kvalitetssystemet bidra til både kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningstilbodet.

Inntakskvalitet skildrar studentane sine føresetnader for å studere og blir delt inn i individuell og kollektiv inntakskvalitet.

Rammekvalitet skildrar føresetnadene for studentane si læring og inkluderer studentane sitt fysiske og psykososiale læringsmiljø, dei tilsette si faglege og pedagogiske kompetanse, samt føremålstenlege administrative funksjonar, informasjonssystem og bibliotektenester.

Programkvalitet skildrar korleis programmet er utforma og strukturert for at studentane skal oppnå læringsutbytet på programnivå. Programkvalitet inkluderer både god programleiing og eit godt programdesign.

Undervisningskvalitet skildrar dei læringsaktivitetane som skal bidra til at studentane oppnår læringsutbytet i emnet. Dette omfattar undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer, samt pedagogiske verkemiddel.

Kandidatkvalitet skildrar den kunnskapen, dei ferdigheitene og den generelle kompetansen kandidatane har tileigna seg når dei blir uteksaminert frå NHH. Relevans og førebuing til både arbeidsmarknaden og master- og ph.d.-program nasjonalt og internasjonalt står sentralt.

For fleire detaljar, sjå systemskildringa.