- Bruk norsk når du kan, engelsk når du må

Av Hallvard Lyssand

17. februar 2010 19:02

(oppdatert: 7. mars 2016 19:05)

- Bruk norsk når du kan, engelsk når du må

NHH er ein stadig meir internasjonalt orientert institusjon, men har samstundes eit ansvar for å oppretthalda og utvikla norsk som økonomisk-administrativt fagspråk. Eit språkutval har fått i oppgåve å føreslå korleis ein kan finna balansen.- Vegen går via bevisstgjering om problemstillingane og fokus på kvalitet uansett kva språk ein nyttar, meiner utvalsleiar Marita Kristiansen.

Sidan juni i fjor har eit utval oppnemnt av rektor Jan I. Haaland arbeidd med eit utkast til språkpolitiske retningsliner for forsking, undervisning, formidling og administrativt arbeid ved NHH.

- Mandatet vårt er å føreslå retningsliner og tiltak som skal bidra til at høgskulen oppfyller sitt nasjonale ansvar i høve vedlikehald og utvikling av norsk fagspråk på det økonomisk-administrative fagområdet - eit ansvar som er nedfelt både i Universitets- og høgskuleloven og i NHH sin eigen strategi.

- Samstundes skal retningslinene leggja til rette for vidare internasjonalisering gjennom parallellspråklegheit - bruk av både norsk og engelsk - der det er hensiktsmessig, seier leiar for Språkutvalet, førsteamanuensis Marita Kristiansen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

- For oss i utvalet er utgangspunktet at det må bevisstgjering til når det gjeld språkbruk, og at NHH må ha fokus på kvalitet uansett kva språk eller målform som vert nytta, held ho fram.

Domenetap

Auka internasjonalisering er eit ønske, eit mål og ein realitet, både ved NHH og i andre delar av akademia. Mykje forsking vert alt publisert på engelsk, rekruttering av internasjonale forskarar og studentar aukar og undervisningstilbodet på engelsk er utvida.

Men det finst minst ein slange i internasjonaliseringsparadiset, og den slangen snakkar utelukkandeengelsk.

- Risikoen er såkalla domenetap, at eit språk gradvis pressar ut eit anna og tek heilt over innanfor eit fagområde. Nokon meiner kanskje at det er greitt at engelsk erstattar norsk på det økonomisk-administrative området, men det tykkjer ikkje eg, seier Kristiansen.

- Vi skal heilt klart vera internasjonale, men vi er ikkje alltid på ein internasjonal arena. Vi skal også formidla til Noreg, og folk flest forstår best på sitt eige morsmål, legg ho til.

Både-og framleis naudsynt

- NHH-miljøet sitt store forskings- og undervisningsprogram Krise, omstilling og vekst er eit framifrå døme. Det er relevant både heime og ute, men om alt hadde føregått på engelsk ville det fort gått over hovuda på mange.

- Forsking syner at studentane får ei ekstra barriere når dei må handtera både eit fag og eit framandspråk samstundes. Og majoriteten av dei norske studentane skal ut i det norske arbeidslivet, og må kunna tenka og diskutera på norsk, påpeikar Kristiansen.

- Både-og er framleis naudsynt, held ho fram, og legg til eit "heldigvis."

Bevisstgjering

Presset frå engelsk vert både synleg og høyrbart i ulike kanalar når engelske faguttrykk snik seg inn i norsk. Resultatet vert ein slags pidgin-parallellspråklegheit.

Det følgjande dømet er ein ingress frå Paraplyen frå juni 2009:

(…) inviterer NHH-studenter til å delta i konkurranse om beste masteroppgave på Private Equity-områdene buyout og venture.

Språkutvalet har dessutan ei rekkje døme frå gjesteførelesingar ved NHH:"Måtte aligne de og stakeholderne" og "da opptrer jeg riktig i forhold til vår governence modell," er berre to eksempel.

- Eit første steg er bevisstgjering kring problemstillinga, seier Kristiansen.

Blant forslaga til bevisstheitsutvidande retningsliner er den relativt enkle setninga "bruk norsk når du kan og engelsk når du må."

Omgrepsavklaring

Utvalsleiaren peikar på at det i mange tilfelle finst etablerte og dekkjande norske termar ein kan bruka i staden for engelsk. Og viss det ikkje gjer det må fagfolka bidra til å etablera norske termar.

- Det vil skapa debatt og naudsynt omgrepsavklaring, trur ho.

Blant Språkutvalet sine konkrete forslag er at NHH etablerer ein norsk-engelsk terminologidatabase for det økonomisk-administrative området, og at det vert utarbeidd termlister til alle kurs.

Kristiansen ser også for seg eit språksenter med kompetanse til å bidra med språkvask og kvalitetssikring av artiklar o.l., men fastslår at det er eit spørsmål om ressursar.

Mild tvang

På nokre område meiner ho mild tvang kan vera på sin plass. Eit døme er å krevja norske samandrag av engelske artiklar.

Eit anna er å krevja at tilsette som ikkje snakkar norsk i utgangspunktet gjennomfører eit obligatorisk norsk-kurs - noko m.a. NTNU har innført i samband med fast tilsetting.

Det sistnemnte trur Kristiansen kan bidra til å styrka integrering av internasjonale tilsette, og bidra til at dei kjenner seg tettare knytt til NHH.

Samstundes er det viktig å avklara kva informasjon som skal finnast på engelsk, og syta for at kvaliteten vert høg også her.

Konkret

Ei rekkje andre universitet og høgskular har allereie språklege retningsliner, og Universitets- og høgskolerådet (UHR) har utarbeidd ei tilråding om språkpolitiske verkemiddel.

- Vi finn UHR sine forslag fornuftige, og har nytta dei som utgangspunkt. Men både desse og døma frå mange av dei andre institusjonane er relativt generelle. Vi ønskjer å koma med meir konkrete forslag til tiltak, fastslår Kristiansen.

Språkutvalet skal møtast tidleg i neste veke for å verta samde om dei endelege formuleringane av retningsliner og tiltak.

Dokumentet vil deretter verta sendt til rektor, før det eventuelt kjem på høyring.

Arbeidsgruppe for språkpolitiske retningsliner ved NHH

Marita Kristiansen, Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon
Jon Iden, Institutt for strategi og ledelse
Tore Leite, Institutt for foretaksøkonomi
Norvald Monsen, Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap
Linda Orvedal, Institutt for samfunnsøkonomi
Kjersti Danilova, Studieadministrasjonen
Sigrid Folkestad, Informasjonsavdelingen
Ingebjørg Myking, NHHS
Ingunn Aanes
, NHHS
Frank Mortensen, sekretariat
Anita Søvik Jensen, sekretariat