Tid for tung tale

Av Hallvard Lyssand

9. desember 2009 19:22

(oppdatert: 7. mars 2016 19:34)

Tid for tung tale

Kva kjenneteiknar retorikaren Barack Obama i høve til tidlegare presidentar? Og kva utfordringar oppstår når amerikanske presidentar sine talane skal oversettas til andre språk? Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon har sett nærare på begge desse problemstillingane.

At den til ei kvar tid sitjande amerikanske presidenten får mykje merksemd er knapt noko nytt. Og uansett sak er presset på "the leader of the free world" stort og konstant frå så vel forventningsfulle tilhengjarar som bitre motstandarar.

Gjennom kombinasjonen av saker som økonomisk krise og helsereform på heimebane, atomvåpenavtalar, klimamøte i København, krigsopptrapping og fredsprisutdeling får likevel Barack Obama usedvanleg mykje merksemd i desse dagar.

Kva vert den endelege klimabodskapen? Korleis vil øvstkommanderande for to krigar ordleggja seg når han mottek Nobels fredspris? Kvifor er Oslo-visitten så kort?

Når makta opnar munnen

For Obama, som for forgjengarane i presidentstolen, er framleis den gode gamle politiske talen eit sentralt verktøy når noko skal formidlast.

Valkamptalar, innsettingstalar, krigserklæringar og fredsbodskap: alt vert følgd, analysert og kommentert i til dels ekstrem detalj. Dermed vert både innhald og gjennomføring viktig.

Ein god tale frå ein god talar er vel sjeldan den einaste avgjerande faktoren i politikken, men det kan vera tunga på vektskåla i opinionen (og det kan sjølvsagt ein fiasko også).

Historiske retorikarar

Alt dette har amerikanske presidentar og taleskrivarane deira alltid vist, og det sitjande regimet er ikkje noko unntak. Dei fleste reknar Obama som ein framifrå talar.

Men kva kjenneteiknar retorikaren Obama i høve til tidlegare presidentar?

Og kva skjer når talane blir omsett til andre språk? Presidenten har trass alt eit stort publikum som ikkje har engelsk som førstespråk. Klarar t.d. norske TV-tekstarar å formidla innhaldet i det amerikanske politiske språket til sitt heimepublikum?

Førsteamanuensis i engelsk ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH, og tidlegare oversettingssjef i TV2, Jan Emil Tveit, har sett nærare på begge desse problemstillingane.

Tidlegare i haust heldt han føredrag om tematikken under American Translators Association (ATA) sin store 50 års jubileumskonferanse i New York. Blant dei mange tilhøyrarane var representantar frå det amerikanske utanriksdepartementet.

Glitrande skrive, godt framført

- Obama synte seg fort som ein framragande retorikar. Talane er glitrande skrive, tidvis med nesten lyriske kvalitetar. Samstundes maktar han å gjera dei til sine eigne. Det verkar ekte, seier Tveit.

- Rett nok dukkar det opp nokre "ah" og "uhm" her og der, og det vert påpeikt at han har ein tendens til å leggja hovudet på skakke og å sjå nedover mot høgre. Men det er bagatellar som ikkje skuggar for biletet av ein strålande kommunikatør.

- Motstandarane kritiserte han raskt får å vera berre stil, og null substans, men den kritikken har også stilna, held han fram.

Kennedy-koplinga

Mange peikar på fellestrekk med John F. Kennedy. Tveit er samd, og påpeikar dessutan at det finst direkte koplingar.

Kennedy plukka opp mykje frå jurist, rådgjevar og taleskrivar Theodore "Ted" Sorensen.

Same Sorensen bidrog aktivt i Obama sin valkamp og kom med innspel til innsettingstalen, slik han også gjorde for Kennedy.

