Kanonane i rettferdsforskinga samla

Tungodden og Cappelen
– Dei vitskaplege artiklane i «The Fairness of Economics», syner at rettferdsmotivet er avgjerande for å forstå menneskelig åtferd i eit bredt spekter av situasjonar og institusjonar, til dømes marknader, forhandlingar og fordelingssituasjonar, seier professor Bertil Tungodden (til venstre). Her saman med medredaktør og professor Alexander W. Cappelen. Arkivfoto: Helge Skodvin
Av Sigrid Folkestad

8. februar 2019 08:37

Kanonane i rettferdsforskinga samla

I ein ny bok, «The Fairness of Economics», presenterer professorane Alexander W. Cappelen og Bertil Tungodden førti av dei viktigaste bidraga til rettferdsforskinga.

Ein stadig vaksande del av faglitteraturen i økonomi har studert korleis rettferdsomsyn former menneskelig åtferd. No har professorane Alexander W. Cappelen og Bertil Tungodden ved FAIR og Institutt for samfunnsøkonomi samla milesteinane i den nye boka «The Economics of Fairness».

Innverknad på faget

Samlinga består av førti sentrale teoretiske og empiriske bidrag, som alle har hatt stor innverknad på faget.  

– Desse artiklane syner at rettferdsmotivet er avgjerande for å forstå menneskelig åtferd i eit bredt spekter av situasjonar og institusjonar, til dømes marknader, forhandlingar og fordelingssituasjonar, seier professor Bertil Tungodden.

Han er direktør ved FAIR (Centre for Experimental Research on Fairness, Inequality and Rationality).

«The Economics of Fairness» inkluderer 40 artiklar, frå 1975 til 2014.

Europeisk superstipend til Tungodden

Professor Bertil Tungodden får Europas mest ettertraktede forskningsmidler, ERC Advanced Grant. Kun én annen norsk forsker får advanced-midler.

Økonomar har opp gjennom historia vore interessert i ideen om rettferd, men frå ulike perspektiv. Denne boka dekker utviklinga i vårt felt sidan 1970-tallet, då økonomar primært fokuserte på den normative ideen om rettferd - kva er eit rettferdig samfunn.

Kahneman og Thaler

– Vi har mellom anna inkludert eit banebrytande bidrag frå nobelprisvinnarane Daniel Kahneman og Richard Thaler, og saman med Jack L. Knetsch, «Fairness as a Constraint on Profit Seeking: Entitlements in the Market» (1986) syner dette den grunnleggjande tydinga av rettferd for å forstå menneskelig åtferd. Dette opna ein ny forskingsagenda i økonomi, seier Tungodden, og legg til:

– Som lesaren vil sjå, så har professor Ernst Fehr vore ein viktig bidragsyter til dette feltet vært Ernst Fehr, som har vist korleis rettferdsmotivasjon er nøkkelen til å forstå samarbeidet i samfunnet, seier FAIR-forskaren.

– Dette ei bok om rettferd, eit av de mest spanande tema i åtferdsøkonomi, og den er langt på overtid, seier professor Uri Gneezy, Universitet i California, som er glad for at dei store kanonane i rettferdsforskinga no er samla.

– Her er alt du trenger å vite for å forstå hvordan økonomer tenker på emnet, seier professor Gneezy.

FAIR-forskinga

Forskarane tilknytta FAIR er også godt representerte i boka.

  • Ingvild Almås, Alexander W. Cappelen, Erik Ø. Sørensen and Bertil Tungodden (2010): «Fairness and the Development of Inequality Acceptance», Science
  • Alexander W. Cappelen, Astri Drange Hole, Erik Ø. Sørensen and Bertil Tungodden (2007): «The Pluralism of Fairness Ideals: An Experimental Approach», American Economic Review
  • Alexander W. Cappelen, Tom Eichele, Kenneth Hugdahl, Karsten Specht, Erik Ø. Sørensen and Bertil Tungodden (2014): «Equity Theory and Fair Inequality: A Neuroeconomic Study», Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS)

Aksepterer økte forskjeller

Forskjellene mellom folk i USA har aldri vært større. De rikeste blir stadig rikere. Amerikanere aksepterer disse ulikhetene langt på vei, noe som kan forklare Trump-seieren, ifølge NHH-forskere.