To NHH-forskarar skal bidra på EU-program

Bilde av EU-flagg, Aksel Mjøs og Alexander W. Cappelen
HORISONT EUROPA: – Det er ei spennande og utfordrande oppgåve å kunne gi innspel til verdas største forskingsprogram, seier NHH-professor Alexander W. Cappelen (t.h.). Saman med førsteamanuensis Aksel Mjøs inngår han i dei nasjonale referansegruppene for Horisont Europa. Foto: Helge Skodvin / Unsplash v. Lukas
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

3. juli 2020 09:58

To NHH-forskarar skal bidra på EU-program

Alexander W. Cappelen og Aksel Mjøs er blant medlemmene i referansegruppene for EU sitt nye forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa.

Interessa var stor då Forskningsrådet og Innovasjon Norge inviterte til innspel til deltakarar. Av nærmare 1400 interesserte har dei plukka ut 222 medlemmer til å delta i referansegruppene. Det skriv Forskningsrådet i ei pressemelding.

I alt ti slike grupper skal komme med innspel knytt til Noreg sine prioriteringar, strategiske prosesser og oppfølginga av Horisont Europa, som er EU sitt neste, sjuårige rammeprogram. Dette er verdens største program som finansierer forsking og innovasjon, med oppstart i 2021 og eit budsjett på nærmare 1000 milliardar kroner.

Les heile pressemeldinga

– næringspolitikk på steroidAr

Professor Alexander W. Cappelen inngår i referansegruppe for kultur, kreativitet og inkluderande samfunn, mens førsteamanuensis Aksel Mjøs inngår i nasjonal referansegruppe for det europeiske innovasjonsrådet (EIC) og økosystem for innovasjon.

– Det er ei spennande og utfordrande oppgåve å kunne gi innspel til verdas største forskingsprogram. Eg håpar også å kunne bidra til at NHH-miljøet får betre informasjon om utlysingar og satsingar i Horisont Europa, seier Cappelen.

Mjøs fortel at han håpar å kunna bidra med både relevant finansfagleg kompetanse frå forsking og praksis, men òg ut frå forståing av utfordringane knytt til kapitaltilgang til innovative vekstbedrifter.

– Det europeiske innovasjonsrådet er EU-kommisjonen, men og Noreg, sitt mest ambisiøse program for å finansiera og utvikla nye vekstselskap som skapar, endrar og utvider marknadar. Programmet har stor skala og er svært ambisiøst i korleis, og med kor mykje, dei støttar dei selskapa dei satsar på. Dette er næringspolitikk på steroidar og eit megaeksperiment som er svært spennande å verta involvert i, seier Mjøs.

Horisont Europa

  • Horisont Europa er EU sitt niande rammeprogram for forsking og innovasjon. Oppstart 1. januar 2021. 
  • Dei norske referansegruppene skal sikre at nasjonale strategiar, konkurransearena og utlysingar heng godt saman. Dei skal òg bidra til at norske aktørar får betre informasjon om utlysingar og satsingar i Horisont Europa.
  • Medlemmene blir valt for to år, med moglegheit for gjenoppnemning.

Kjelde: Forskningsrådet

Topp kvalifiserte deltakarar

Kristin Danielsen, områdedirektør for internasjonalisering i Forskningsrådet, seier i pressemeldinga at det kom innspel til svært mange gode og relevante kandidatar.

– Vi er glad for den store interessa og det har vore mange omsyn å balansere for å sette saman referansegruppene. Vårt mål har vore å få ein balansert representasjon som tar omsyn til næringsliv og offentleg sektor i tillegg til forskings- og innovasjonsmiljøa, dernest fagområda, institusjonar, geografi og kjønn for å nemne noko.