Møt NHH-forskarane under Forskingsdagane
Kvifor blir 1500 kilo boss liggjande att på Brann Stadion i løpet av eit år? Kva er gale når over 700 000 personar står utanfor arbeid og utdanning?
Fleire hundre forskarar og over 10 000 publikummarar deltek når Forskingsdagane i Bergen opnar 15. september.
Festivalen er eit breitt samarbeid mellom forskings- og utdanningsinstitusjonane i byen. Målet er å skape begeistring og forståing for forsking – og vise kva forskinga betyr i kvardagen vår.
NHH-forskarane stiller som vanleg opp på mange av arrangementa.
Forsker Grand Prix opner ballet
15. september konkurrerer ti ph.d.-kandidatar om å formidle forskinga si på berre fire minutt under Forsker Grand Prix. NHH har ingen kandidatar i årets konkurranse, men professor Therese Egeland (Institutt for strategi og leiing) sit i dommarpanelet saman med journalist Kjetil H. Dale frå TV 2 og skodespelar og inspisient Stine Revheim Svellingen.
Showet startar klokka 19.00
Showet starter klokken 19:00 (Høgskulen på Vestlandet). Book gratis billetter her
Dagen etter flyttar forskinga til Bergen Street Food. Under Kunnskapspub – Ti om tillit får ti personar frå forsking, næringsliv, samfunnsliv og innovasjonsmiljø sju minutt kvar til å dele perspektiva sine på tillit. Ein av dei er førsteamanuensis Joel Berge, Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap.
Arrangementet startar klokka 19.00 onsdag 16. september.
17. og 18. september er det de unge som står i sentrum. Interessen for Forskningsdagene Ung er svært stor, og en rekke skoleklasser fra Bergen og omegn skal møte forskere fra byens kunnskapsmiljøer. Det står nå over 10 skoler på venteliste for å sende klasser til en av dagene:
-
r det dei unge som står i sentrum. Interessa for Forskingsdagane UNG er svært stor, og ei rekkje skuleklassar frå Bergen og omegn skal møte forskarar frå kunnskapsmiljøa i byen. Det står no over ti skular på venteliste for å sende klassar til ein av dagane:
Har du vore på Stadion dei tre siste åra? Då har du blitt forska på! Forskar Hege Landsvik, Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap.
Har du høyrt at aksjar er vegen til å bli rik? Professor Trond Døskeland, Institutt for føretaksøkonomi.
Slik fungerer KI, og difor vedkjem det deg! Professor Alexander Lundervold, Institutt for strategi og leiing.
«Kan EG kjøpe leilegheit ein gong?» Professor Ola H. Grytten, Institutt for samfunnsøkonomi.
Det siste bidraget frå NHH under årets festival kjem på Researchers’ Night 25. september:
Verdas beste arbeidsliv – for kven?
Dato: 25. september 2026
Tid: 19:00 til 20:15
Sted: Kulturhuset i Vaskerelven