Iselin Nybø deltek på velkomstveka

NHH-rektor Øystein Thøgersen, prorektor Therese E. Sverdrup, statsråd Iselin Nybø og statssekretær Rebekka Borsch, som for øvrig var hovedtaler på NHH si immatrikulering måndag. Arkivfoto: Helge Skodvin
NHH-rektor Øystein Thøgersen, prorektor Therese E. Sverdrup, statsråd Iselin Nybø og statssekretær Rebekka Borsch, som for øvrig var hovudtalar på NHH si immatrikulering måndag. Arkivfoto: Helge Skodvin
Av Sigrid Folkestad

14. august 2019 09:56

Iselin Nybø deltek på velkomstveka

I dag kjem forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) til NHH.

Velkomstveka, eller Fadderveka, er særs viktig for dei nye studentane ved NHH. Leiinga ved Noregs handelshøgskole introduserte i fjor ei rekkje nye tiltak for å ta imot dei nye studentane. Felles frukostar, arbeid med caseoppgåver i grupper, og eigne mentorar henta frå NHH sine alumni.

Ga minister råd om utveksling

NHH er best på utveksling i Noreg og heile 59 prosent reiser ut. – Eg er imponert over handelshøgskulen og kva dei har fått til, sa statsråd Iselin Nybø.

I dag vitjar statsråd Iselin Nybø NHH, og får med seg fleire aktivitetar. I ei pressemelding frå departementet hennar heiter det at Nybø meiner det er viktig med aktivitetar som også introduserer studentane for den faglege delen av studiestarten.

Ho understrekar også at det er viktig at det ikkje berre er fest og fyll som dominerer når ein skal inkludere nye studentar. Dei siste åra har det vore mykje fokus på at fadderveka har blitt dominert av alkohol og at mange studentar har hatt utrivelege opplevingar. Fleire utdanningsinstitusjonar har no teke grep. Ved NHH i Bergen er det blant anna inngått eit samarbeid om felles køyrereglar for fadderveka.

Tok imot statsråden

Onsdag denne uken ble statsråd Iselin Nybø (V) ønsket velkommen til NHH av rektor Øystein Thøgersen og prorektor Therese E. Sverdrup.

Statsråd Nybø får no delteke på nokre av aktivitetane og møter  nye studentar.

Program på NHH: 

13:00 Ankomst NHH,  Helleveien 30, Bergen
13:05 – 13:25 Dialog Øystein Thøgersen, prorektorane Linda Nøstbakken og Therese E. Sverdrup samt Kasper Lie Asdal, leier for NHH si studentforeining, og førstekullist Emilia Hilt i samtale med Nybø.
13:30 – 13:55 Arbeid med case NHH introdusere case-metoden for dei nye studentane og gir dei innblikk i korleis det er å diskutere fag. Malin Arve og fire andre NHH-forskarar er til stades for å hjelpe studentane og evt. svare på spørsmål frå Nybø.
14:00 – 14:30 Sosialt opplegg med studentane «Kjellarleikane» er eit slags rebusløp der fleire av interessegruppene i studentforeininga organiserer leikar og konkurransar, slik at dei nye studentane kan bli kjende med gruppene og kvarandre i ein sosial og underhaldande samanheng – utan alkohol.