Frode Sættem ny prorektor for fagressursar

Øystein Thøgersen og Frode Sættem i 2011. Arkivfoto: Hallvard Lyssand
Frode Sættem (t.v.) er tilsett som prorektor for fagressursar ved NHH og tiltrer 1. august. Biletet er frå 2011 då noverande rektor Øystein Thøgersen og Sættem var instituttleiarar på høvesvis Institutt for samfunnsøkonomi og Institutt for foretaksøkonomi ved NHH. Arkivfoto
Av Red.

29. juni 2021 16:00

Frode Sættem ny prorektor for fagressursar

Professor Frode Sættem er tilsett i stillinga som prorektor for fagressursar ved NHH.

– Når styret no har vedteke å tilsetja Frode Sættem som prorektor fagressursar, har vi ei komplett og meget solid leiargruppe. NHH har gode erfaringar med å tilordne ansvaret for fagressursar til ein dedikert prorektor, og Frode har det aller beste kompetansegrunnlaget for å gå inn i denne stillinga, sier rektor Øystein Thøgersen.

Frode Sættem er siviløkonom frå NHH i 1984 og tok doktorgrad i 1990. Han vart professor i 2004.

I tillegg til forskning og undervisning innan finansiell økonomi, har Sættem hatt ei rekkje verv ved høgskulen og ved SNF. Han var insituttleiar ved Institutt for foretaksøkonomi frå 2010 til 2017. I perioden 2018 – 2021 var han medlem av styret og har vore styreleiar for høgskulens fond og legat sidan 2020. Han var i mange år leiar av Senter for finansiell økonomi ved SNF og er for tida leier av fagrådet ved NHHE.

Som prorektor for fagressursar i 60% stilling får Sættem eit særlig ansvar for å videreutvikle høgskulens strategiar og aktivitetar knytta til rekruttering og oppfølging av faglege medarbeidarar.

– NHH har særdeles mange dyktige faglege medarbeidara som bidreg med forskning, undervisning og formidling. Vi tiltrekkjer oss talentfulle og ambisiøse norske og utenlandske forskarar og utgjer eit spanande fagmiljø. Eg ser fram til å vere med i høgskulens leiing for å videreutvikle dette fagmiljøet, seier Sættem.

Sættem vart nyleg attvald til styret for ein ny fireårsperiode, men grunna kallinga til prorektorstillinga, vert han ikkje styremedlem. 1. varamedlem, professor Katarina Kaarbøe, rykkjer opp og vert fast medlem når det nye styret tiltrer frå 1. august 2021.

NHHs rektor Øystein Thøgersen (i midten) får to nye prorektorer inn i sin ledergruppen. Malin Arve, førsteamanuensis ved Institutt for foretaksøkonomi og nåværende prorektor for utdanning, og Stig Tenold, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, ble ansatt som prorektorer i styremøtet ved NHH i dag. Foto: Odd Mehus

To nye prorektorer ansatt ved NHH

Rektor Øystein Thøgersen får to nye prorektorer inn i sin ledergruppe. Førsteamanuensis Malin Arve blir prorektor for forskning. Professor Stig Tenold blir prorektor for utdanning.