- Sorensen sine taleråd er klare og kortfatta, seier Tveit, og oppsummerer:

- Unngå tomme fraser. Ein tale er ikkje betre enn ideane han inneheld. Det enkle er nesten alltid betre en det kompliserte. Viktige tema bør repeterast. Vel orda med presisjon.

Spor av dei fleste av desse relativt enkle råda kan finnast att i berømte "punchlines" som Kennedys "ask not what your country can do for you, but what you can do for your country" og "ich bin ein berliner," og Obamas "yes we can."

Kontrasten

Smørbrødlista til Sorenson verkar likevel ikkje å vera noko tvangstrøya for Obama. Presidenten kan til dømes definitivt velja intrikate vendingar når han bestemmer seg for det.

Om ein skal sjå konturane av den politiske retorikaren Obama tydelegare kan det vera effektivt å studera kva han ikkje er.

Den aller meste effektive kontrasten er forgjengaren, George W. Bush.

- Bush var ingen stor talar. Han hadde ein tendens til å stirra inn i ein av teleprompterane, i staden for TV-kamera, og å unngå augekontakt med publikum. Somme har samanlikna han med en sky skulegut som skulle tala til klassen, og gjekk gjennom heile talen med augo klistra til notatane, seier Tveit.

Språkleg snubling av typen "they misunderestimated me" og ei nesten endelaus rekkje andre såkalla "Bushisms" bidrog heller ikkje til å betra Bush sitt retoriske rykte.

Krigersk retorikk

Skiljet mellom Bush og Obama er likevel meir fundamentalt enn klønete versus kul.

Særleg etter åtaka på World Trade Center 11. september 2001 vart Bush sin språkbruk i aukande grad prega av metafor, og særleg krigsmetafor. Bush-administrasjonen gjekk til "krig mot terror."

- Men "terror" tyder redsle eller skrekk. Det er ei kjensle eller ein tilstand i oss sjølve, ikkje ein hær som kan nedkjempast. Det Bush-administrasjonen gjorde var å bruka eit aggressivt språk for å skaffa støtte for aggressiv utanrikspolitikk og etterkvart krig, seier Tveit.

Distanserer seg

Ideen til politisk aktiv bruk av metafor sprang ut av arbeidet til lingvisten George Lakoff. Tidleg på 1980-talet lanserte han teoriar om at metafor kan vera meir enn berre språkleg ornamentikk - at såkalla konseptuelle metafor bidreg til og styrer korleis vi tenkjer.

- Ideane vart fort plukka opp av politiske miljø og brukt i praksis. George Bush senior nytta metafor flittig før den første invasjonen i Irak, og sonen gjekk altså i hans fotspor både språkleg og i praksis, konstaterer Tveit.

Obama styrer derimot unna aggressiv språkbruk, og talar heller om dialog og forståing.

- Han nyttar retoriske verkemiddel for å distansera seg frå forgjengarane, seier Tveit.

Fred er ei det enklaste

Når det kjem til oversetting dukkar det opp eit lite paradoks. Kremtalaren Barack Obama er etter Tveit si erfaring vanskelegare å handtera enn blemme-Bush.

- Obama er fascinerande å lytta til og har eit imponerande vokabular. Men han er ikkje like trufast mot Ted Sorensen sine bod om enkelheit som Kennedy var. Han er meir subtil, og bodskapen om håp, mogelegheiter, fred og forsoning er ikkje alltid heilt enkel for TV-tekstarar å takla.

- Mi erfaring frå TV2 er at Bush jr. var den presidenten vi hadde minst trøbbel med å teksta. Han uttrykte seg ofte enkelt og snakka i tillegg sakte, seier Tveit.

- Forskinga mi indikerer at konseptuelle metafor er enklare å oversetta enn tradisjonelle ornamentale metafor, og det kan vera ein annan del av forklaringa, legg han til.

Noko går tapt

"My fellow citizens: I stand here today humbled by the task before us, grateful for the trust you've bestowed, mindful of the sacrifices borne by our ancestors."

