Storløyving til mikrofinans-forsking

Av Hallvard Lyssand

7. desember 2010 17:28

(oppdatert: 7. mars 2016 17:35)

Storløyving til mikrofinans-forsking

Eit forskingsprosjekt om mikrofinans under leiing av NHH-professorane Bertil Tungodden og Kjetil Bjorvatn er tildelt 9,7 millionar kroner i støtte frå Norges Forskningsråd. Pengane skal m.a. nyttast til å vidareføra forsking knytt til økonomiopplæring av mikrofinansklientar i Tanzania.

I 2007 etablerte Kjetil Bjorvatn og Bertil Tungodden ved NHH sitt institutt for samfunnsøkonomi eit forskingsprosjekt for å undersøkja effekten av grunnleggjande økonomiopplæring for mikrofinansklientar knytt til organisasjonen PRIDE i Tanzania.

- I åra sidan er det utført omfattande forskingsarbeid. Vi er i ferd med å avslutta rapporteringa frå første del av prosjektet no, og ein artikkel om hovudfunna er på veg til eit internasjonalt tidsskrift, fortel Kjetil Bjorvatn.

Samstundes kom meldinga om at prosjektet har fått 9,7 millionar kroner fordelt over fire år frå Forskingsrådet. Pengane kjem frå potten Fri prosjektstøtte for samfunnsvitenskap (Frisam).

Konkurransen om desse pengane er hard. Totalt kom det inn 75 søknader om støtte, og søknaden frå NHH-forskarane og samarbeidspartnarane deira ved SNF og CMI var ein av berre seks som kom gjennom nålauga og fekk midlar.

Kjønnsskilje

- Tildelinga er svært gledeleg og gjer mellom anna at vi kan vidareføra mikrofinansprosjektet vi har sett i gang, og tenkja stort og langsiktig, seier Bjorvatn.

Eit sentralt utgangspunkt for prosjektet i Tanzania var om grunnleggjande opplæring i økonomi ville ha noko å seia for suksessen til mikrofinansklientar.

Forskarane utvikla eit kurs som vart tilbydd til eit utval gründerar med mikrofinansiering gjennom organisasjonen PRIDE.

- Vi finn at opplæring har stor effekt på entreprenørar m.a. målt i høve profitt, omsetnad og om dei etablerer fleire verksemder. Men effekten gjeld berre for menn. Det er berre menn som implementerer kunnskapen i praksis, fortel Bjorvatn.

- Spørsmålet som reiser seg er sjølvsagt kvifor det er slik, og med dei nye midlane frå forskingsrådet kan vi arbeida vidare med både dette og andre spørsmål, legg han til.

Langtidseffektar

Forskarane har fleire hypotesar dei vil undersøka.

- Kan det til dømes vera at kvinner treng meir tid før dei tek kunnskapen i bruk? Opplæringsprogrammet var ferdig i januar 2009, og vi målte effekten eit halvt år seinare. Ei mogeleg forklaring på funna er at kvinnene treng meir tid av di dei har andre plikter dei må ta seg av. I 2011 skal vi så på langtidseffekten av opplæringa og finna ut korleis biletet er då, seier Bjorvatn.

- Det finst relativt få feltstudiar som undersøker både kort- og langtidseffektar. Det botnar delvis i at denne typen arbeid er kostbart, men det er likevel ekstremt viktig, legg han til.

Det praktiske feltarbeidet vert i stor grad utført av masterstudentar frå NHH i samarbeid med forskingsassistentar i Tanzania, og består i å oppsøka entreprenørane og samla inn data via spørjeskjema.

Er mikrofinans ein vekstmotor?

Langtidseffekten av økonomiopplæringa er likevel berre eit av spora forskarane vil følgja.

- Ein annan hypotese er at kvinnene manglar vekstønsket som dei involverte mennene har. Kan det vera at kvinnene ikkje er blitt mikrofinansklientar for å bli storentreprenørar, men for å bidra til å brødfø familien? Kan manglande ambisjonar om å utvida verksemda forklara at dei ikkje responderer på opplæringa? Eller er dei like ambisiøse som mennene, men hindra av etablerte sosiale rammer?

- Målet vårt er å forstå meir av motivasjonen for å gå inn i mikrofinans, seier Bjorvatn.

Svar på dette spørsmålet kan også kasta lys over effekten av mikrofinans som økonomisk vekstmotor.

- Mikrofinansklientar er i hovudsak kvinner. Kan ein forventa at mikrofinans kan fungera som vekstmotor i fattige land dersom dei involverte kvinnene i realiteten ikkje har investerings- og vekstambisjonar? spør Bjorvatn.

- Om kvinnene som tek mikrolån primært gjer det for å støtta opp om familie og husstand, og ikkje ut frå entreprenørambisjonar bør ein truleg nedtona mikrofinans sin verknad som vekstmotor. Men dersom det er kjønnsrollemønster som står i vegen for ambisjonane deira bør økonomiopplæringa koplast med styrking av kvinner si stilling, seier han.

- Korleis det sistnemnte eventuelt skal gjerast er eit interessant spørsmål. Ein mogeleg modell vi har tenkt på, er å også invitera dei kvinnelege entreprenørane sine ektefeller på kurs, med fokus på både forretnings- og husholdningsøkonomi. Ein hypotese er at når ektefellene i fellesskap får ei slik opplæring, så vil det gjera det enklare for kvinna å implementera kunnskapen i praksis, held han fram.

Tanzaniansk entreprenør-reality

Eit annan spørsmål er korleis ein best mogeleg kan nå ut til flest mogeleg på ein billigast mogeleg måte.

PRIDE-prosjektet har basert seg på klasseromsundervisning, men det er dyrt og når få menneske i slengjen.

- Vi skal no prøva å nå fleire gjennom eit samarbeid med organisasjonen Femina. Dei driv m.a. med magasin, radio og TV i Tanzania, og skal i gang med eit "edutainment"-program der dei følgjer seks unge entreprenørar.

-Det vert eit slags reality-konsept med entreprenørskap i fokus, og dersom det syner seg at ein kan spreia kunnskap gjennom media på ein slik måte, vil det opna seg heilt nye mogelegheiter til å nå mange på ein billig måte.

- Målsetjinga med dette prosjektet er å studera effekten av programmet, ved å incentivera ei gruppe unge menneske til å følgja programmet grundig, og samanlikna denne gruppa med ei gruppe som er incentivert til å følgja ein såpeopera eller liknande, som ikkje er relatert til entreprenørskap, sier Bjorvatn.