Jarle Møen går inn i ekspertutval

jarle møen
Det nye ekspertutvalet skal sjå på kva for verkemiddel som kan fremje sirkulære aktivitetar. NHH-professor Jarle Møen er utnemnd til medlem i utvalet.
Av Sigrid Folkestad

19. mars 2024 11:06

Jarle Møen går inn i ekspertutval

Momsfritak på reparasjonar og brukte varer har vore eit heitt debattemne dei siste åra. No går NHH-professor Jarle Møen inn i utvalet som skal sjå på kutt i moms for gjenbruk.

– Vi lever i eit samfunn som kastar ressursar vi ikkje har råd til å sløse med, sa klimaminister Andreas Bjelland Eriksen då han presenterte regjeringa sin nye handlingsplan for sirkulær økonomi i midten av mars.

Handlingsplanen peikar ut fleire prioriterte område som er viktige for ei meir berekraftig framtid. Frå batteri og køyretøy til emballasje og tekstilar.

Då handlingsplanen blei offentleggjort, kom også nyhenda om at regjeringa opprettar ei eiga ekspertgruppe som skal utgreie verkemiddel for å fremje sirkulære aktivitetar.

Professor og instituttleiar ved Institutt for foretaksøkonomi Jarle Møen er utnemnd til medlem av ekspertgruppa. Han var og medlem i skatteutvalet, som sto bak NOU:2022:20. Vidare deltok han og på ein debatt om akkurat dette temaet på Arendalsuka i fjor:

Ombruk, reparasjon og utleie: Hvordan skal vi få opp farten?

I framtida kan det bli billigare å fikse skoa her

Ekspertgruppa for utgreiing av verkemiddel for å fremje sirkulære aktivitetar skal «sjå på kva for verkemiddel som kan fremje sirkulære aktivitetar for å gje betre utnytting av fornybare og ikkje-fornybare ressursar, berekraftig produksjon og forbruk, og auka verdiskaping. Det inneber å identifisere kva for verkemiddel som er samfunnsøkonomisk lønnsame, og med bakgrunn i dette føreslå eventuelle endringar i dagens verkemiddelbruk».