NHH har ny eksistenserklæring

NHH Av Astri Inga Kamsvåg

2. desember 2019 15:20

NHH har ny eksistenserklæring

– «Saman for berekraftig verdiskaping» fangar essensen i verksemda vår på ein konsis og fengande måte, seier rektor Øystein Thøgersen.

NHH si nye eksistenserklæring er resultatet av ein intern prosess der tilsette, studentar og styre har vore involvert.

Ei lang liste over forslag blei korta inn til fire alternative erklæringar som dei tilsette stemte over tidlegare i haust.

Den nye eksistenserklæringa får tydeleg fram NHHs nære og omfattande interaksjon med verda rundt seg – med næringsliv og samfunnsinstitusjonar. Fagleg substans og relevans preger både studieprogram, forsking og formidling.

– «Saman for berekraftig verdiskaping» fangar essensen i verksemda vår på ein konsis og fengande måte, seier rektor Øystein Thøgersen.

tilsette tar eigarskap

Studentar og tilsette på NHH er no i gong med å ta eigarskap til den nye eksistenserklæringa. Målet er at stadig fleire hugsar erklæringa og kan gjengi ho.

Sidan NHH har mange tilsette frå utlandet, finst ikkje eksistenserklæringa berre på norsk og engelsk: 14 tilsette har tatt utfordringa om å omsetje eksistenserklæringa til sitt eige morsmål. Sjå video øvst i saka. 

Les også:

9.5 millioner til bærekraftprosjekt

NHH og HINN får millionstøtte til nytt miljøprosjekt. – Forskningen skal bidra til at vi kutter plast, øker resirkuleringen og at vi spiser mer miljøvennlig mat, sier NHH-forsker.

Berekraft i strategien

I NHHs strategi for 2018 til 2021 står dette om berekraft: 

  • NHH skal vere ei drivkraft for nærings- og samfunnsutvikling og utdanne menneske for verdiskaping og berekraftig utvikling.
  • NHH skal være ein leiande internasjonal handelshøgskule som viser veg i utvikling og formidling av kunnskap og kompetanse.
  • NHHs verksemd skal støtte opp om FNs 17 globale bærekraftsmål. Forskning, utdanning og samspill med samfunns- og næringsliv skal bidra til økt innsikt om korleis måla kan realiserast og til oppmerksomhet om vårt felles ansvar for å gjere dei nødvendige vala. 

Les også:

NHH går i samarbeid med Norsk klimastiftelse

NHH skal bidra til mer faktabasert formidling om klimaendringer og energiomstilling. Nå går høyskolen inn i et samarbeid med Norsk klimastiftelse.