Storscoraren som mista sjela si

Sándor Kocsis_wikimedia
Under fotball-VM i sommar kom det ei melding som fekk meg til å minnast. Den første til å laga to hat-trick i eit fotball-VM heitte Sándor Kocsis og laga tilmed begge i same VM, skriv Johannes Nymark i BA. Foto: wikimedia
Innlegg

13. august 2026 15:28

Storscoraren som mista sjela si

Eg fortalte somme eg kjente om møtet med Sándor Kocsis, men sidan gjekk det heile i gløymeboka ‒ fram til fotball-VM i år.

Under fotball-VM i sommar kom det ei melding som fekk meg til å minnast. Den første til å laga to hat-trick i eit fotball-VM heitte Sándor Kocsis og laga tilmed begge i same VM: Det i Sveits i 1954, som Vest-Tyskland vann, men der Ungarn briljerte og er det laget ein minnest. Det namnet hadde eg frå ein eller annan stad.

Var det ikkje han eg hadde frå ein bar i Barcelona ei helg i 1972?

Kuriøst nok var eg i den katalanske hovudstaden for å studera spansk, eller kastiljansk som katalanarane sa. Men eg blei like, om ikkje meir oppteken av FC Barcelona, el Barça, spesielt då eg oppdaga at klubben si bane heitte Camp Nou, som omsett til norsk blir Nymark, etternamnet mitt.

Då eg etter ei lita stund kom i prat med ein av bargjestene, fekk eg vita at dei som sat ved borda rundt om i lokalet, spelte domino, og at ein av gjestene var ein tidlegare stjernespelar på el Barça, Sándor Kocsis. I tillegg til å spela domino, viste han innimellom sine fotballkunster ved å triksa med ein ball. Såleis vann han gratis øl frå dei andre gjestene.

Eg hadde aldri høyrt om mannen før, men beit meg merke i namnet. Eg fortalte somme eg kjente i Barcelona om opplevinga, men sidan gjekk det heile i gløymeboka ‒ fram til fotball-VM i år.

Det viste seg at Kocsis var ein gudbenåda fotballspelar med strålande teknikk og enorm teft for å scora mål. Mål laga han i hopetal, sjølv om han spelte framskoten midtbane, med nr. 8 på ryggen. I heimlandet Ungarn spelte han for Ferencvaros og Honved. Som spelar i Honved var han toppscorar i Europa både i 1952 og 1954.

I 1952 var han òg med på det ungarske laget som vann OL i Helsingfors med 2‒0 over Jugoslavia i finalen. På det ungarske landslaget laga han 75 mål på dei 68 kampane han spelte, eit snitt som stort sett berre Erling Braut Haaland kjem nær i våre dagar.

Det store året hans var likevel 1954 og VM i Sveits, der han blei toppscorar med til saman 11 mål.

Etter at Sovjet gjekk inn i Ungarn i 1956, fór Sándor Kocsis i vesterveg. Etter eit intermesso i Sveits blei både Kocsis og Zóltan Zsibor frå det ungarske 54-laget overtalte av den store Barça-spelaren på denne tida, László Kubala, om å slutta seg til han i den katalanske klubben.

Slik blei dei tre «Magical Magyars» foreinte i FC Barcelona på slutten av 1950-åra og utgjorde særs vesentlege delar av Barça sitt storlag på denne tida.

Kocsis fornekta seg ikkje og scora alt i debuten i 4‒1-sigeren over Sevilla-laget Betis.

The Magical Magyars var med på å vinna både cupen og ligaen i 1959. I 1961 kom dei til finalen i Europa-cupen. Sjølv om både Kocsis og Zsibor scora i denne kampen, enda kampen med ein overraskande 3‒2-siger til portugisiske Benfica.

Mellom 1958 og 1965 scora Kocsis 166 mål på 241 kampar for FC Barcelona. Han fekk kallenavnet Cap d’or, Gullhovudet, grunna eit enormt dødeleg hovudspel.

Etter den aktive spelarkarrieren grunnla han ein restaurant oppkalla etter kallenamnet, men på fransk, Tête d’Or.

Men Sándor var ikkje budd på eit liv utanfor fotballbana. Litt etter litt gjekk det nedover med han, sjølv om han ein del år prøvde å kombinera fotballen med det nye livet. Ei stund var han med i eit trenarteam i el Barça. I 1972 tok han tilmed fatt på jobben som trenar i Alicante-laget Hercules. Det var året då eg trefte på han på baren i Barcelona. Han blei i Hercules fram til 1974.

Nett det året, 1974, blei Kocsis diagnostisert med både blodkreft og magekreft, og måtte under hard medisinsk behandling. Alle planar om å halda fram med eit vekselbruk mellom trenararbeid og hardt liv, spesielt i helgene, var over og slutt. Alt ramla no saman for mannen som hadde levd og anda for fotballen.

Han hadde ingen ting anna å ta seg til. Fotballen var så å seia sjela hans.

I tillegg til dei fysiske smertene som kreften påførte han, blei han mentalt sjuk og trekte seg heilt inn i seg sjølv.

Slik gjekk det nokre år med ein sjukdom som ein den gongen ikkje kunne kurera. Det blei så ille at delar av venstrefoten måtte amputerast.

Så, den 22. juli 1979, ramla Kocsis ut av eit vindauge i femte etasje på eit lokalt sjukehus i Barcelona. Då han døydde, var han 49 år gamal. Spekulasjonane gjekk om han gjorde sjølvmord. Andre meinte det var ei ulukke. Det var òg dei som sa han bøygde seg for langt ut då han såg kona komma for å gjesta han.

Innlegget var først publisert i BA 26. juni 2026.