Utfordringar for norsk økonomi og næringspolitikk

Røe Isaksen på NHH
– Det er eit banalt faktum at tilgang på kapital er grunnleggjande for alle bedrifter, og at det er viktig for Norge, som er inne i en økonomisk omstilling, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen då han vitja NHH i fjor haust. Foto: Helge Skodvin
NHH Av Sigrid Folkestad

28. januar 2019 14:25

Utfordringar for norsk økonomi og næringspolitikk

Når næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til fagseminar om utfordringar for norsk økonomi framover, er NHH-rektor Øystein Thøgersen ein av tre ekspertar som er inviterte.

Tysdag denne veka inviterer Torbjørn Røe Isaksen til fagseminar. Tittel på seminar er:

Utfordringar for norsk økonomi på kort sikt og kva det betyr for næringspolitikken:

– Når verda rundt oss endrar seg, må politikken også endre seg. Både næringslivet og myndigheiter må møte den aukande usikkerheten som brer om seg over internasjonal handel. Vi må henge med i ein rivande teknologisk og digital utvikling. Vi må møte klimaendringane. Eg ser fram til å diskutere desse utfordringane med flinke folk, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Fagseminaret er for tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet og pressa.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen held innleiing før tre fagekspertar kommenterar: 

Elisabeth Holviksjeføkonom i Sparebank1

Øystein Thøgersen, rektor og professor på NHH

Jon Gunnar Pedersen, partner i Arctic Securities (tidligare statssekretær i Finansdepartmentet)