Når fotball blir politikk

Innlegg Av Johannes A. Nymark

11. juni 2010 18:35

(oppdatert: 7. mars 2016 18:37)

Når fotball blir politikk

Kronikk: Nazistane og fascistane nytta verdas mest populære sport i sin propaganda. Men fotballen har òg samla nasjonar og eggja til kamp mot undertrykking, skriv Johannes Nymark i Bergens Tidende - på åpningsdagen for fotball VM 2010 - fredag 11. juni.

Før raseskiljepolitikken blei oppheva i Sør-Afrika, var fotballen, som idrett elles, eitt av dei områda der apartheid blei nytta. I dag nyttar ein fotballsporten som eit middel til å forsona farga og kvite.

Då Sør-Afrika tok imot dei 16 landa som i 1996 tok del i den afrikanske nasjonscupen, var det første gongen den afrikanske stormakta var vert for denne turneringa. Arrangørlandet var medvite om at det konsoliderte integreringa med dei andre landa på det afrikanske kontinentet, etter å ha vore ekskludert i 30 år. No står Sør-Afrika som første afrikanske arrangør av eit fotball-VM.

Internasjonale idrettsarrangement og i særleg grad VM i verdas mest populære sport, fotball, blir ofte nytta politisk og minnest også ut frå politiske konsekvensar som ein først i ettertid kan sjå klart føre seg.

Skapar identitet

Det første landet som arrangerte - og vann - VM i fotball, Uruguay, fekk konsolidert eigen nasjonal identitet gjennom sigrane over dei to store naboane, Argentina i 1930 og Brasil i 1950. Fram til då hadde dei intellektuelle i Uruguay spurt seg sjølve om landet var provins eller nasjon, i ein kontekst der så vel Argentina som Brasil hadde hatt lyst til å innlemma landet i sine respektive territorium.

Den andre verdsmeisteren i fotball, Italia, nytta sigrane på 1930-talet til å propagandera for fascismen under Mussolini. «I-ta-lia… Du-ce… Du-ce… I-ta-lia», skreik dei oppglødde tilskodarane med referanse til Føraren (il Duce) Benito Mussolini, etter at Italia hadde slått Tsjekkoslovakia i finalen på heimebane i 1934.

Italia forsvarte tittelen i 1938 med 4-2-siger over Ungarn i finalen. Meisterskapen denne gongen gjekk føre seg i Frankrike og skjedde i ein atmosfære proppfull av politisk symbolikk. Nazi-Tyskland hadde same året okkupert Wien, og fem austerrikske spelarar blei innlemma i det tyske fotballandslaget. Jødar blei derimot utelukka.

Tysklands problem

Nasjonalismen hadde harde vilkår etter Hitler-epoken, og det var først med Konrad Adenauer og VM-sigeren i fotball i 1954 at tyskarane følte at dei var noko. Den stigmatiserte nasjonalismen førte til skipinga av føderale institusjonar: Bundestag, Bundespost og Bundesbahn. Berre i fotballen heldt ein fram med det nasjonale som før: die Nationalmannschaft, som spelte for Bundesrepublik Deutschland (Vest-Tyskland). Somme politiske kommentatorar ser på VM-sigeren i 1954 som den verkelege starten for forbundsrepublikken. På merkeleg vis gjekk den politiske utviklinga for dei to Tyskland hand i hand med suksessar på fotballbana.

Hjelpte fram tysk einskap

VM-sigeren på heimebane i 1974 markerte at Vest-Tyskland var endeleg akseptert i det internasjonale fellesskapet. I november 1973 blei landet tatt opp i FN, og før det hadde Willy Brandt i 1971 fått Nobels fredspris for sin Ostpolitik. Året etter gjekk Nobelprisen i litteratur til Heinrich Böll, forfattaren som ihuga arbeidde for at dei to Tyskland måtte samlast att under ei demokratisk fane. I 1990 blei det ny VM-siger i fotball, om lag på same tid som austblokka gjekk i oppløysing og Brandt og Böll sine draumar om tysk einskap gjekk i oppfylling.

