NHH vald som mønsterpraksismodell

NHH

26. januar 2016 15:30

(oppdatert: 24. april 2016 20:37)

NHH vald som mønsterpraksismodell

Høgare utdanning har som strategisk mål å bli meir internasjonalisert. Samstundes er det eit viktig språkpolitisk mål å ta vare på norsk fagspråk. Korleis kan vi foreine desse to måla?

NHH har eit nasjonalt ansvar for å utvikle det norske fagspråket innan dei økonomisk-administrative fagområda, samstundes som vi har høge internasjonale ambisjonar.

Dette var tema då Språkrådet og NHH dro i gang prosjektet "Parallellspråkbruk i universitets- og høyskolesektoren" 25. januar 2016.

Bakgrunnen for at nettopp NHH er vald som mønsterpraksismodell, forklarer Åse Wetås, direktør i Språkrådet slik:

- Vi har vald NHH fordi vi meiner at NHH har svært gode føresetnadar til å gi prosjektet luft under vengene. NHH ligg langt framme i internasjonaliseringsarbeidet. I tillegg har handelshøgskulen eit godt fagmiljø innan terminologi og kommunikasjon.

Formålstenleg fordeling av engelsk og norsk

Målet med prosjektet er å skape større medvit om og forståing av termen parallellspråkbruk og av korleis slik bruk kan gjennomførast for å skape ei formålstenleg fordeling av engelsk og norsk i dei ulike kommunikasjonssituasjonane ved institusjonane i universitets- og høgskulesektoren. Prosjektet skal òg styrke nordisk språksamarbeid om parallellspråkbruk i sektoren.

Samfunnsansvar

Prorektor Sunniva Whittaker som leiar internasjonaliseringsarbeidet ved NHH, ser fram til å komme i gang med prosjektet.

- Høg medvit om bruken av norsk og engelsk er viktig, ikkje berre i undervisning, forsking, formidling men òg som administrasjonsspråk. NHH har eit nasjonalt ansvar for å utvikle det norske fagspråket innan dei økonomisk-administrative fagområda, samstundes som vi har høge internasjonale ambisjonar, seier Sunniva Whittaker og legg til:

- Dette prosjektet gir oss høve til å reflektere grundig rundt korleis vi faktisk bruker engelsk og norsk i praksis innafor dei ulike områda av verksemda vår. Det vil òg gi nyttige innspel til ei konkretisering av våre eigne språklege retningslinjer.

Å utvikle norsk fagspråk er ikkje ein akademisk selskapsleik.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet

- Å utvikle norsk fagspråk er ikkje ein akademisk selskapsleik. Universitets- og høgskulesektoren har eit samfunnsansvar. No må vi vise samfunnet kva som står på spill, sa Åse Wetås, direktør i Språkrådet på oppstartsmøtet.

Språkrådet har invitert NHH til å utvikle ein modell for parallellspråkbruk i praksis for korleis norsk og engelsk kan brukast ved sida av kvarandre på norske universitet og høgskular. Målet er at modellen som NHH kjem fram til skal kunne ha overføringsverdi for andre institusjonar i sektoren.

Førsteamanuensis Marita Kristiansen er involvert i prosjektet som leiar av Språkrådet sitt fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning.

I løpet av mars skal tilsette og studentar ved NHH delta i ei spørjeundersøking for å kartlegge bruken av norsk og engelsk i ulike kommunikasjonssituasjonar.

Men aller først skal leiinga ved NHH sette ned arbeidsgruppa for prosjektet.

Prosjektet varer ut 2016. Det er Kulturdepartementet som har initiert prosjektet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.

Les kronikk av Marita Kristiansen i Khrono (januar 2016): Vi trenger norsk også i den "globaliserte arbeidshverdagen".

Fleire nyheiter