Kompetanse skapar vekst

Kronikk Av Kjell Gunnar Salvanes

5. juli 2011 21:10

(oppdatert: 1. mars 2016 21:14)

Kompetanse skapar vekst

Kronikk: Kunnskapsjobbane i næringslivet veks mest. Mindre sentrale regionar har ikkje fått del i utviklinga - anna enn ved at ungdomane deira som tar høgare utdanning flyttar inn til byane. Vi kan og må snu denne utviklinga, skriv professor Kjell Gunnar Salvanes og regionaldirektør Hordaland fylkeskommune Jan Per Styve i Bergens Tidende 5. juli 2011.

Nye arbeidsplassar skapar vekst og utvikling. I dag er det dei såkalla kompetansearbeidsplassane som er den viktigaste drivkrafta. Men slike arbeidsplassar er svært ulikt fordelt i landet vårt. Denne regionale ubalansen vil forsterke seg ytterlegare om ikkje kraftfulle tiltak blir sett i verk. Satsing på infrastruktur som gir større bu- og arbeidsregionar er truleg det viktigaste tiltaket. Kyststamvegen, Trekantsambandet og Hardangerbrua er døme på slike prosjekt.

Regional ubalanse

Det er dei kompetanseintensive næringane som veks i Norge og i andre vestlege land. Dei siste ti åra har denne veksten vore meir enn dobbelt så høg (32 %) som for andre næringar (15 %). Men denne veksten har først og fremst kome dei større byområda til gode.

Mindre sentrale regionar har ikkje fått tatt del i utviklinga - anna enn ved at ungdomane deira som tar høgare utdanning flyttar frå distrikta og inn til byane. Det er nemleg dei unge med høgare utdanning som først og fremst flyttar, og dei flyttar dit kunnskapsjobbane veks.

Denne omstillinga skapar regional ubalanse. I løpet av dei siste 20 åra har hovudstadsregionen og storbyregionane hatt ein folketalsvekst på over 25 %, medan tettstadregionar og spreittbygde regionar har hatt ein nedgang på høvesvis 5 % og 13 %.

Treng tiltak

Det er kunnskapsjobbane i næringslivet som veks mest og som er den viktigaste drivkrafta for utviklinga framover. Offentleg verksemd bidrar noko til å sikre spreiing av slike arbeidsplassar i heile landet, og det er viktig for å sikre breidde i arbeidsmarknaden også i distrikta. Men desse vil i seg sjølv ikkje vere tilstrekkeleg til å snu den ubalansen vi i dag.

Kompetansearbeidsplassutvalet la i mars fram si innstilling (NOU 2011:13) der denne utviklinga blir dokumentert. Vi var begge med i dette utvalet. Ein hovudkonklusjon i innstillinga er at det er behov for kraftfulle tiltak for å snu utviklinga. Ei balansert regional utvikling kan ikkje realiserast med mindre kunnskapsjobbane blir skapt og rekruttert til over heile landet. Dette vil også gi vesentlege samfunnsøkonomiske gevinstar i form av mindre sløsing med arbeidskraft, som er den viktigaste ressursen. Utan tiltak vil den regionale ubalansen raskt forsterkast og skape ei utvikling som bryt med alle politiske målsetjingar i den norske distrikts-, regional- og sysselsetjingspolitikken.

Sats på regionale sentra

Det er ikkje realistisk å rekne med at alle bygder og distrikt har dei føresetnadene som er nødvendige for å skape grobotn for kompetansearbeidsplassar. Det krevst ein viss storleik på arbeidsmarknadene, tilgang på arbeidskraft og kapital, nærleik til og samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar, digital infrastruktur og kommunikasjonar. Det er dette som skaper robuste arbeidsmarknader som er attraktive nok til å trekkje til seg både kompetanseintensive verksemder og høgt utdanna arbeidskraft.

Derfor bør ein satse på regionale sentra som har ein viss storleik, tilstrekkelege urbanitet og breidde i arbeidsmarknaden. Å plassere ei handfull kompetansearbeidsplassar i ei lita bygd vil sjeldan føre til utvikling av nye arbeidsplassar. Tvert imot risikerer ein i slike marginale arbeidsmarknader å skape ein uheldig konkurranse for eksisterande næringsliv.

Kompetansearbeidsplassane i regionale sentra kan gi viktige vekstimpulsar til omliggjande kommunar og såleis skape robuste regionar. Med ein god infrastruktur som mogleggjer pendling, vil mange velje å bu i nabokommunane.

Infrastruktur avgjerande

For å skape slike dynamiske bu- og arbeidsregionar må det satsast på utbygging av infrastruktur som bind regionen saman. Slik oppnår ein regionforstørring i form av ein større arbeidsmarknad - og aukar attraktiviteten både for etablering av kompetanseintensive verksemder og for å trekkje til seg arbeidskraft med høg kompetanse.

Sogndals-regionen er eit godt døme på dette. Regionsenteret Sogndal og nabokommunen Leikanger har mange kompetansearbeidsplassar. Mange av dei som fyller desse jobbane bur i nabokommunane Balestrand, Vik, Luster, Lærdal og Årdal. God infrastruktur mogleggjer pendling utan store ulemper. Samla skapar dette ein dynamisk bu- og arbeidsregion, og gir tilflytting og tilbakeflytting av personar med høgare utdanning til både tettstader og utkantbygder i regionen. Og det gir eit godt grunnlag for rekruttering til kunnskapsjobbane.

Utbygging av Kyststamvegen er eit svært relevant prosjekt for å skape fleire bu- og arbeidsregionar i Hordaland, og dermed gjere det meir attraktivt å utvikle kompetanseintensive verksemder. Trekantsambandet i Sunnhordland har heilt klart slike effektar. Hardangerbrua kan vere eit godt bidrag for å knytte saman Hardanger og Voss til ein meir robust region.

Utdanna befolkning

Fleire kompetansearbeidsplassar gir auka etterspørsel etter meir utdanna arbeidskraft. Norge har ein av dei høgast utdanna befolkningane med 27 prosent av befolkninga med fullført utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Og det er venta at meir enn 40 prosent av befolkninga vil ha høgare utdanning om eit par tiår.

Men Norge er også eit av landa i Europa med størst regionale forskjellar i utdanningsnivå. I den yrkesaktive befolkninga er det 35-40 prosent med høgskuleutdanning i områda med tettast folkesetnad, medan det ikkje er meir enn 20 prosent i dei minst folkerike områda. Dette betyr ikkje berre at utdanningstendensen er mykje høgare i byane enn i distrikta, men at unge med utdanning flyttar meir, og dei flyttar til område som har gode jobb- og utdanningstilbod. Med andre ord flyttar dei til regionale sentra med meir robuste arbeidsmarknader. Utdanningssamfunnet er slik ein forsterkande faktor i sentraliseringa mot byar og regionale sentra.

Utviklinga kan endrast

Ei meir regional balansert utvikling når det gjeld kompetansearbeidsplassar vil gi samfunnsøkonomiske gevinstar. Dette krev målretta innsats - med treffsikre verkemiddel. Det høge utdanningsnivået i Norge gir oss svært gode føresetnader for å utvikle kunnskapsnæringar.

Men det er ikkje samfunnsøkonomisk ønskjeleg at slike næringar og kunnskapsjobbar berre veks i dei større byområda. Det må satsast på attraktive regionale sentra og infrastruktur som byggjer robuste bu- og arbeidsregionar. Då kan kompetansearbeidsplassar bli drivkraft for vekst i heile landet. Utan målretta tiltak vil resultatet nokså sikkert bli auka regional ubalanse.