Då det første VM etter den 2. verdskrigen gjekk av stabelen i Brasil i 1950, var verda nett blitt delt inn i ei austblokk og ei vestblokk. Ingen land i austblokka var med i den meisterskapen.

Brasil blei føredøme

Internasjonal strid sette òg sitt stempel på andre meisterskapar. Alt frå kvalifiseringsspelet var VM i Sverige i 1958 prega av Midtausten-konfliktane. Suez-krisa i 1956 hadde skapt ei antiisraelsk haldning i den arabiske verda, og ingen land i Afrika/Asia-gruppa ville møta Israel. Før staten Israel blei skipa i 1948, var eit landslag med namnet Palestina med i kvalifiseringa til VM i Italia i 1934, og PLO sendte frå 1964 landslag ut på turnear for å sikra politisk støtte til palestinarane si sak.

Somme har peika på kor viktig fotballen var for ein av dei verkeleg store politiske prosessane i moderne tid: avkoloniseringsprosessane sør i verda. I Afrika og Asia ser ein på Brasil som eit føredøme - og ikkje berre innan fotballen - noko alle turneane til fotballklubben Santos, «Pelé Futebol Club», var sterkt medverkande til. Politiske leiarar i afrikanske og asiatiske land meiner tilmed at populariteten til Pelé inspirerte frigjeringsrørsler ved å visa at det går an for folka i sør å ta opp kampen mot landa i nord - og tilmed vinna.

Svarte spelarar kom med

Brasil var eit føregangsland også når det gjaldt å få med farga spelarar i fotballen, sjølv om det kosta. Det formastelege Vasco da Gama - det første laget med svarte spelarar - blei ekskludert frå det «fine fotballselskapet» på 1920-talet. Men i Brasil, meir enn i noko anna land i verda, er folk interesserte i god fotball, og folk gjekk og såg på når Vasco da Gama fann lag som ville spela mot det fargerike laget. Først på 1950-talet tok ein dei farga spelarane med på det brasilianske landslaget for fullt. Og under VM i Sverige i 1958 fekk vi ein fotballrevolusjon verda aldri har sett maken til.

VM- og EM-meistrane Frankrike frå 1998 og 2000 var òg eksemplariske når det gjaldt å overvinna rasisme og framandhat. «Frankrike har nytta fotballen til å integrera immigrantar», skreiv Johan Cruyff i ei bok som på norsk ville ha fått tittelen «Eg likar fotball». Høgreekstremisten Jean-Marie Le Pen grøssa.

Serbarane blei straffa

Det internasjonale samfunnet kan nytta fotball som politisk symbol, slik tilfellet var då det jugoslaviske landslaget blei utelukka frå EM i 1992. Meir enn kan henda noka anna straff råka utelukkinga frå Euro 1992 det serbiske folket og fekk det til å føla seg isolert internasjonalt sett.

Andre gonger har ikkje det internasjonale samfunnet - eller sjefane for Det internasjonale fotballforbundet, FIFA - vore like heldige når ein har vilja nytta fotballen som politisk symbol og tilmed konfliktløysar. I 1998 erklærte dåverande FIFA-president, Joao Havelange, at han ville ta initiativet til ein fotballandskamp mellom Israel og Palestina. «Der politikken, diplomatiet og finansmiljø mislukkast, der trur eg fotballen kan lukkast», sa Havelange, med stor tru på eiga slagkraft, men utan særleg politisk teft og realisme.

Fotballen som våpen

Då Argentina stod som arrangør for VM i fotball i 1978, hadde den brutale militærjuntaen rekna med å scora billege poeng ved å presentera eit samla Argentina. Det unisone «Ar-gen-ti-na» ljoma frå stadiona, heilt etter generalane sin smak. Men massane nytta òg det offentlege rommet på stadion til å ropa ut sitt hat til diktaturet: «Argentina campeón, Videla al paredón» («Argentina meister, Videla (leiaren for militærjuntaen) til rettarstaden»). Folket hadde retta fotballen, lik eit våpen, mot undertrykkjarane.

Det står att å sjå kva fotball-VM 2010 i Sør-Afrika vil bli hugsa for ut frå ein politisk synsvinkel.