På sundag gir dei fleste opp

svømmer
Viss me set mål som er eit stykke unna der me er no, og trur me kan endra alt over natta, har me i praksis lagt til rette for eit nederlag. Ein viktig del av arbeidet mot eit mål, er å leggja planar som gir rom for nokre nederlag på vegen. Foto: Jim De Ramos (Pexels)
Innlegg Av Anne Karen Guro Hadland, forskningsassistent Fair Insight Team

18. januar 2020 14:31

På sundag gir dei fleste opp

Den såkalla «Quitter’s Day» er dagen då du mest sannsynleg gir opp årets nyttårsforsett. Tal syner at i år blir det sundag 19. januar.

Anne Karen Guro Hadland, forskningsassistent, Fair Insight Team, NHH.
Anne Karen Guro Hadland, forskningsassistent, Fair Insight Team, NHH.

Datoen er utrekna ved hjelp av data frå treningsappen Strava. Kan forsking frå åtferdsøkonomi og psykologi gi oss dei teknikkane me treng for å kome oss heilskinna gjennom helga?

Like tradisjonstru som at Sølvguttene syng jula inn, er våre mål om eit nytt og betre liv i det nye året. Me skal koma i form, vera snillare med familie og vener, kanskje ta meir initiativ, læra noko nytt, gjerne finna ny jobb, absolutt få det ryddig heime, med alle dingsane som det er viktig å ha for å leva eit godt liv.

Me forpliktar oss til månadsvis med trening på treningssenter, sjølv om me knapt veit kva me skal gjera på ein ellipsemaskin, og me nyttar høvet til å oppdatera det meste av utstyr og klede på januarsalet. Nå er det både eit nytt år og eit nytt tiår, tenk på kor nytt det er, kor mykje betre alt skal verta!

Same prosedyre som kvart år. Eit stykke uti januar kjem avisartiklane om januareffekten på treningssentera, at folk startar ivrig for så å forsvinna. Det skjer kvart år.

Nokre kjem tilbake for eit skippertak før sommaren, andre har overgitt seg til sofaen. Det kjem nokre artiklar om «Slik lykkes du med nyttårsforsettene», med smilande ekspertar som seier det berre handlar om å koma over dørstokken og få det gjort.

En dult i riktig retning?

Kan nudging bli løsningen på vår tids store utfordringer som økonomisk ulikhet og klimaendringer?

Så sit me der i sofaen, dørstokken er minst like høg og heimen like rotete. Kva feiler det oss som ikkje klarer nå måla våre? Er ikkje ønsket sterkt nok? Ja, for me klarer det vel, viss me berre vil?

Det er ikkje noko feil med oss. Den største feilen ligg i ei altfor sterk tru på at viljen er avgjerande. Forsking frå USA viser at di sterkare ønsket om å gjera noko er, dess viktigare er det med ein konkret og gjennomførbar plan. Det kan vera god startkraft i ein sterk intensjon om eit nytt og betre liv, men det er diverre ikkje nok til å få deg i mål.

På same måten som det er fint med eit kraftig fråspark viss du skal symja 1000 meter, er det til lite nytte når du har 900 meter igjen. Til skilnad frå symjehallen har kvardagen eit rikt utval av dårlege dagar og andre unntakstilstandar, og det er her den konkrete planen kan vera til hjelp.

Det finst eit hav av spennande forsking på målsetjing og planlegging, frå psykologi til åtferdsøkonomi. Hallgeir Sjåstad, psykolog og forskar ved FAIR Insight Team, NHH, har forska på planlegging og sjølvkontroll. Viss me prøver å endra alt på ein dag og ikkje får det til, vil dei fleste av oss gi opp og tenkja at det uansett ikkje nyttar, at me ikkje kan klara det, og så går me tilbake til gamle vanar.

Det vert som med reven og druene i Æsops fabel. Då reven ikkje nådde opp til dei søte druene, gav han opp og sa «høgt heng dei, og sure er dei».

Vert måla våre til sure druer? Når me ikkje klarer måla våre om å trena tre gonger i veka, eller spara nokre hundrelappar ekstra kvar månad, er det forståeleg at me gjer som reven, og nedvurderer det me prøvde på.

Alternativet vert å nedvurdera oss sjølve, og det vil me helst unngå.

Viss me set mål som er eit stykke unna der me er no, og trur me kan endra alt over natta, har me i praksis lagt til rette for eit nederlag. Ein viktig del av arbeidet mot eit mål, er å leggja planar som gir rom for nokre nederlag på vegen. Då held motivasjonen betre, og me treng ikkje nedvurdera målet eller oss sjølve.

Lykke som universitetsfag

Ved ledende universiteter dukker det nå opp et nytt fenomen: Lykkeforskning har kommet på fagplanen.

Du kan samanlikna det med å klatra opp eit høgt fjell. Det er ikkje nok at du vil til toppen av eit fjell, du må ha ein plan. Kva for eit fjell vil du til toppen av? Kva treng du? Kva tid skal du gjera det? Og når du står litt over halvvegs, i ei sidelengs regnbye, og forbannar alt som finst av fjell og gode idear, treng du å vita kvifor du ville opp dette fjellet, kvifor dette er viktig for deg.

Fjella i kvardagen. Eit nytt og betre liv har mykje til felles med å koma til toppen av fjellet. Me kan berre ta eitt steg om gongen, og me kan ikkje starta andre stader enn der me er.

Å setja seg mål er ein god start. For å nå målet, må me vita kva me skal gjera. Dette kan vera den vanskelegaste delen, fordi det krev at me har både sjølvinnsikt og sjølvkontroll. Me må vera ærlege om kva som er realistisk å få gjort, og me må ha sjølvkontroll til å følgja planen, sjølv om me er slitne og helst vil gjera det som er lettast.

Viss me tek oss tid til å tenkja gjennom korleis me skal nå målet vårt, og til å vurdera kva som kan vera hindringar på vegen, kan me lettare få realistiske forventningar. Sjølvkontrollen som trengst, ligg i å kopla notida saman med framtida. Forsking viser at det er viktig å skriva ned mål og planar, for å gjera det enklare å hugsa kva me vil gjera.

Slik vert planen ei påminning om at det du gjer i dag, er viktig for det du ønskjer i framtida.

Tren deg smart

Er man smart fordi man trener, eller trener man fordi man er smart? Et nytt felteksperiment viser at trening forbedrer studenters akademiske prestasjoner.

Avstanden mellom framtida me ønskjer oss og notida me ikkje trivst med, kan vera overveldande. Det er lett å seia som reven, og slå oss til ro med at me har prøvd, at det var utanfor rekkevidd.

Viss me legg lista for høgt, er risikoen stor for at me ikkje klarer det på første forsøk og gir opp. I staden for å gi opp, kan me øva oss på å handtera små og store nederlag, og læra av det som ikkje fungerte.

Det er minst like stas når du klarar å nå målet på femte forsøk som på første. Me kan nå målet om å koma i betre form i 2020, sjølv om det vert nokre lange mellomlandingar i sofaen.

Kronikken var først publisert i Bergens Tidende 17. januar 2020.