Mannsbastionen fotball

Innlegg Av Johannes A. Nymark

5. november 2009 19:26

(oppdatert: 7. mars 2016 19:28)

Mannsbastionen fotball

Då Maradona nyleg bad media om å suge kuken hans, blei han eit symptom på ein mannskultur som lenge har vore vanleg mellom supporterane: Machomannen, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i ein kronikk publisert i Dagbladet 25. oktober.

Då Diego Armando Maradona etter Argentina sin siger over Uruguay i VM-kvalifiseringa nyleg tok eit kjensleladd oppgjer med media ved å be dei suga kuken hans, gjorde han ikkje anna enn å bringa fram i media sitt søkelys ein mannskultur som alt lenge har vore vanleg mellom supporterane.

Fotballen har tradisjonelt vore ein kultur av og for menn, noko som klart kjem til uttrykk i den latinske verda. Fotballtilhengjarar vil ofte assosiera seg sjølve og favorittklubben med typiske mannlege drag, noko ein legg merke til viss ein observerer retorikk og handlingsmønster hjå desse folka før, under og etter ein kamp.

Ein finn slike utslag i mange land med fotballtradisjonar, som England, Italia og Spania, men ingen stader i så sterk grad som i Argentina. Det dreier seg om ein mannskultur der ein audmjukar motstandaren gjennom homoseksuelle og kvinnelege metaforar. Her går ein rett på seksualiteten for å skilja eigne tilhengjarar, «verkelege menn», frå dei hine, «dei homoseksuelle, som berre er forkledde som menn».

På ein fotballarena tillèt ein seg å utvikla denne motsetnaden til det ekstreme, nokre gonger til det absurde, og ein bryt grenser som det ville vera utenkjeleg å bryta i eit normalt sivilt samfunn. Det heile blir uttrykt i rop og kampsongar, som for det meste er faste klubbsongar, men der ein òg kan ha innslag av improvisasjon ut frå korleis spelet utviklar seg.

Dette er tilfellet i Argentina. Her fornærmar ein tapande motstandarar ved å be dei suga kuken, det vil seia at ein audmjukar dei hine ved å tvinga dei til å gjera ting som går imot det ein reknar for å vera den mannlege naturen.

Somme ser på fotballarenaen som den siste skansen til mannen som machomann i samfunnet. Difor orsakar Maradona seg berre andsynes kvinnene, ikkje overfor «dei hine», som han sa, det vil seia dei som kjenner seg verkeleg heime i mannsbastionen fotball.

Mannskulturen i tilhengjarskaren har i særskild grad utvikla seg på ståtribunane, der individet forsvinn i ein udefinerbar masse. Dei mest fanatiske supporterane er ikkje sjeldan menn med lita makt i det offentlege rommet, gjerne politisk ukorrekte, men slett ikkje alltid.

For ein småborgar frå middelklassen og ein besteborgar frå borgarskapet ville det vera litt av eit sjokk å hamna midt inne i ein slik masse, og dei ser då òg mest på det heile som utslag av folklore. I dag er det kan henda på la general (ståtribunen) på Boca Juniors sitt stadion La Bombonera i Buenos Aires at vi aller mest ser desse tendensane levde ut i praksis.

Folkehavet på ståtribunane kan oppføra seg på så mange måtar: Vulgært overfor motstandaren, storsinna og sjenerøst i eigen flokk. Tilhengjargruppene er framfor alt spontane, og improviserer gjerne ut frå primitive impulsar i augneblinken, impulsar som det kan vera vanskeleg, ofte uråd å få utløp for elles i samfunnet for desse gruppene som i dag ser seg meir og meir marginaliserte.

Machokulturen innan fotballen kjem til uttrykk både retorisk gjennom klubbsongar og supporterane sine verbale påhitt under ein kamp, og ved konkrete handlingar, som i visse tilfelle utartar til tribunevald.

Marginaliseringa av dei verkelege supporterane er openberr, spesielt i det som italienarane kallar for den nye fotballen (il nuovo calcio). For å få kontroll med tribunevald blir det ført ein politikk som går ut på at dei store og viktige stadiona berre skal ha sitteplassar, og dette saman med høge billettprisar gjer at fattigfolk i mange land ikkje har råd til å sjå favorittlaga sine.

Slik får ein kontroll med mannsbastionane og den mest grovkorna fotballretorikken, men det har vist seg at ein berre flyttar litt på problema sidan fotballpøblane og andre (casuals) likevel møtest - gjerne andre stader enn på sjølve stadion - for å slost og ramponera.

Den mest vanlege og mest godtekne forklaringa på tribunevald innan fotballen, er at denne sporten på ein spesiell måte reflekterer kriser i samfunnet, endringar i sosial struktur og problem med omsyn til økonomisk vekst, sosial integrering og marginalisering av grupper.

Den franske filosofen og sosiologen Jean Baudrillard sa det på sin særeigne måte i artikkelen «Heysel», med referanse til det stadion i Brussel der 39 menneske mista livet i tumultar før finalen i Europa-cupen mellom Liverpool og Juventus 29. mai 1985: «Det er i dag best å halda seg unna ein offentleg stad der fjernsynet er, for det er svært sannsynleg at det vil skje noko valdeleg, provosert fram av at fjernsynet er der».

Det lèt seg gjera å sjå på Maradona sine ytringar i Montevideo som eit (retorisk valdeleg) svar på provokasjonar frå ei presse som leitte med lys og lykte etter skandalar rundt Maradona og trenargjerninga hans.

Baudrillard meiner at dei tolkingane som set valdsutslaga i fotballen inn i ei vanleg sosial ramme, er banale og platte. Sjølv vel han å sjå på det heile som manifestasjonar av statsterrorisme, ein medviten politikk som går ut på å gjera det verste for innbyggjarane, slik Thatcher og Reagan symptomatisk gjorde det på 1980-talet, ein politikk som byggjer ned det sosiale (helsevesen, skole), fremjar privat rikdom og såleis provoserer massane.

For Baudrillard er difor tribunevald «ei sjukeleg form for sosial likesæle, som utfaldar seg utelukkande fordi ho verkar på ein bakgrunn av allmenn likesæle, som er så karakteristisk for våre samfunn». Baudrillard meiner vi har å gjera med eit politisk problem og ikkje eit sosialt, medan politikarar og media vil ha det definert som eit sosialt spørsmål som det let seg gjera å retta på innanfor det politiske systemet.

Marginalisering av store menneskegrupper, den moderne medieutviklinga og den sosiale likesæla, alt dette er prosessar og fenomen som kvar på sin måte har gjort sitt til at vi har fått tribunevald og ein machoinfisert retorikk i fotballen.

Presidenten i det internasjonale fotballforbundet FIFA, Sepp Blatter, har innleia disiplinærsak mot Maradona for dei uhøviske utfalla mot spesielt den argentinske pressa. Dette er ein avleiingsmanøver av to grunnar: Ein tar symptomet Maradona som syndebukk for ein sjukeleg machokultur, og det er eit takk for sist til Maradona, som har kritisert FIFA-leiinga for korrupsjon og for å ha gitt totalt etter for kommersielle interesser.

Har denne saka med Maradona vist noko som helst, så er det at fotballfamilien er ein inngrodd mannsbastion, frå det vulgære grunnplanet via media som er på stadig «jakt etter blod» og til dei distingverte herrane i leiinga for dei internasjonale fotballforbunda.