Skal undersøkje om aksjonærar blir forskjellsbehandla
Over 90 prosent av emisjonsvolumet på børs i Noreg kjem frå retta emisjonar. No skal eit offentleg utval undersøkje om praksisen fører til usakleg forskjellsbehandling av aksjonærar.
Verdipapirlovutvalet
Utvalet vart sett ned av Finansdepartementet i 2015 for mellom anna å greie ut og utarbeide forslag til nødvendige endringar i lover og forskrifter for å gjennomføre EØS-reglar på verdipapirmarknadsområdet.
Medlemmer: Advokat/professor II Filip Truyen (leiar), avdelingsdirektør Erling Rikheim, senior tilsynsrådgivar Kristin Lund, førsteamanuensis Jøril Mæland, advokat Eirik Solem, juridisk direktør Kjell Vidjeland, fagleiar/advokat Halvor E. Sigurdsen, direktør for compliance og jus Christina Stray og juridisk direktør Angela Nygaard.
Tidlegare i haust fekk Verdipapirlovutvalet eit nytt tilleggsmandat. Utvalet skal levere ei utgreiing om emisjonar – når eit selskap skriv ut nye aksjar for å hente inn pengar – og likebehandling av aksjonærar.
usakleg forskjellsbehandling?
Finanstilsynet har vore oppteke av at den omfattande bruken av retta emisjonar kan auke risikoen for usakleg forskjellsbehandling. Dei føreslo for Finansdepartementet at det blir sett ned eit utval som skal sjå på problemstillinga.
– Kva er konsekvensane av den omfattande bruken av retta emisjonar?
– Det er nettopp eitt av spørsmåla utvalet skal greie ut. Retta emisjonar er eit raskt og fleksibelt verktøy når selskap treng kapital, og det kan vere fornuftig å bruke dei, seier Jøril Mæland.
Ho er førsteamanuensis Jøril Mæland frå Institutt for finans og medlem av utvalet. Filip Truyen, partnar i Wikborg Rein og professor II ved NHH, leier utvalet.
utvalde investorar får tilbod
I Noreg blir over 90 prosent av emisjonsvolumet på børs henta inn på denne måten. Vi skal mellom anna vurdere om regelverket vernar godt nok om aksjonærane som ikkje får delta.
I den norske kapitalmarknaden er ein stor del av emisjonane retta emisjonar, der berre utvalde investorar får tilbod om å teikne nye aksjar.
Det kan vere gode grunnar til å nytte ein retta emisjon for å hente inn kapital, skriv Finansdepartementet i mandatet til utvalet.
fortrinnsrettsemisjonar
Men slike emisjonar kan òg vere ei ulempe for aksjonærane som ikkje deltek.
Dei føreslåtte lempingane i prospektregelverket vil, dersom dei blir vedtekne, gjere det enklare å gjennomføre fortrinnsrettsemisjonar, der eksisterande aksjonærar får høve til å vere med.
Departementet har kome til at det er grunn til å sjå nærare på om det trengst fleire tiltak for å hindre at aksjonærar blir utsette for usakleg forskjellsbehandling ved emisjonar.