Bli lærling på NHH

Bli lærling på NHH

Lærlinger på NHH. Foto: Ingunn Maarnes-Gjærde

Kva kan du bli lærling i?

  • Service- og administrasjonsfaget
  • IT-driftsfaget

Kvifor bli lærling på NHH?

Hos oss får du spennande fagleg utvikling, eit godt arbeidsmiljø og moglegheita til å reise på utveksling. Som ein trygg, statleg arbeidsgivar gir vi deg eit solid grunnlag for framtida. 

Søk læreplass

I søknaden skriv du litt om deg sjølv og kvifor du vil ha læreplass hos NHH. Send søknadsbrev og legg ved CV og eventuelt attestar.

Du kan også registrere ditt ønske om læreplass på vigo.no

  • Arbeidsoppgåver

    Arbeidsoppgåver

    Lærlingar ved NHH blir tilsett på forskjellige avdelingar og institutt. Arbeidsoppgåver kan variere frå lærling til lærling, men eksempler på oppgåver er:

    Service- og administrasjonsfaget

    • service og rettleiing
    • kontoradministrasjon og oppfølging av møter
    • innkjøp, budsjett og rekneskap
    • saksbehandling og svare på e-postar
    • planlegging og gjennomføring av arrangement

    IT-driftsfaget

    • drifte organisasjonen sitt IT-system
    • installasjon, bruk og vedlikehald av programvare
    • opplæring og rettleiing
    • nytte og utvikle rutiner
    • service og brukarstøtte

    I tillegg til desse oppgåvene, vil alle lærlingar i løpet av læretida få tilpassa oppgåver og opplæring. Vi dekker krava frå kompetansemåla og vi hjelper deg med førebuingar til fagprøven.

  • Arbeidstid

    Arbeidstid

    Du arbeider i gjennomsnitt 37,5 timar per veke, inkludert 20 minutt matpause.

    • Sommartid: 15. mai - 14. september: kl. 08:00-15:00
    • Vintertid: 15. september - 14. mai: kl. 08:00-15:45.

    Vi har kjernetid mellom kl 9 og 14:30, der du normalt skal vere til stade. Utanom det har vi ei fleksitid, der start og slutt på arbeidsdagen kan variere frå dag til dag.

    På NHH er det mogleg med heimekontor på enkelte dagar.

  • Lønn og ferie

    Lønn og ferie

    Lærlingar har stillingskode 1203, og kr 434 500,- i lønn før skatt (per 1. mai 2025).

    For dei som følgjer hovudmodellen med to års opplæring i vidaregåande skule og 2 år i ei bedrift, vil lønna vere slik:

    • 1. halvår: 30 %
    • 2. halvår: 40 %
    • 3. halvår: 50 %
    • 4. halvår: 80 %

    Som lærling har du rett til 5 veker ferie i året.

  • Utveksling

    Utveksling

    Som lærling ved NHH kan du reise på utveksling til europeiske land gjennom ordninga Erasmus+. Praksisopphaldet vil inngå som ein del av læretida. 

  • Velferdstilbod

    Velferdstilbod

    • Du kan få ei månadleg støtte på kr 200 til medlemskap på treningssenter, samt aktivitetar i regi av Norges Bedriftsidrettsforbund og forbund som er medlem av Norges Idrettsforbund.
    • I samarbeid med Sammen Lehmkuhl, har NHH gratis gruppetimar, inkludert yoga eller styrke for tilsette. Dette kan også avtalast som trening i arbeidstiden.
    • Rabatterte prisar på eit utval kulturtilbod, blant anna skikort og stand-up, i tillegg til rabatt på sushi osv.
    • Som NHH-tilsett får du moglegheit til å låne bedriftshytta på Kvamskogen for ein svært rimeleg pris.

Kontakt oss

Har du spørsmål om lærlingordninga?

Ta gjerne kontakt med oss på hr@nhh.no

Lurer du på korleis det er å vere lærling? 

Ta kontakt med Sara Gannau eller Rahim Islam, som er tidlegare lærlingar på NHH.