Olympiske ideal og realitetar

Fredag denne veka opnar dei olympiske leikar i Kina. Seremonien går føre seg i «Fugleredet» i Beijing. Foto: flickr
Fredag denne veka opnar dei olympiske leikar i Kina. Seremonien går føre seg i «Fugleredet» i Beijing. Foto: flickr
Innlegg

4. februar 2022 09:46

Olympiske ideal og realitetar

I dagens debattar om sportsvasking viser somme til dei olympiske ideala, som mellom anna skal verka for harmoni i samfunnet og for internasjonal fred og fordragelegheit, skriv Johannes Nymark i Dag og Tid.

I ei tid då den internasjonale situasjonen er spent og vi står framom vinter-OL i Beijing og fotball-VM i Qatar, kan det vera nyttig å sjå litt på dei olympiske leikane si historie.
1930-talet var prega av bitter klassekamp.

I Spania tok den 2. republikken i 1931 over etter at kong Alfons XIII reiste i eksil. 1931 var òg året då Berlin blei tildelt sommar-OL for 1936. 43 representantar røysta for Berlin, 16 for Barcelona.

Dette var ein periode då ytre høgre bana seg veg gjennom fascistorienterte rørsler: Mussolini i Italia frå 1922, Portugal med Salazar frå 1926 og Hitler med sitt naziparti frå 1933. Spania slutta seg til desse røynslene under diktaturet til Miguel Primo de Rivera (1923-1929). Den internasjonale arbeidarrørsla og nokre demokrati forstod faren og organiserte motstand.

I fleire land var idrettsrørsla sentral i kampen for ei betre folkehelse og for å fremja kvinneidrett og breiddeidrett. Etter den første verdskrigen fekk idretten eit sterkt politisk tilsnitt, nasjonalt fordi idrettsfolk blei nytta som streikebrytarar i arbeidskonfliktar, og internasjonalt fordi arbeidarrørsla for all del ville unngå at arbeidar stod mot arbeidar i krig. Ein annan grunn til at arbeidarungdom laga eigne arrangement, var at dei ofte blei haldne utanfor den organiserte borgarlege idretten.

Her til lands organiserte Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) ved krigsutbrotet i 1940 så mange som 100.000 personar, og det blei arrangert internasjonale stemne som motvekt mot den «borgarlege» idretten.

I 1928 blei det til dømes arrangert ein internasjonal vinterspartakiade i Oslo.

Dette var bakteppet då ein bestemte seg for å avvikla ein folkeolympiade i Barcelona i juli 1936, som alternativ til det propagandashowet ein visste Hitler førebudde i Berlin. 22 land, også ikkje-statlege, hadde meldt seg på til Barcelona-OL, med til saman rundt 2000 utøvarar. For Tyskland og Italia var det utøvarar i eksil som stilte.

Noreg sende ein tropp på 35. Den seinare helsedirektøren gjennom ein mannsalder, Karl Evang, var saman med den seinare sportssjefen Rolf Hofmo dei som for ettertida er mest kjende av dei norske deltakarane.

Folkeolympiaden i Barcelona skulle ta til 19. juli, men dagen før sette Francisco Franco sine troppar over Gibraltar-sundet frå spansk Marokko. Åtaket på den demokratiske spanske republikken var i gang. Arrangørane av folkeolympiaden forstod at her kom det ein ny framstøyt frå det internasjonale ytre høgre, og avlyste olympiaden. I staden blei dei som følte seg i stand til det, oppmoda om å slutta seg til dei folkemilitsane som blei oppretta for å forsvara folkefrontregjeringa.

Den venstreorienterte Folkefronten var kommen til makta gjennom val fem månader tidlegare. Spesielt tyskarar og italienarar - på flukt som dei var frå nazisme og fascisme - slutta heilhjarta opp om initiativet.

Trøndaren Rolf Eriksen var mellom dei som lét seg rekruttera. Eriksen var ein ung, lovande diskoskastar som hadde vunne sølv i arbeidarolympiaden i Wien i 1934. Han døydde med store skadar i eit lasarett i Valencia 16. august 1938. Den ideologiske overtydinga var sterk den gongen, også i unge sinn, og fleire av dei som hadde reist til Barcelona-OL, kom sidan med i heimleg norsk motstandsrørsle under den andre verdskrigen.

I 1936 hjelpte det ikkje at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) var sterk motstandar av folkeolympiaden, og rådde til at ein samla seg om det nazifiserte Berlin-OL.
Dei landa som mest konsekvent boikotta Berlin-OL, ser ut til å ha vore Sovjet og Spania.

Noverande OL-president Thomas Bach hevdar at ein aldri har oppnådd noko ved OL-boikott, men å komma med markeringar ved store idrettsarrangement gir ofte uttrykk for konfliktar i den nasjonale og internasjonale politiske situasjonen. Under den kalde krigen, og som eit resultat av at Sovjet gjekk inn i Afghanistan i 1979, blei sommar-OL i Moskva i 1980 boikotta av 65 land, også Noreg, sjølv om berre USA, Japan og Vest-Tyskland heldt seg unna av dei store landa. Storbritannia, Frankrike og Italia slutta seg ikkje til boikotten. Som eit mottiltak boikotta 14 austblokkland OL i Los Angeles fire år seinare, mellom dei idrettsstormakter som Sovjetunionen og Aust-Tyskland.

Å avvikla alternative olympiske leikar er eit sterkt verkemiddel, og noko som knapt nok lèt seg gjera i dag på grunn av kostnadane og korrupsjonen ein ser ved desse gigantomaniarrangementa. Arbeidarrørsla forstod den fascistiske faren på 1930-talet og ønskte å arrangera eit eige OL for fred og fridom. Oppslutninga om Berlin-OL syner at dei fleste demokratia tok lett på Nazi-Tyskland, tre år etter at Hitler kom til makta og tre år før den andre verdskrigen tok til.

Også i dag er ytre høgre på sterk frammarsj, samstundes som intoleranse og autoritære tendensar rår i relasjonar mellom folk og land.

Kronikken var publisert i Dag og Tid 4. februar 2022.