Ventar på noko verre

Av Sigrid Folkestad

9. november 2010 17:40

(oppdatert: 7. mars 2016 17:44)

Ventar på noko verre

Heilt sentralt i den fagøkonomiske debatten akkurat no er om den økonomiske krisa er over. I den augneblinken vi trur at verda er på veg opp, er det mange som hevdar at vi står framfor ein såkalla dobbeldipp. Ei heil verd vil gå nedover, meiner desse økonomane.

I ein ny rapport presenterer ei rekkje forskarar ved NHH ei oversikt over økonomifaget si forståing av kriser i verdsøkonomien.

Rapporten «Crisis, Restructuring and Growth: A Macroeconomic Perspective» er skriven av forskarane Ingvild Almås, Gernot Doppelhofer, Jens Christian Haatvedt, Jan Tore Klovland, Krisztina Molnár og Øystein Thøgersen.

Dette er ein del av ein serie innanfor programmet Krise, omstilling og vekst, som professor Victor D. Norman leier. Førsteamanuensis Gernot Doppelhofer leier makroøkonomidelen i kriseprogrammet.

- Den første delen av rapporten gir ei oversikt over kva vi vil med desse emna, og han samanfattar faglitteraturen om finanskrisa. Den andre delen av rapporten presenterer ei skisse over kva vi ved NHH planlegg å forske på i framtida, seier Doppelhofer.

Dommedagsprofetiane

Øystein Thøgersen understrekar at prosjektet er svært og består av mange delar, men at forskarane no er opptekne av dei motstridande påstandane om kvar vi står i kriseutviklinga. Kva vil framtida bringe? Økonomane plasserer seg på UVW-kurva alt etter kor optimistiske eller pessimistiske dei er til at verdsøkonomien skal restituere seg. Går det slakt opp, bratt opp, eller ber det rake vegen nedover igjen?

Mange fagøkonomar meiner at vi er på veg ned att, seier professor Øystein Thøgersen. Dei seier at vi har vore i ein mellomfase der vi trudde at det gjekk betre, men at vi no er på stupet av ein lågkonjunktur.

- Vi kan diskutere om vi er i ein fase der krisa er tilbakelagd. Men i den augneblinken vi trur at verda er på veg ut av henne, er det mange som hevdar at vi står framfor ein såkalla dobbeldipp - at vi no er på stupet av ein ny lågkonjunktur. Det er interessant å sjå på den amerikanske økonomiprofessoren og nobelprisvinnaren Joseph Stiglitz, som spelte ei viktig rolle i Clinton-administrasjonen på nittitalet. Han hevdar at USA kan vente seg tjue år med nedgang.

Sjølv om Kina er ein vekstmotor, er det klart at dersom USA, som framleis er verdas største økonomi, skal ha tjue år med nullvekst eller svært låg vekst, kjem det til å bety noko for heile resten av verda, meiner Thøgersen - i alle fall om du trur på dei som hevdar at Kina eigentleg er ei boble. Då vil det verkeleg gå nedover globalt.

- Festar du lit til desse dommedagsprofetane, har vi altså tjue års nedgang i vente. Personleg har eg vanskeleg for å tru på dei som lanserer slike ekstremscenario - at det skal gå nedover med heile verda.

Dei makroøkonomiske spørsmåla

Det er to breie makroøkonomiske spørsmål som er ekstremt viktige i ein slik postkrisefase, seier forskarane bak rapporten, og dei tek opp begge i det nyleg publiserte arbeidet sitt, som no er tilgjengeleg på nettsidene til SNF.

Det eine er kva som vil skje med veksten i etterkant av store resesjonar - med store fall i både BNP og i sysselsetjinga. Det skaper ein situasjon der bankvesenet og finanssektoren sluttar å fungere optimalt, og der bankane ikkje gjer jobben dei er til for, nemleg å låne kapital til næringslivet og hushalda i tilstrekkeleg grad, seier dei.

