Kor viktig er gründeren?

Innlegg

31. januar 2016 14:09

(oppdatert: 13. april 2016 15:00)

Kor viktig er gründeren?

Toppleiaren spelar ei avgjerande rolle for korleis eit selskap presterer, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs.

Media er stadig meir fokusert på einskildpersonar. Enten det er politikarar, næringslivsleiarar eller offer for kriser, så viser dei oss alltid individ. Dette kan verta lett gjenkjenneleg for oss, eller skapar heltar eller syndebukkar, men uansett så vekkjer det interesse.

Det er gode grunnar til å fokusera på nøkkelpersonar. Erfaring har vist at «rett person på rett plass» kan vera heilt avgjerande i politikken, verksemder, forsking, lagidrett, eller i eit lokalmiljø. Ein konsekvens av dette er betydinga av talentvurderingar og rekruttering.

Kan ikkje drivast av kven som helst

Finansfeltet er kjent for sitt fokus på det som kan teljast, enten det er rekneskapsresultat eller aksjeverdiar.

Likevel, nøkkelpersonar og kompetanse vert svært høgt verdsett også her. Ingen investor trur at ei verdiskapande verksemd kan drivast av kven som helst. Børsnoterte selskap vinn tillit i kapitalmarknaden først når sentrale investorar og analytikarar personleg får møta toppleiaren og vert imponert av han eller henne.

Aksjemarknaden kan dessutan vera eit svært nyttig verktøy for å måla verdien av tillit gjennom korleis kursane vert påverka t.d. ved skifte av toppleiar i eit selskap.
Hendingar og kursendringar

I ein velfungerande marknad syner aksjekursane kva kompetente og eksponerte investorar tenkjer om framtida til eit selskap, ut frå forventningar til vekst, lønsemd, og risiko. Finansforskarar nyttar difor kursendringane til å testa verdieffektane av alle slag hendingar, enten det er ny leiar i eit selskap, eller t.d. nye skattereglar.

Hugs at dei som gjennom sin handel fastset kursane, sjølv er ansvarlege for avkastning på investeringane. Det gjer at handlane viser nøkterne og ærlege tilbakemeldingar gjennom kursendringar, samanlikna med kva ofte media eller selskapet sjølv melder.

Verdien av en sjef

Kva er så verdien av ein god sjef? I eit arbeidsnotat, «Good and Bad CEOs?», som enno ikkje er publisert, har Dirk Jenter (London School of Economics), Egor Matveyev og Lukas Roth (Begge Alberta School of Business) sett på kurseffekten av at toppsjefar døyr på post.

Når dette skjer heilt uventa, gjev det kurseffekt. Dei har funne 458 slike dødsfall i børsnoterte amerikanske selskap mellom 1980 og 2012.

I gjennomsnitt fell selskapa med om lag 2,3 prosent i verdi ved uventa dødsfall.

Dersom leiaren både har grunnlagt selskapet og er i den yngste tredjedelen av utvalet - eller har vore i stillinga i under 8 år, er verdifallet på om lag 9% korrigert for marknaden i begge tilfella.

For eldre leiarar med lang fartstid og som ikkje grunnla selskapet, er det ingen signifikant verknad. Dersom dødsfallet er venta, t.d. grunna kjent sjukdom, er det signifikant positive effektar på 2-3 prosent, truleg ved at risikoen vert avklart og selskapet kan henta inn nye krefter.

Å skilja mellom det gode og håplause

Dette er store og interessante endringar, og viser at aksjemarknaden verkeleg verdset gode leiarar - og det motsette! Som eit apropos er det uråd å finna den direkte «verdien» av ein god politisk leiar sidan t.d. endra partioppslutning kan skuldast ei rekkje årsaker.

Kva er så verdien av ein gründer for eit oppstartsselskap?

I den aktuelle debatten er det mykje fokus på styrka finansiering av slike verksemder og betre offentlege tiltak. Det er langt mindre diskusjon om korleis ein skal skilja mellom gode og håplause idear - og gründertalent. Det er stor fare for at auka kapitaltilgang nettopp kan utnyttast av frimodige folk utan idear som har livets rett.

Sjølv om alle erkjenner at å spå om framtidig suksess er svært vanskeleg, så treng vi større fokus på utvalsprosessane og på kompetansen og incentiva til dei som utøver desse. Utfordringa er størst innan offentlege organisasjonar sidan private investorar uansett arbeider for eiga avkastning.

Døde vs. levande gründarar

Hans K. Hvide (Universitetet i Bergen) og Sascha Becker (University of Warwick) har i paperet «Do entrepreneurs matter?» analysert 205 nystarta norske selskap i åra frå 1999 til 2007 der gründeren dør før 2010. Her og gjev dødsfall gode vilkår for forskinga same kort trist det elles er.

Utviklinga i desse selskapa er samanlikna med liknande selskap der gründeren ikkje døydde. Selskapa er ikkje børsnoterte, så det er uråd å følgja aksjekursane og difor har dei sett på rekneskapsbasert utvikling og konkursar.

Dei finn at salet vert halvert og konkursraten dobla samanlikna med tilsvarande verksemder der gründeren ikkje dør. Verknadane er varige og ulikskapane er aukande med tida.

Forfattarane finn sterkast verknad i næringar med tung forsking og utvikling, høg kompetanse og høg salsvekst. Dei finn og at det er langt mindre effektar om ein leiar som ikkje er gründer, dør.

Resultata understrekar igjen kor viktig nøkkelpersonen er i nyskapande næringsutvikling, ei sentral samfunnsutfordring.

Og erfaring vs. potensiale

Oppsummert er det vesentlege at ein også i Noreg, der vi alle er like, fullt ut erkjenner at vi er avhengige av å velja rett personar for å sikra suksess.

  • Dersom oppgåvene er forutseielege og ein neppe møter uventa utfordringar, kan truleg tidlegare prestasjonar vera nyttige for kven ein vel som toppleiar, eller gjev kapital til å starta nytt.
  • Dersom det skal byggjast ny verksemd innan nye områder, eller ein vil møta store og uventa utfordringar, så er vurdering av personleg talent og potensiale langt viktigare enn kva ein har allereie har prestert

Artikkelen var på trykk i Aftenposten 31. januar 2016.

forskningsnytt