Satsar 104 mill kroner på skatteforsking

Av Hallvard Lyssand

19. september 2012 17:47

(oppdatert: 1. mars 2016 17:54)

Satsar 104 mill kroner på skatteforsking

- Eit godt skattesystem er heilt sentralt, men det kjem ikkje av seg sjølv. Eg ser fram til å samarbeida med dykk om å gjera eit godt system endå betre, sa finansminister Sigbjørn Johnsen då han onsdag opna NHH og UiO sine nye skatteforskingssenter.

Den offisielle opninga ved NHH onsdag markerte starten for høvesvis Norwegian Center for Taxation, som skal drivast i regi av NHH og SNF, og vert leia av professor Guttorm Schjelderup, og Oslo Fiscal Studies, som held til ved UiO under leiing av professor Vidar Christiansen.

Til saman vert det brukt 104 mill. kroner i dei nye sentra. Måla er å få ny kunnskap om skatt, skatteunndraging og etterleving av skattereglane, og å styrka forsking og undervisning innan både skatt og offentleg økonomi meir generelt.

Høgt skatta tryggingsnett

- Rett ved sidan av her er NHH sitt nybygg i ferd med å reisa seg. Det er eit godt døme på kva ein får for skattepengane, innleidde finansministeren under opninga.

Han konstaterte at skatt er noko som vedkjem alle direkte nærast frå vogge til grav, periodevis som mottakar, tidvis som bidragsytar.

- Skattesystemet er folkets beste ven, men det er også ein god ven for finansministeren, og dei ca. 1000 milliardar kronene som kjem inn, kjem godt med, vedgjekk Johnsen.

Ministeren la ikkje skjul på at skattenivået i Noreg er relativt høgt. Han understreka samstundes at det er tett samanheng mellom fungerande velferdsstatar og relativt høge skattenivå, noko den pågåande krisa i Europa kan illustrera.

- Eit robust skattesystem er bra å ha i botn, men bruk av inntektene må sjølvsagt diskuterast kontinuerleg. Det gjev systemet legitimitet. Både Noreg og andre land har dessutan potensiale for betre system. Samfunnet er i konstant endring og utvikling, og vi må heile tida søka kunnskap om korleis eit godt system verkar, sa Johnsen.

- Dette er eit viktig program på eit heilt sentralt område for samfunnet, og det er derfor vi bidreg med finansiering. Vi treng sterke fagmiljø på dette området, og vi treng å styrka utdanninga på master- og PhD-nivå for å sikra at vi får tilgang på folk med gode basiskunnskapar om både skatteøkonomi og offentleg økonomi generelt, heldt han fram.

Johnsen fastslo at ein hadde vald å støtta to senter fordi begge søknadane var gode, men samstundes hadde ulike tilnærmingar som legg opp til både gjensidig utfylling, litt konkurranse og ein del direkte samarbeid.

- Eit godt skattesystem kjem ikkje av seg sjølv. Med to senter er vi godt rusta til å møta utfordringane som er i vente, og eg ser fram til å samarbeida med dykk om eit endå betre skattesystem, slutta finansministeren.'

Solide tradisjonar

Rektor Jan I. Haaland er svært glad for etableringa av senteret på NHH.

- NHH har særleg gode føresetnader for å vera vert for et slikt senter. Vårt tverrfaglege miljø med samfunns- og bedriftsøkonomi, juss, åtferdsøkonomisk forsking og strategi og leiing, gjer oss godt rusta til å revitalisera forskinga på skatt og offentleg økonomi, seier han.

Under opninga påpeikte Haaland at NHH har solide tradisjonar innan forsking på offentleg økonomi, og nemnde mellom annan professorane Agnar Sandmo og Kåre Petter Hagen som heilt sentrale på området. Rektor understreka då også at det ikkje var tilfeldig at senteropninga var lagt til auditoriet som ber Sandmo sitt namn.

Skattedirektør Svein R. Kristensen fastslo at direktoratet er stolte over å få samarbeida med NHH.

- Vi er glade for at NHH nyttar heile breidda si, og også knyter til seg internasjonale kapasitetar. Samstundes har vi attraktive data i skattekista vår, og til saman trur eg forskinga vil bidra til å gjera samfunnet betre, konkluderte Kristensen.