- Fleire forskarar refererer til data som viser at gjennomsnittsveksten ser ut til å falle i mange år framover for dei som er ramma. Stiglitz tek dette pessimistiske utgangspunktet verkeleg på alvor og seier at det vil bli endå verre enn andre økonomiske kriser gjennom historia har vore.

Eit anna heilt grunnleggjande spørsmål er kva som skjer med land som har svært høg offentleg gjeld.

- Kva skjer med land når den offentlege gjelda er på over 90 prosent? spør Thøgersen. Då er det fare på ferde. Land som kjem over 90 prosent, er i stor fare for å hamne i ein fallande spiral. Hellas, til dømes, ligg dårleg an, utan at det er nokon global fare, sidan landet er så lite. Men det er også andre land med svært høg gjeld.

Neste land ut kan vere Spania. Og kva skjer med USA? Kva skal ein gjere - vere redd? Går det i hundane? Her har makroøkonomien behov for ny forsking, seier Thøgersen.

Det finst to ytterpunkt i makrofaget, fortel forskarane. Det eine seier at offentleg gjeld er eit alvorleg problem, og at politikarane må halde igjen og ikkje bruke offentlege pengar på alle gode formål i ein slik fase av krisa.

- Dersom du har brukt opp alle pengane på førehand og har masse offentleg gjeld, er verktøykassa dessverre tom. Det er sjølvsagt ikkje noko problem for oljerike Noreg, men for mange av landa som har høg og stigande statsgjeld, blir det utfordrande.

Fordelingseffekten

Andre makroøkonomar meiner at offentleg gjeld er eit langsiktig problem, og at vi ikkje kan unne oss den luksusen det er å konsentrere seg om langsiktige problem. Vi må ta dei kortsiktige problema, seier dei.

- Både Stiglitz og Paul Krugman seier at vi må bruke meir pengar. Pøse på med pengar - det er resepten dei to nobelprisvinnarane skriv ut, seier Thøgersen kritisk.

- Krugman og Stiglitz er uroa for fordelingseffekten, seier førsteamanuensis Gernot Doppelhofer. Den britiske regjeringa begynner no å spare ganske dramatisk, og det går langt inn i offentleg sektor, med konsekvensar for både skulevesenet og forsvaret. Krugman og Stiglitz er urolege for konsekvensane for den fattigaste delen av befolkninga når myndigheitene sparer inn på utgiftene til offentlege ytingar. Dei kastar eit kritisk lys over fordelingseffektane av desse innsparingane, seier Doppelhofer. Eit problem er at restruktureringa ikkje kom tidlegare i gang, og at regjeringa no har så liten fleksibilitet.

Kva skjer med vekstbiletet 10, 15 eller 20 år etter ei krise, og kva skjer med land som har stor offentleg gjeld, spesielt land som tilhøyrer «hovudspelarane» i verda? Dette er

spørsmål som forskarane dreg med seg inn i dei kommande forskingsprosjekta i Krise, omstilling og vekst-programmet.

Historiske kriser har vore løyste på andre måtar enn i dag, og lærdommen frå den store depresjonen er klinkande klar, seier professor Jan Tore Klovland.

- The Fed møtte skarp kritikk for ikkje å ha gripe inn. I dag er ikkje dette så kontroversielt. Sentralbanken i USA greip resolutt inn.

Klovland skriv i denne rapporten om historiske kriser og erfaringar med ulike politiske og økonomiske reaksjonar.

Tilbake til normalen

- Det som er populært i media, er å samanlikne krisa i dag med krisa i mellomkrigstida: aksjekrakket på Wall Street i 1929. Mykje av policy-responsen vi har sett i dagens krise, er sterkt prega av det vi lærte under og etter den store depresjonen. Sentralbanksjef Ben Bernanke er ein av verdas absolutt fremste akademiske forskarar på økonomisk historie og denne typen kriser, og det er store forskjellar på responsen då og no. Profesjonen har gått framover. No tredde til dømes sentralbanken inn for fullt og pøste ut likviditet i banksystemet, seier Klovland.

