Kvifor du bør vurdere å kickstarte karrieren i revisjon

Bilde av Daniel Midtbø. Foto: privat
«Rekneskap er the language of business. Viss du ikkje forstår det språket er du out of business». Sitatet kjem frå min førelesar Finn Kinserdal, skriv Daniel Midtbø. Bileta er frå utveksling i Portugal. Foto: privat
NHH Av Daniel Midtbø

12. februar 2024 13:45

Kvifor du bør vurdere å kickstarte karrieren i revisjon

Det finst mange revisjonsmytar der ute. No skal eg forklare kvifor du også bør sjå forbi mytane og vurdere revisoryrket som ein kickstart på din karriere!

Har du høyrt dette før? Revisjon er kjedeleg og tørt. Revisorar er stive, inneslutta og lite interessante. Dei sit berre på kontoret og kontrollerer tal heile dagen. Som nyutdanna har eg valt å starte karrieren i nettopp revisjon.

Les meir om du vil bli positivt overraska. 

Sosialt og tett på samfunnsutviklinga

Det er nok sant at du som revisor bør vere over gjennomsnittet glad i tal. Samstundes består yrket av langt meir enn å berre kontrollere tal. Som revisor vil du også vere mykje ute hos kundar og møte menneske i mange ulike bransjar. Revisjon er også tett på samfunnsutviklinga. Digitalisering og nye krav til berekraftsrapportering, har ført til at revisorar i dag jobbar på ein heilt anna måte enn tidlegare.  

Stort behov = moglegheit for god løn

Revisjonsbransjen er i kraftig vekst og har eit stort behov for dei som er nyutdanna. Dei fem store revisjonsselskapa i Noreg, Deloitte, EY, PwC, KPMG og BDO, varsla i 2022 eit behov for over 5000 nye tilsettingar av revisorar dei neste fem åra. Sterkt etterspurde revisortenester betyr moglegheiter for god løn. Det er ikkje til å stikke under ein stol at løn i dag spelar ein svært sentral rolle for val av yrkesretning for mange – meg sjølv inkludert. 

Rekneskap = «the language of business»

«Rekneskap er the language of business. Viss du ikkje forstår det språket er du out of business». Sitatet kjem frå min førelesar i faget regnskapsanalyse (ACC420N), førsteamanuensis og tidlegare partner i EY og Arthur Andersen, Finn Kinserdal. Å kunne lese og forstå rekneskap representerer ein nyttig ferdigheit som alle selskap treng, som igjen betyr at du er svært verdifull om du har denne kompetansen.

Tre bilder tatt av Daniel Midtbø på utveksling i Portugal. Foto: privat
Mange av Noreg sine leiande næringslivstoppar har starta karrieren sin nettopp i revisjonsbransjen, skriv Midtbø. Bileta er frå utveksling i Portugal og eit besøk til Sahara-ørkenen. Foto: privat

Relevant om du ønskjer å gå leiarvegen

Mange av Noreg sine leiande næringslivstoppar har starta karrieren sin nettopp i revisjonsbransjen; konsernsjef i Norsk Hydro, Hilde Merete Aasheim, konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim og konsernsjef i Storebrand, Odd Arild Grefstad, er alle døme på dette. Revisorar jobbar ofte direkte med toppleiing og får bli med inn i styrerommet. Dette er viktig erfaring som ein kan ta med seg vidare på vegen til leiarstilling. 

Du kan få økonomisk støtte til utdanning frå arbeidsgjevar

Mange av dei store revisjonsselskapa tilbyr i dag økonomisk støtte til mastergrad i rekneskap og revisjon (MRR). Sjølv har eg fått fulltidsjobb i Deloitte i Oslo og stipend til 1-årig MRR ved NHH. Det er kompetansemessig gunstig for selskapet og økonomisk gunstig for deg som student. Ein vinn-vinn-situasjon! 

NHH-utdanning gir mange valmoglegheiter

Etter endt utdanning på NHH har du mange karrieremoglegheiter. Du kan mellom anna jobbe innanfor finans, konsulentverksemd, revisjon og marknadsføring. Lista er lang. Til sjuande og sist er det ditt val, og mitt tips til deg er å basere valet ditt på det som gjer deg engasjert. Kanskje er det enkelte typar fag som gjev deg stor meistringskjensle og som gjer at du raskt går inn i «flow state»?   

Vel det som kjennest riktig for akkurat deg. Husk: det er berre død fisk som flyt med straumen! 

Innlegget blei fyrst publisert på NHH sin blogg 8. februar 2024