Turbinhjul vart NHH-skulptur

Rektor Frøystein Gjesdal og professor Gunnar S. Eskeland og mannskap frå BKK med turbinhjul. Foto: Hallvard Lyssand
Rektor Frøystein Gjesdal og professor Gunnar S. Eskeland inspiserte medan mannskap frå BKK monterte turbinhjulet sist fredag.
NHH Av Hallvard Lyssand

20. juni 2016 11:00

(oppdatert: 20. juni 2016 11:05)

Turbinhjul vart NHH-skulptur

Måndag formiddag fekk NHH overrekt siste tilskot til skulpturparken: Eit turbinhjul donert av BKK.

Gunnar Eskeland, Jannicke Hilland og Frøystein Gjesdal under overrekking av turbinhjul.
Symbolsk nok regna det då konsernsjef i BKK, Jannicke Hillland overrekte gåve til NHH måndag. Ho minna om at koplinga til vasskrafta og industrien på vestlandet vart nytta som argument for å få NHH til Bergen heilt frå starten.

Før det enda som utsmykking på NHH gjorde det såkalla løpehjulet teneste i ein av dei tre turbinane i kraftverket på Evanger i Voss kommune – eit kraftverk som i mange år var det tiande største i Noreg.

Hjulet vart  sett i drift i 1978 og byta ut i 2012 grunna ny teknologi som gjer at hjul med nyutforma skovlar er langt meir effektive.

Turbinhjul blir løfta på plass. Foto: Hallvard Lyssand
Ein diger mobilkran og ei rekkje lastebilar var involvert for å få buksert turbinhjulet på plass i parken på vestsida av NHH. Foto: Hallvard Lyssand

Verkelege avgjerder

Drivkrafta bak prosjektet med å få løpehjulet til NHH er professor Gunnar S. Eskeland ved Institutt for foretaksøkonomi i samarbeid med BKK.

– Eg er berre ein i ein lang rekkje her ved NHH og SNF som har arbeidd med kraftsektoren og spørsmål rundt denne – stundom i takt, stundom i skarpe ordskifte og listig revkrok, seier Eskeland.

– Når eg har lufta denne ideen er det mange som har spurt meg kvifor NHH skal ha eit turbinhjul ståande. ‘Vi er ein handelshøgskule, ikkje ein ingeniørhøgskule’. Men for meg er det nettopp poenget, held han fram.

– Det vi driv med her på NHH handlar om verkelege avgjerder med høgst reelle konsekvensar både samfunns- og miljømessig. Og frå eit slikt perspektiv kan eg knapt koma på eit betre bilete på alt frå økonomisk og industriell utvikling til energi- og miljøpolitikk.

Demokratisk forvalting

Overleveringa frå konsernsjef Jannicke Hilland i BKK til rektor Frøystein Gjesdal fann stad i førmiddag (måndag 20. juni), samstundes med at NHH er vertskap for den internasjonale IAEE-konferansen, som samlar 600 energiøkonomar og bransjefolk frå heile verda til eit tredagars program.

Pengemaskin

  • Turbinhjulet frå Evanger er 7,5 tonn tungt og kallast eit peltonhjul.
  • Det hadde 168000 driftstimar i perioden 1978 til 2012 og produserte 15 TWh totalt i driftstida (1 TWh = ein milliard kilowattimar).
  • Med dagens kraftpris har hjulet produsert to milliardar kroner, men historisk har naturligvis krafta vært verd mykje meir i forhold til arbeidsløna vår.

Kjelder: BKK og Gunnar S. Eskeland

– Mange av våre internasjonale energiøkonomi-kollegaer trekk Noreg fram som eit døme på at det er mogeleg å forvalta energiressursar på ein demokratisk måte til beste for samfunnet, og det tykkjer eg også at turbinhjulet kan tena som ei påminning om, seier Eskeland. Kan hende var det konsesjonslova og heimfallsretten som gjorde at me var førebudde då Nordsjøen skjedde? spør Eskeland.

– Då kraftutbyggingane skaut fart gjennom 1900-talet ville folk knapt ha forstått kvar eit verneønskje skulle koma frå, men energisektoren er spennande, og behov og prioriteringar vil skifta. No har ‘fornybar’ igjen fått plussord knytt til seg, og me skal på nytt vege for og imot, gjere noko og gje avkall på noko anna, konstaterer professoren, og avsluttar:

– Men poenget er atter ein gong at dette reelle avgjerder som vi menneske skal fatte. Høveleg for ein høgskule i økonomi, som tyder forvaltning av det vi har. For meg er skulpturen eit handtrykk mellom menneske og natur, berre funksjon, men det er vår funksjon. Somme tykkjer det vakkert – men vårt verk, det er det.

Besøk tema- og sentersidene våre for å lesa meir om NHH-forsking innan

ENE-senteret ved NHH

Les om Evanger kraftverk hos Store norske leksikon

Fleire nyheiter