Eit av dei interessante spørsmåla akkurat no, meiner Klovland, er når sentralbankane verda over skal begynne å normalisere verksemda. Balansen er blåst opp og har for så vidt same omfanget enno, men det må på eit punkt kome ei normalisering i retning av lavere likviditetstilførsel frå sentralbanken.

- I 1937 blei det ein tilstramming av pengepolitikken, og sentralbanken skapte ei svært kraftig nedgangsbølgje. Då gjekk kurva like bratt ned som i 1929, men landet blei redda av opprustinga før andre verdskrigen, så det blei inga langvarig krise - berre ei kortvarig og veldig djup ei.

Proteksjonisme

- Å halde det finansielle systemet flytande er avgjerande. Det må ein gjere koste kva det koste vil. Men dimensjonane i nedgangskonjunkturen i realøkonomien den gongen var verkeleg store. Ein tredjedel av BNP forsvann. Ein nedgang på 30 prosent i BNP - det er heilt utenkjeleg i våre dagar.

- Kvifor blei den store depresjonen så, vel, stor? skyt Thøgersen inn.

- Jo, det var fordi dei ikkje dreiv nokon aktiv stabiliseringspolitikk, verken penge- eller finanspolitikk. Det dei gjorde, var å setje i verk handelskrigar. Hadde vi gjort det same som dei gjorde den gongen - altså ingenting - hadde vi fått noko som var like ille, hevdar Thøgersen.

- Proteksjonismen bidrog sterkt til at verdshandelen skrumpa inn. Det hadde mildt sagt uheldige verknader, men trass i dette er det stadig nokre interessegrupper som ønskjer ein meir regulert verdshandel og større tollbarrierar, seier Klovland.

Klovland understrekar at det er tydelege likskapstrekk mellom, men òg klare forskjellar på, dei to krisene som oppstod med åtti års mellomrom; ikkje minst er det store forskjellar i policy.

- Først såg krakket i 1929 ut som ein vanleg syklus, men så fekk verda ein dobbeldipp, som enkelte, kanskje med rette, meiner at vi vil få også denne gongen. Styrken i utslaget blir likevel ikkje det same. Vi får ikkje noko tilsvarande samanbrot i finanssystemet, meiner Klovland.

Predikasjonar

Gernot Doppelhofer og fleire andre NHH-forskarar skal forske på problemstillingar knytte til feltet predikasjonar.

- Vi ser på ein type perfect storm-scenario der fleire forskjellige faktorar verkar saman og styrkjer kvarandre. Målet er å finne ut om du kan predikere ein perfekt storm, der ulike faktorar kjem saman og dannar ei endå større krise, i kontrast til ein vanleg resesjon, som ein har oftare.

- Dersom ein ser på dei historiske krisene, og lærdommen av dei, kvifor var det då så vanskeleg å seie frå på førehand når krisa var så omfattande?

- Ja, som dronning Elisabeth er blitt sitert på gjentekne gonger: Dersom dette var så stort, kvifor var det ingen som såg at det var på veg? seier Klovland.

- Økonomane såg at den utviklingsbanen ikkje var vidareførbar. Vi sa det, ikkje berre vi som sat her, men økonomibransjen òg. Det går ikkje at land berre låner seg meir og meir opp - dette vil ikkje halde. Men det er ingen gitt å spå når dette utløyser ein ukontrollerbar spiral. Når mister institusjonane tilliten til kvarandre? Det er psykologi, ikkje sant, seier Thøgersen.

«Ein annan tulling»-teori

Forskarane er einige om at det var ganske mange som såg at ei krise kunne vere i emning, men ikkje når eller korleis ho ville ramme dei ulike landa i verda.

