Telenor til NHH Forum

Konsernsjef i telenor, Sigve Brekke. Foto: Telenor
Telenor er gjestar på årets NHH Forum. Konsernsjef Sigve Brekke er blant dei som bidreg under arrangementet på NHH. Foto: Telenor
NHH Av Hallvard Lyssand

8. oktober 2018 15:00

Telenor til NHH Forum

Telenor med konsernsjef Sigve Brekke i spissen er årets gjestar på NHH Forum. Konferansen har fått tittelen "Innovating across global markets – with integrity".

NHH Forum er ein årleg konferanse der NHH og NHHS inviterer ei større norsk bedrift til å koma for å presentera og diskutera aktuelle utfordringar og utvikling på feltet der selskapet operer.

Årets arrangement finn stad torsdag 18. oktober, og gjesten er Telenor. Konsernet med over 172 millionar kundar i Skandinavia og Asia er del av ein høgst global konkurranse innan mobilkommunikasjon som krev konstant innovasjon.

Samstundes er ansvarleg forretningsverksemd og å bidra til utvikling i samfunna der selskapet operer, grunnleggjande mål for selskapet.

Business, bærekraft og tech talks

Under Aula-delen av NHH Forum stiller konsernsjef Brekke og seks andre bidragsytarar frå Telenor for å snakka om alt frå den overordna forretningsverksemda og bærekraft, til teknologi og innovasjon i spennet frå kunstig intelligens til tinga sitt internett.

Frå NHH bidreg professor Jon Iden frå Institutt for strategi og leiing med kommentarar knytt til digitalisering, innovasjon og teknologi.

Det vert også ein paneldebatt under leiing av professor Inger Stensaker og NHH-student og konferansier Karoline Glad, og med ein introduksjon frå førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen frå NHHs Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap.

I panelet deltek Sigve Brekke, Telenors Head of Sustainability Mai Oldgard og CFO Jørgen Rostrup, saman med Tynes Pedersen. Det vert også opna for spørsmål frå salen.

Etter at det faglege programmet i aulaen er over, held NHH Forum fram i studentkantina i Servicebygget, med stands der studentane kan treffa representantar frå Telenor.

Case-konkurranse

Ei nyvinning i samband med årets NHH Forum er ein case-konkurranse i samarbeid mellom studenforeiningas case-klubb og Telenor.

Sju lag frå NHH har løyst eit case frå selskapet, og under arrangementet i aulaen 18. oktober vert vinnarlaget annonsert.

Les heile programmet for NHH Forum på nhh.no