Patent-troll kan gje meir innovasjon

19. desember 2014 17:23

(oppdatert: 21. mars 2016 17:27)

Patent-troll kan gje meir innovasjon

Selskap som sikrar seg patentrettar kun for å krevje inn lisenspengar har eit dårleg rykte. Men forsking viser at patent-trolla kan gjere det lettare å tene pengar for små innovatørar.

Patent-troll, eller såkalla ikkje-praktiserande føretak, har namnebrørne sine i eventyra.

- Det var ein advokat i Intel som kom på namnet då dei vart saksøkte av eit selskap for patentrettar. Han samanlikna selskapet med trolla som hoppar fram frå under bruer og krev betaling frå dei som ønskjer å passere. På same måte meinte han at patent-trolla dukkar opp for å krevje inn pengar for patent dei har skaffa seg, seier postdoktor Steffen Juranek frå Institutt for foretaksøkonomi ved NHH.

Trolla i retten

Saman med Axel Haus frå Goethe Universitetet i Frankfurt har han forska på kva rolle patent-troll har i rettsprosessar.

- Generelt sett har patent-trolla blitt sett på som svært negative, men vi har funne at dei kan ha ein positiv effekt på innovasjon i marknaden, seier han.

Patent-trolla produserer ikkje noko sjølv, men tener pengar på å kjøpe store porteføljer med patent.

Kjøper porteføljer

- Dei tener pengar på selskap som går konkurs eller små innovatørar som arbeider frå garasjen. Tidlegare dreidde det seg hovudsakleg om softwareteknologi, der patentgrensene kunne vere uklåre, men i dag arbeider slike selskap med fleire typar patent, seier Juranek.

Ved å selje patentet til eit patent-troll, får dei betalt for jobben sin, og det blir meir lukrativt for små aktørar å vere innovative.

Steffen Juranek

Selskapa livnærer seg ved å krevje inn lisenspengar frå andre selskap. I 2002 var patent-troll årsaka til meir enn halvparten av alle rettsaker knytte til patent i USA.

- Det negative synet på patent-trolla går ut på at dei gjev selskap ein uventa ekstrakostnad. Slik kan ikkje-praktiserande føretak gjere innovasjon mindre lukrativt fordi ein risikerer å bli stevna når ein byrjar å produsere noko nytt.

Hjelper små aktørar

Når Juranek og Haus har gått gjennom patentrettsaker i USA finn dei likevel at spisskompetansen til patent-trolla kan ha ein positiv effekt på innovasjon i marknaden.

- Vi såg at 90 prosent av alle sakene endar i forlik. Når det var eit troll involvert, fann retten raskare fram til ei løysing. Det er svært krevjande å gå til retten mot eit patent-troll, og for å unngå dyre rettsaker vil mange føretrekke eit forlik. Slik effektiviserer patent-trolla lisensmarknaden.

Ved å selje patent til eit spesialisert patent-troll får små innovatørar eit betre høve til å tene pengar på arbeidet sitt.

- Sjølv om dei har patentet, er det ikkje så lett for ein liten aktør å krevje inn pengar frå store selskap. Ved å selje patentet til eit patent-troll, får dei betalt for jobben sin, og det blir meir lukrativt for små aktørar å vere innovative. Det er vanskeleg for eit lite selskap å saksøke til dømes Apple, men trolla har kompetansen og ressursane som krevst.

Klarare system i Europa

Medan patent-troll har ei stor rolle i patentsystemet i USA, er dei i liten grad til stades i Europa, inntil vidare.

- Det kan mellom anna kome av at rettsystema er ulike. I europeiske land må selskapa betale både eigne og motparten sine kostnader om dei taper i retten, medan dei i USA berre må betale eigne kostnader. Det gjer det mindre risikabelt å gå til sak, seier Juranek.

I tillegg meiner han at patentsystemet i Europa er tydelegare, og difor fører til færre rettstvistar.

- I USA finst det mange svake patent, der det kan vere uklart kva patentet gjeld. Då kan det vere verdt å prøve seg. Her i Europa er krava for eit patent strengare. Eit godt patentsystem gjer grensene for eit patent klare og fører til at konfliktar raskare blir løyst.

Tekst: Torill Sommerfelt Ervik