- Makroøkonomi er teorien om menneskeleg åtferd, presiserer Thøgersen. Dette har eg forelese om i mange år. Vi har presentert grafane som viser at USA er blitt meir og meir forgjelda, og sagt at her er det fare på ferde. Men det er ingen gitt å seie når bobla sprekk. I ettertid kan du seie at det var bustadmarknadsbobla på åtti- og nittitalet som måtte sprekke, men der og då - i notida - veit du ikkje akkurat når det skjer.

- Så lenge det er ein annan som kjøper huset ditt, er det jo greitt. Another fooltype-teori seier litt om dette. Du skjønnar på ein måte at det ikkje kan halde fram, men det er greitt så lenge andre køyrer på.

Slik er det i aksjemarknaden, og slik er det i bustadmarknaden, meiner forskarane.

Til forsvar formakroøkonomane

Økonomane har godt tak på kva som skaper eksponering for forstyrringar, meiner dei. Og grunnen til at Noreg klarer seg så bra, er dels at politikarane har hatt ganske høg disiplin i norsk økonomi. Det kan tenkjast andre måtar å bruke oljepengane på, noko som hadde sett Noreg i ein heilt annan situasjon då sjokket kom. Vi har eit svært oljefond, og det har blitt brukt disiplinert.

- Så når nokon spør kvifor makroøkonomane ikkje sa frå, må ein sjå det i perspektiv. Det er klart at handlingsregelen i Noreg er makroøkonomane sitt produkt, og det at Noreg følgde den overforsiktige handlingsregelen, gjorde oss på ein heilt spesiell måte i stand til å tole finanskrisa. Noreg hadde masse midlar å skyte inn då vi trong det. Det var ikkje noko problem for den norske staten å finansiere gullkortet til bankane. Då krisa kom, fall oljeprisen som ein stein. Fordi vi berre brukte avkastinga på fondet, var vi ikkje eksponerte for eit slikt sjokk.

- Det er eitt døme på at ein fagleg basert regel har fått verke, og at politikarane har akseptert ein slik regel, seier Thøgersen.

Framtidig forsking

Framtidig makroøkonomisk forsking innanfor kriseprogrammet ved NHH og

SNF skal ta opp ei rekkje vidfemnande tema. NHH-forskarane skal sjå på kva som skjer med land når dei kjem ut av resesjonen, og kva policy-lærdom det bør få. Kva gjer enkelte rett, og kva gjer andre feil? Dette er eit av dei store makroøkonomiske spørsmåla i kriseprogrammet.

Øystein Thøgersen og postdoktor Ingvild Almås skal i gang med ein studie der dei skal sjå på dei ulike økonomiane i verda. Kven har det gått dårleg med, og kven har komme seg opp att? Forskarane vil sjå på ulike økonomiske reformer i USA og Kina.

- Sentrale spørsmål er korleis ulike politiske reformer påverkar landa, og kva som skjer med balansen mellom dei, seier Thøgersen. Gernot Doppelhofer er, saman med NHH-forskaren Krisztina Molnár, i gang med eit arbeid som dei har kalla «Jointness of Determinants of Financial Crises».

- Vi skal undersøkje korleis forskjellige faktorar verkar saman i oppløpet til og under ei krise, for å kunne gjere oss betre i stand til å predikere økonomiske kriser. Motivasjonen er å forstå kva som førte til finanskrisa som slo gjennom i februar 2007. Dei to forskarane vil sjå på tilfelle av gjeldskrise, bankkrise og valutakrise og kombinasjonar av dei to sistnemnde, såkalla tvillingkriser. Den andre delen av prosjekt til Doppelhofer og Molnár har tittelen «Expectations and Crisis». Der kjem dei til å analysere kva samanhengar det er mellom forventingar og uvisse og utvikling av økonomiske kriser.

Rapporten «Crisis, Restructuring and Growth: A Macroeconomic Perspective» er tilgjengelig på www.snf.no.