Krigen i Ukraina

Øystein Thøgersen, foto Hans Jørgen brun
– Vi er bekymra over følgjene krigen i Ukraina vil få for sivilsamfunn og enkeltmenneske. Vi har den djupaste medkjensla for dei som er berørte av krigshandlingane. Våre tankar går nå spesielt til ukrainske kollegaer og studentar, seier rektor Øystein Thøgersen.
NHH Av Ingunn Gjærde

28. februar 2022 14:16

Krigen i Ukraina

– Våre tankar går til det ukrainske folk, seier rektor Øystein Thøgersen. Han kan fortelje at NHH ikkje har nokon studentar på utveksling dette semesteret i Ukraina eller Russland.

– Vi er bekymra over følgjene krigen i Ukraina vil få for sivilsamfunn og enkeltmenneske. Vi har den djupaste medkjensla for dei som er berørte av krigshandlingane. Våre tankar går nå spesielt til ukrainske kollegaer og studentar, seier rektor Øystein Thøgersen.  

Det er ingen studentar frå NHH som er på utveksling i Ukraina eller Russland, men NHH har fleire tilsette og studentar på campus som kjem frå Ukraina og Russland.

– Bileta som vi ser frå Ukraina er skremmande, og vi kjem til å følgje opp våre berørte studentar og tilsette som har behov for det i tida som kjem, seier Thøgersen.

Er du student og treng nokon å prate med?