– Shippingnæringa er rusta for framtida

Bilde av shippingbåt og NHH-forskar Roar Os Ådland.
Tema for shippingkonferansen, «LeaderShip 2019», er framtida til den mæritime næringa, og korleis endra internasjonale spelereglar påverkar norsk shipping. – Den bergenske maritime klynga står godt rusta til å møte desse utfordringane gjennom økt samarbeid på tvers av selskap, og med NHH som ein sterk pådrivar, seier Roar Ås Ådland ved NHH. Foto: Pexels v. Ranjith Ar.
Av Ingrid Aarseth Johannessen

11. april 2019 10:53

– Shippingnæringa er rusta for framtida

24. april samlast den maritime næringa for å diskutere korleis Bergen skal posisjonere seg, utfordre og skape ny teknologi. – Relasjonsbygging og kreativitet blir desto viktigare, seier NHH-forskar.

Shippingkonferansen «LeaderShip 2019» er ein årleg konferanse som NHH arrangerer i samarbeid med Maritime Bergen, Bergens Rederiforening, WISTA Norway og Ship Young. Tema for i år er kva slags framtid næringa har, og korleis dei internasjonale spelereglane påverkar norsk shipping. NHH-rektor Øystein Thøgersen innleiar konferansen.

– Det er både naturleg og faglig spennande for meg å delta på denne arenaen. Bergen er Noregs shippinghovudstad, og NHH har i alle år levert forsking på norsk shipping- og verfthistorie og hatt ulike formar for samarbeid med bransjen, seier Thøgersen.

NHH har blant anna avtale med Bergens Rederiforening, som finansierar professoratet til Roar Os Ådland ved Senter for shipping og logistikk.

– Aktiviteten rundt dette senteret bidrar tungt til at interessa for skipsfart blomstrar på NHH, seier rektoren.

– Tar i bruk sofistikert teknologi og kunstig intelligens

På konferansen deltar professor Christine Meyer og Ådland frå NHH i debatt om korleis Bergen skal vinne den globale konkurransen. Ådland meiner shippingnæringa i aukande grad vil ta i bruk sofistikert teknologi og datadrivne avgjersler, og etter kvart også kunstig intelligens og autonome system.

– Den bergenske maritime klynga står godt rusta til å møte desse utfordringane gjennom økt samarbeid på tvers av selskap, og med NHH som ein sterk pådrivar. Evner som relasjonsbygging og kreativitet blir desto viktigare i åra framover, seier Ådland.

Fortsatt store utfordringar innan offshore

Norges Rederiforbund leverte ny konjunkturrapport i byrjinga av april til statsminister Erna Solberg. Den viser at 2019 ser ut til å bli eit år med økt vekst, med prognose på om lag 240 milliardar kroner på samla omsetning. Den viser også økt optimisme blant reiarlaget sine medlemmar.

Offshore-reiarlaga har fortsatt store utfordringar etter å ha halvert omsetninga i 2014 til 2017 etter oljeprisfallet. Ifølgje Norges Rederiforbund er det ubalanse i inntening mellom oljeselskapa og reiarlaga. Dei etterlyser no berekraftig lønnsemd i heile verdikjeda, og at oljeselskapa må forvente økte kostnadar på skip.

– Når aktivitetsnivået tar seg opp og marknadane strammar seg til på kapasitetssida må oljeselskapa også forvente ein vesentleg auke av ratane på skipsoperasjonar, seier administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Harald Solberg til E24.

Les også:

– Vårt mål er at shipping skal være i tet

– Dere representerer en næring som vet alt om hvor hardt et oljeprisfall kan ramme. Men nå er den verste krisen over, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på NHHs shippingkonferanse i Bergen.

Korleis møte krav om grøne løysingar?

På konferansen deltar også analysesjef for bærekraftig finans i Nordea, Thina Saltvedt, og fagdirektør i Klima- og miljødepartementet, Sveinung Oftedal.

Dei skal problematisere at kundar, investorar og bankar i aukande grad etterspør grøne løysingar og redusert fotavtrykk frå bransjen, og større bevisstgjering på korleis verksemdene påverkar samfunnet. I denne debatten deltar også Statoil og Odfjell. 

I tillegg deltar sjeføkonom i Sparebank1 Markets, Harald Magnus Andreassen, statssekretær i Utanriksdepartementet, Jens Frølich Holte, postdoktor ved senter for shipping og logistikk ved NHH, Julio Goez, og seniorforskar ved SNF innan shippingøkonomi, Haiying Jia.