Overvaker språket

Av Hallvard Lyssand

4. februar 2009 20:09

(oppdatert: 7. mars 2016 20:12)

Overvaker språket

Bryt økonomisk fagterminologi i større grad gjennom til allmennspråket no enn for eit par tiår sidan? Og kva lagnad går eigentleg norsk som fagspråk i møte i konkurranse med engelsk? Det er blant interessefelta til nytilsett førsteamanuensis Gisle Andersen.

- Eg er språkvitar, ikkje økonom. Det er vel like greitt å gjera klart med ein gong. Men eg meiner likevel å ha viktig kompetanse som trengst her, seier Gisle Andersen.

Førsteamanuensis Andersen har eitt semester bak seg ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Der arbeider han med forsking og utvikling innan språkressursar og -teknologi. I tillegg underviser han m.a. engelsk språk og interkulturell kommunikasjon, og om kulturelle og økonomiske tilhøve i Storbritannia.

Andersen har m.a. arbeidd ved Norsk språkteknologi på Voss, og kom til NHH frå ei stilling som forskingsdirektør i Unifob-avdelinga AKSIS (Avdeling for kultur, språk og informasjonsteknologi), der han framleis har ei 20%-stilling som forskar.

- Kvifor NHH?

- Saman med AKSIS og delar av UiB er NHH eit nasjonalt tyngdepunkt innan fagspråk og terminologi, og fagmiljøet på instituttet her har ein lang og god tradisjon for teknologidrivne utviklingsprosjekt knytt til fagspråk. I tillegg er arbeidsmiljøet veldig godt, svarar Andersen.

Teknologiske verktøy i språkstudiar

Andersen avla doktorgrad ved Engelsk institutt ved UiB i 2001 med avhandlingaPragmatic markers and sociolinguistic variation, og titulerer seg sosiolingvist og språkteknolog.

- Sosiolingvistar studerer m.a. forskjellar i språket - t.d. korleis faktorar som alder, kjønn og sosial bakgrunn påverkar språket. Pragmatikk tek for seg kommunikasjon på nivået over grammatikk og syntaks osb. Det handlar om bruk av språk og variasjon ut frå kontekst, og interkulturell kommunikasjon er ein del av dette fagfeltet, forklarar han.

- Språkteknologi handlar både om å ta i bruk datateknologi i forsking og studiar av språk - t.d. ved å etablera databasar av ulike slag - og om teknologiutvikling, t.d. å laga program som oversetter eller lagar samandrag av tekst, held han fram.

Han er involvert i fleire språkteknologiske utviklingsprosjekt. Eit av dei er CLARIN (Common Language Resources and Technology Infrastructure). Det EU-finansierte pilotprosjektet tek sikte på å etablera ein integrert elektronisk forskingsinfrastruktur for språkressursar og -teknologi til nytte for ei lang rekkje føremål og ulike fagfelt.

- Det handlar primært om å kartleggja og systematisera språkressursar i databasar og termbankar, og å leggja til rette for at forskarar på ulike fagfelt kan få tilgang til ressursane, utdjupar Andersen, og legg til at slike verktøy også kan vera nyttige og relevante innan økonomifeltet.

Vil styrka norsk som fagspråk

CLARIN er også ei viktig drahjelp i arbeidet med å etablera databasar for norske språkressursar, og ifølgje Gisle Andersen er det naudsynt av fleire årsaker.

- Vi er mange her på instituttet som er opptekne av at norsk språk ikkje alltid vert teke i bruk som fagspråk. Mange nyttar gjerne engelske termar framfor å utvikla norsk fagterminologi. For å bidra til å bøta på dette samarbeider Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon med UIB og Aksis om eit prosjekt for utvikling av ein norsk termdatabase med fagtermar og definisjonar frå ulike fagfelt, seier Andersen.

- Sjølve innhaldsjobben må vi mobilisera ekspertar frå ulike felt for å få gjort. Vår jobb er å utvikla system, og å leggja dei til rette for ekspertane, og å gje språkfaglege råd, legg han til.

Frå fagspråk til daglegtale

Også når det gjeld eigne forskingsprosjekt er engelskfilolog Andersen oppteken av korleis engelsk påverkar norsk fagterminologi.

Samstundes arbeider han med ei tilgrensande problemstilling: Korleis vert fagtermar frå t.d. økonomifeltet teke i bruk i allmennspråket?

- Eg arbeider ut frå ein teori om at det på grunn av det globale kommunikasjonssamfunnet er større grad av gjennomtrenging av fagspesifikke termar til allmennspråket enn det var for eitt til to tiår sidan, seier Andersen. 

Aviskorpus

Eit NFR-finansiert og AKSIS-administrert korpusprosjekt Andersen leier kan på sikt bidra til å kasta lys over denne og tilsvarande problemstillingar.

Lingvistiske korpus er store, elektroniske samlingar av skrift- eller talespråk. Korpus kan m.a. brukast i empiriske studiar av språkstruktur og språkbruk.

Gjennom prosjektet Norsk aviskorpus vert det bygd ein tekstdatabase beståande av tekst frå ei menged utvalde nettaviser. Innsamlinga har pågått sidan 1998 og korpuset er no på ca. 700 millionar ord.

Blant funksjonane er automatisk overvaking av nyord-danning. Ut frå materialet kan vi t.d. sjå kva tid eit ord som "subprime" eller "krisepakke" dukka opp første gong, og korleis bruken av ordet varierer over tid, seier Andersen.

- Også dette prosjektet dreier seg primært om å utvikla systemet og å gjera ressursen tilgjengeleg og anvendeleg for forskarar. Planen er at arbeidet skal vera ferdig ved utgangen av året. Så kjem forskinga, legg han til. 

Slagfeilens innovative potensial

Norsk aviskorpus er tilgjengeleg på avis.uib.no. Her kan ein m.a. studera lange dagsferske lister av maskinelt innsamla nyord.

Relativt tilfeldige døme frå datoane 26. og 27. januar er finansvrede (Aftenposten), bank-ukultur (Nordlys), finanskrisefokuset (Adresseavisen), krisepakke-penger (VG) og kokkeskoleeffekten (Nordlys).

Kort tids studiar av nyord-danningssida syner elles at ein del av nyordtilveksten definitivt botnar i slagfeil og tilsvarande korrekturgrums frå nettjournalistane.