Slik opna Obama sin innsettingstale. Og det fortsette i same stil.

- Talen var svært god, men langt frå enkel å teksta på norsk, fastslår Tveit.

Fallgruvene i oversetting og teksting er mange. Korte tidsfristar, dekodingsproblem og regelrette misforståingar fører til feil. Manglande kjennskap til kontekst, doble tydingar eller politiske omgrep utan eigentlege parallellar fører til unøyaktigheiter.

Risikoen for at noko av så vel bodskapen som personlegdommen til ein amerikansk president forsvinn i oversetting er i følgje Tveit definitivt tilstades.

- Undertekstar kan t.d. aldri konkurrera med tale når det kjem til å utrykka nyansar. Det er korkje plass eller tid til å kompensera med ord for alt det trykk, rytme og intonasjon bidreg med i tale, seier Tveit.

- Utanom Norden føretrekkjer dei fleste land dubbing, men det er i mine auge ei dårlegare løysing. Stemma er ein viktig del av personlegdommen, og sjølv om ein ikkje forstår orda som vert sagt er det ei rekkje lydlege element som er universelle. Om ein nyttar voice-over ofrar ein autentisitet, og særleg karismatiske presidentar som Obama og Bill Clinton vil tapa mykje på det.

- Blir Obama på sitt beste

Men kva med det komande Nobelforedraget? Reaksjonane frå mange hald har vore at Obama ikkje har oppnådd noko verkeleg konkret enno. Til alt overmål fann førre verkeleg markante tale stad ved krigsskulen West Point og handla om opptrapping av krigen i Afghanistan - om enn med ei tidfesta tilbaketrekking som mål.

Jan Emil Tveit har tru på Obama.

- Blant amerikanarane eg snakka med under ATA-konferansen var gjennomgangstonen at prisen kom for tidleg, men dei fleste meinte at tildelinga hadde med ordet si makt å gjera.

- Personleg trur eg ikkje opptrappinga i Afghanistan vil hemma Obama i Nobelføredraget. Eg trur vi får oppleva han på sitt beste, og at han gjev oss håp og visjonar om ei betre verd.

- Barack Obama har definitivt det som skal til for å halda det beste Nobelføredraget noko sinne, seier Tveit.

Maskina mot femåringen

- Som eit apropos til oversettingsutfordringar kan det nemnast at Obama-administrasjonen har signalisert at satsing på presis oversetting vert viktig framover.

I eit såkalla policy paper med tittelen Strategy for American innovation vert det understreka at presis oversetting er svært viktig for amerikansk økonomi, nasjonal tryggleik og tilhøvet til andre nasjonar.

- Trass i at dei er glade for merksemda kring oversetting, har ATA reagert på delar av innhaldet i strategidokumentet, seier Tveit.

- Det dei er uroa over er at Obama verkar å villa konsentrera ressursane om vidareutvikling av maskinoversetting. Men problemet ATA-president Jiri Stejskal peikar på er enkelt. Det har blitt arbeidd med å utvikla maskinoversetting i 50 år, og på mange felt er ein kome langt. Framleis finst det likevel inga datamaskin på kloden som kan konkurrera med dei språkelege evnene til ein femåring, forsett Tveit.

- Sjølvsagt skal ein halda fram med å utvikla programvare, og datamaskiner er overlegne på nokre område, t.d. når det kjem til å handsama store mengder tekst fort. Men ein kjem aldri utanom satsing på menneske i desse samanhengane.

- For som ATA påpeikar manglar maskiner evne til å takla nyansar og kulturelle forskjellar, og dette er grunnleggjande trekk ved menneskeleg kommunikasjon - ikkje minst på områda strategidokumentet nemner, nemleg diplomati, handel og nasjonal tryggleik.

- Sjølv rasjonaliseringstider som dette er det viktig å hugsa at teknologi har sine begrensingar, sluttar Tveit.